• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Sagene på Mollandseid, Masfjorden

Sagene på Mollandseid (Svein Nord).

I Mollandsvågen, like ved elva som renn frå Mollandsvatnet og ut i fjorden, ligg to vassdrivne sirkelsager og ei kvern. Dette sag- og kvernbruket har høyrt til gardane Molland, Reknes og Duesund, som saman eig rettane til vassfallet.

I 1723 hadde gardane Molland og Reknes eit kvernhus i sameige. Om det er det same kvernhuset som står her i dag, veit vi ikkje sikkert. I 1804 søkte oppsitjarane på Molland om kongeleg løyve til å driva sag. Denne er no borte; truleg må dette har vore ei oppgangssag. Sirkelsagene, som står her i dag, er truleg frå 1870-åra, men framleis drivne med vasskraft. Sagene i Mollandsvågen låg lagleg til for å skipa skurlast vidare, men strevsamt må det ha vore å få tømmeret fram til saga. I Masfjorden er det gode skogsbygder, og brukarane har hatt gode inntekter av skogen. Ein del skurlast gjekk til Bergen, men mykje vart selt – eller bytt mot fisk – til folk frå Austrheim, Fedje og Gulen. Dette er eit klassisk tema i Nordhordlands næringsøkonomi, heilt sidan mellomalderen: tømmer og stover frå dei indre skogsbygdene i byte mot fisk frå havbygdene. Både stovetømmer og ferdige hus har vore henta i Masfjorden til småbruka på kysten.

Sagbruket og kverna var i bruk til etter den andre verdskrigen.

  • Sag på Mollandseid kring 1950

Sag på Mollandseid kring 1950. (utlånt av John Brun)

  • Skagen, A. K. (1991) Mollandseid Masfjorden: eit kulturminnemiljø: utnytting av ressursar i skog og vatn.