• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Frodige rhododendronplantar i furuskogen.

Frodige rhododendronplantar i furuskogen.   

Kystfuruskogen i Sveio kommune høver spesielt godt for alltidgrøne rhododendron og liknande plantar som ikkje trivst med for mykje frost om vinteren. I Rex Garden finn ein eit eineståande utval av vanlegvis lite herdige rhododendronplantar, særleg slike som har spesielt store blad.

Køyrer ein E39 mellom Bergen og Stavanger, kan Førde i Sunnhordland sjå ut som ein tettstad lik mange andre på denne strekninga: truleg sjarmerande, men etter alt å dømma utan noko som lokkar ein til å leggja inn ein pause her. Og dessutan er det alltid ei ferje ein lyt hasta vidare til, og då er Førde med si 60-kilometers fartsgrense heller å rekna som eit irritasjonsmoment for travle bilkøyrarar. Dette har no endra seg radikalt. Med naturparken Rex Garden som opna i 2014, har Sveio fått ein ny attraksjon. 

Parken er i stor grad prega av rhododendronbuskar av mange slag. Her finn ein òg forklaringa på namnet Rex Garden. Initiativtakaren til parken, Olaf Furre, har gjeve namnet etter ein art med uvanleg store blad, Rhododendron rex. Ulike variantar av denne rhododendronarten er planta i store mengder og utgjer grunnstamma i parken. Forklaringa på parken sitt kongelege namn ligg både i at det latinske ordet ‘rex’ tyder ‘konge’, og i at parken på mange måtar skil seg frå andre naturparkar. Rex Garden inneheld fleire tusen rhododendronplantar fordelt på ca. 200 ulike artar og sortar. Dei fleste av plantane er importerte frå utlandet, fyrst og fremst frå Skottland. Utvalet av rhododendron ber preg av ei spesiell interesse for artar med store blad. Mange av desse er det ikkje lett å få til å veksa i Noreg, ja,  enkelte er til og med rekna for å vera så godt som umogelege å få til. Dei krev ein beskytta veksestad med jamt fuktig jord og utan altfor låge vintertemperaturar. Med åra vert desse storblada rhododendronane mykje større enn dei sortane ein elles treff på i hagane. Dei vil etter kvart få nærast majestetiske dimensjonar, slik at parken i endå større grad vil leva opp til namnet sitt.

Hovuddelen av parken ligg på Lauvneset med utsikt over Førdespollen, i ei temmeleg bratt skråning med naturleg open furuskog. Rex Garden ligg slik til at naturtilhøva er svært gode for at uvanlege plantar skal finna seg godt til rette, men det er ikkje berre rhododendron ein finn her. Det er planta ut staudar, buskar og tre av mange slag, slik som skjermtre (Sciadopitys verticillata) og apeskrekk (Araucaria araucana), og mange fleire vil koma til i åra som kjem. Den naturlege vegetasjonen, kystfuruskogen, gjev eit signal om at dei klimatiske naturtilhøva for at mange rhododendronplantar skal trivast, er til stades i stor mon. I skogbotnen veks det purpurlyng, ein art som høyrer med til dei plantane som stiller store krav til klimaet, og som berre trivst i dei ytre kyststroka på Vestlandet der det er lite frost om vinteren. I tillegg til dette fungerer furutrea som ein slags paraply som gjev plantane vern mot vinterkulde.

I tillegg til plantane inneheld parken ei rekkje treskulpturar laga med motorsag av den lokale trekunstnaren Kenneth Ravn Ottosen. Skulpturane er utan namn, noko som kan setja fantasien i gang og gje ei vitjing i parken ytterlegare ein dimensjon.

  • Turvegen slynger seg gjennom furuskogen mellom rhododendronplantar og treskulpturar.

Turvegen slynger seg gjennom furuskogen mellom rhododendronplantar og treskulpturar.

  • Rhododendron magniflorum høyrer med til dei rhododendronane ein reknar som vanskelege å få til hjå oss. Han trivst godt nær sjøen i furuskogen i Rex Garden.

Rhododendron magniflorum høyrer med til dei rhododendronane ein reknar som vanskelege å få til hjå oss. Han trivst godt nær sjøen i furuskogen i Rex Garden.