• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Hopsfjellet

2. juni 1992 braut det ut ein skogbrann i Sveio. Brannen starta søraust for Hopsfjellet. I kraftig vind spreidde han seg raskt nordover. Husa på andre sida av riksvegen vart truga, men slapp unna. Området, som er lett synleg om lag 5 minutts køyring sørover frå tunnelmunningen til trekantsambandet, vart naturreservat i 1998. Føremålet med vernet er å sikra at utviklinga i plante- og dyrelivet etter brannen kan gå uforstyrra.

I dette naturreservatet kan du få eit innblikk i kampen for tilværet når ein storbrann endrar levekåra for vegetasjonen. Her gjeld det å kjenna si besøkstid. Dei første plantene som vandra inn, blir kalla pionerartar. Dei spreier seg effektivt under gode lysforhold og kan utvikla seg fritt utan konkurranse frå annan vegetasjon. Fleire mose- og soppartar kjem svært tidleg, men dei klarar seg dårleg og forsvinn etter berre eit år eller to. Mange planter vil kunna overleva ein brann fordi røter og jordstenglar ligg godt verna i bakken. Dei må byggja seg opp att etter brannen, men er ikkje avhengige av frø eller sporar for å koma tilbake. Einstape, blåbær, tytebær og røsslyng er døme på artar som overlevde i jorda mange stader på Hopsfjellet. Røsslyngen har dessutan spreidd seg effektivt ved å produsera store mengder frø, og dette no den vanlegaste planta på brannfeltet etter brannen.

På det nedbørsrike Vestlandet er skogbrannar langt sjeldnare enn til dømes på Austlandet, fordi det her tek mykje lengre tid før det blir tørt nok på bakken. Om forholda ein sjeldan gong skulle liggja til rette for det, vil skogbrannar på Vestlandet kunna bli svært intense, fordi det mange stader har hopa seg opp mykje humus (daudt organisk materiale). Dessutan inneheld vegetasjonen ofte mykje grovvaksen lyng og einer, som spreier brannen effektivt både på bakken og oppover langs stammene. Det er først og fremst furuskogane som er utsette for brann, sidan dei er opne og er dominerte av artar som toler mykje tørke, særleg lyng og mose. Men den tjukke borken vernar furutrea, og mange overlever så sant trekrona ikkje tek fyr.

Brannen i furuskogen på Hopsfjellet starta i ein tørr og varm periode og var svært intens. Det brann ikkje like mykje overalt, og det stod att parti som fekk mindre skade. I dag er det ny skog på brannflata, mest furuskog, men òg mindre parti med lauvskog av bjørk, selje, øyrevier og noko osp. Fråværet av einer er tydeleg og vil i fleire tiår skilja skogen på Hopsfjellet frå annan furuskog. Dei utbrende trea vil i lang tid vera synlege i landskapet som borklause, gråkvite minnesmerke. Nokre av trea vil stå att oppreiste, andre vil liggja på bakken og kanskje vera dekte av sopp og mose.

  • Pterostichus quadrifoveolatus

Med nase for brannfelt

På same vis som det mellom plantene finst brannspesialistar som etablerer seg først etter ein skogbrann, finst det dyr – særleg insekt – som er avhengige av brannar for å overleva.

 

Somme biller leitar seg fram til brannfelta ved hjelp av sanseorgan som kan registrera infraraude strålar! Fleire skogbrannspesialiserte insekt har vore påvist ved Hopsfjellet etter brannen. Døme er løpebilla Pterostichus quadrifovelatus (arten har ikkje norsk namn) og trebastbilla. Med tida vil truleg slike artar forsvinne att, kanskje har dei allereie gjort det.

 

Mellom fuglane er endringane etter som tida går, lettare å registrera. Typiske artar på eit tidleg stadium etter ein skogbrann er gulsporv, trepiplerke og raudvengtrast, og hakkespettar finn lett fram til den maten som måtte finnast på avsvidde trestammer.

Tre månadar etter brannen er det lite vegetasjon på brannflata.

Biletserie frå brannfeltet: Tre månadar etter brannen er det lite vegetasjon på brannflata. (Bjørn Moe)

Pionervegetasjonen eitt år etter brannen er dominert av mosar.

Biletserie frå brannfeltet: Pionervegetasjonen eitt år etter brannen er dominert av mosar. (Bjørn Moe)

Sju år etter brannen er det mykje røsslyng i området, og ny furu veks opp.)

Biletserie frå brannfeltet: Sju år etter brannen er det mykje røsslyng i området, og ny furu veks opp. (Bjørn Moe)

  • Bleken, E.; Mysterud, I.; Mysterud, I. (red.). 1997. Skogbrann og miljøforvaltning: En utredning om skogbrann som økologisk faktor. Direktoratet for brann- og eksplosjonsvern og Biologisk institutt, Universitetet i Oslo.
  • Moe, B. 2001. Vegetasjonsutviklingen etter skogbrannen på Hopsfjellet, Sveio kommune i perioden 1992–1999. Fylkesmannen i Hordaland. MVA-rapp.3–2001.
  • Thunes, K. H. 1993. Billefaunaen i brent skog, en faunistisk undersøkelse fra brannfeltet i Sveio. Zool. Mus., UiB,Rapp. terrestrisk økologi. 21 s.