• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Kyrkjegard, Leirvåg

Kyrkjegard, Leirvåg (Svein Nord)

«Kirkegården ved havet» op. 20, er blant dei mest kjende verka til Fartein Valen. Han fekk ideen til stykket under eit opphald på Mallorca i 1933. I den spanske avisa El Sol las han ei omsetjing av diktet Le Cimetière Marin, skriven av franskmannen Paul Valéry.

Avisa kalla dette diktet eit meisterverk i «nutidens og alle tiders diktning» ... som «gir uttrykk for tilværelsens uforanderlighet og livets flyktighet, en meditasjon ved havets bredd på kirkegården i Cette».

Diktet gjorde inntrykk på Valen. I 1947 skreiv han i eit programhefte: «Dette brakte tanken på en annen kirkegård hjemme i Norge, en gammel nedlagt kolerakirkegård like ved sjøen på Vestlandet hvor jeg bor. Musikken følger ikke diktet programmatisk, men søker bare å gi uttrykk for de følelser som vekkes overalt, når mennesket stilles overfor dødens makt».

Kyrkjegarden som Valen hadde i tankane, ligg i utmarka ved Leirvåg, i nærleiken av Valevåg. Den er ein av mange kolerakyrkjegardar i Hordaland, mellom anna i Hystad (Stord) og Møvik (Fjell). Kyrkjegarden ved Leirvåg vart vigsla i 1849 av presten Claus N. H. Daae.

Valen fullførte verket i 1934, og det vart uroppført 16. november same år i Oslo. Verket fekk blanda mottaking i pressa, men dette var Valen godt van med på denne tida. «Fyll programmet med slike moderniteter, og Filharmoniskes tilhørerskare vil skrumpe enda sterkere inn», skreiv Nationen, medan Norges Handels- og Sjøfartstidende meinte at «med Le Cimetière Marin synes Valen å ha skap et av de skjønneste og nobleste verk som er frembrakt i de siste år i noe land».