• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Tjernagelshaugen

Tjernagelshaugen - det gamle seglingsmerket langs leia - vart fjerna i 1983 (Svein Indrelid).

I nær tre tusen år har Tjernagelshaugen lege som eit landemerke ved Bømlafjorden. Skalden Torarin lovtunge nemner haugen i si skildring av Knut den mektige, som i året 1028 siglde frå Danmark til Nidaros: «Og fram for den gamle haugen i Tjernagel siglde huskarar kvasst med fred».

Fram til 1983 fanst Tjernagelshaugen framleis. Han låg der kortbølgjesendaren på Tjernagel no står. Som følgje av Teledirektoratet sine utbyggingsplanar vart fredinga oppheva av Miljøverndepartementet, og alt vart fjerna, etter at Historisk Museum i Bergen hadde grave ut haugen. Haugen, eller røysa som det vel er rettare å seia, var på det meste 23 meter i tverrmål og opptil 2 ½ meter høg, bygd av rullestein. Nære på 400 m³ masse var dyngd i hop i dette gravminnet, som var eitt av dei største på Hordalandskysten. Arkeologane fann tre graver i Tjernagelshaugen. To av dei var steinkister, den tredje berre ei samling brende bein av menneske og småfe på botnen under røysa. Trekol, funne saman med beina, syner at denne grava er frå midten av bronsealderen, knapt 1000 år f.Kr. Dei to steinkistene er yngre. Kol som vart funne utanfor den eine, er datert til tida ved Kristi fødsel. Den andre kista tykkjest vera noko yngre.

Det vart ikkje funne oldsaker i nokon av dei tre gravene. Det som måtte ha vore der av gravgåver, er forvitra og borte for lenge sidan. Av dei døde fanst berre dei brende beina frå botngrava og to små beinbitar i den yngste steinkista. Tjernagelshaugen er ei røys av det slaget som har vore så vanleg på kysten. Mange av dei kan daterast til bronsealderen, men dei to steinkistene i Tjernagelshaugen syner at slike gravminne også var i bruk i jernalderen. Røysa har vorte påbygd fleire gonger, ved kvar av dei yngre gravleggingane. Den siste gongen vart det dessutan lagt opp ein fint forseggjord tørrmur av flate steinar ytst mot sjøsida, kanskje for å gje det vyrdelege gravminnet eit endå meir dominerande preg.

I hundre ættleder fekk haugen liggja i fred, som eit landemerke for dei sjøfarande. Men vår tid fann ikkje råd til å spara han lenger. Vi vart dei siste som fekk sjå Tjernagelshaugen. Ved administrasjonssenteret for kortbølgjesendaren er botnlaget med dei to gravkistene rekonstruert.

Stadnamn: Tjernagel

Tjernagel er eit namn med historisk sus. Første gongen vi finn det nemnt, er i diktet "Tøgdråpa" av den islandske skalden Torarin Lovtunge. Diktet finst i tre sogeverk: Fornmannasoger, Flateyarbok og Soga om Olav den heilage. Tjernagel er der skrive Hiernagla (genitiv) eller i nærståande former, men alle stader med H i framlyd. Tydinga av ordet er «sverdnagle», her helst nytta om ei høgd som er samanlikna med ein sverdnagle. Skrivemåten med Tj kjem først på 1600-talet.

Røysar langs leia

Mange gravminne frå forhistorisk tid har samband med garden, med tun og innmark, åker og eng. Ofte ligg dei ved gammal åkermark. Vi må tru at somme røysar også hadde ein praktisk funksjon i tillegg til å gøyma den døde. Det var ein grei måte å verta kvitt rydningsstein frå marka. Men det finst også ei anna gruppe forhistoriske gravminne med ei heilt anna utbreiing: Store steinrøysar som ligg i utmark, gjerne langt frå folk, utan påviseleg samband med tun og dyrka mark. Vi finn dei både på kysten og innover i fjordane. På nes og holmar ligg dei, gjerne på knausar og høge berg ved sjøen. Vi kallar dei «kystrøysar». Folketradisjonen har ofte knytt nemninga «munkerøysar» til dei. Men med munkar har dei ingenting å gjera, for kystrøysane er mykje eldre enn kristendommen i vårt land.

 

Dei eldste kystrøysane vart bygde i eldre bronsealder; for mellom 3500 og 3000 år sidan. I somme er det gjort funn som kan daterast, men som oftast er berre tomme gravkista att. Resten, både leivningar av den døde og det han måtte ha fått med i grava, er vitra bort. Vatn og luft har hatt lett tilgjenge til gravkammeret mellom steinane i røysa. Somme kystrøysar kan vera store og høge, 15-20 meter i tverrmål eller meir, og fleire meter høge. Vi kan undrast på kvifor folk valde slike avsides stader til gravplass, særleg når arbeidet med å byggja gravminnet fekk slik ringe praktisk nytte. For her vart ingen åkrar sådde. Avsides låg dei – for den som hadde synsstaden sin frå tunet. Men for den som kom sjøvegen, låg røysane sentralt. På lange strekningar av Hordalandskysten finst det gravrøysar mest på annakvart nes. Dei ligg som reine seglingsmerke og markerer leia nordetter. Var dei av same folket, dei som bygde kystrøysane og dei som jorda sine døde ved åkerkanten? Vi veit ikkje og får kan henda aldri vita det. Dei held på løyndomane sine, røysane langs leia.

  • Ringstad, B. (1985) Tjernagelhaugen. Arkeologiske rapporter, 9, s. 97-145.