• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Søviktunet, Os

I tunet på Søvikhaugane, som låg under Lyseklostergodset, finn vi mest alt som høyrer til i eit vestlandsk gardstun: Våningshus, kårhus, stabbur, eldhus, grisehus, sauefjøs, vognhus, løe, og naust med båtbyggjarverkstad.

Tunet skriv seg frå utskiftinga i 1863, men nokre av bygningane er eldre. Dei vart flytta frå det gamle fellestunet til Søvikhaugane etter utskiftinga. Søviktunet gjev eit uvanleg godt bilete av eit gjennomsnittleg leiglendingsbruk frå 1860-70-åra. Mellom anna er det her eit komplett sett med hellerivningsverktøy, for å ta ut takheller i Hellebakkane.