• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Lona i april

Lona i april med mindre vatn. (Svein Nord)

Ein treng ikkje mykje fantasi for å sjå at der elva no buktar seg nede i Røssebotnen, har det vore eit vatn. Det fortel landskapet – klarare enn noka lærebok.

Lett synleg frå vegen etter hårnålssvingen ved Høysæteravkjørsla, på veg mot Kvamskogen, ligg Lona i Røssebotnen. Lona (gammalnorsk lon, stilt vatn) har fått namnet sitt frå dette rolege partiet i den elles så villstyrige Frølandselva.

Det var isbreen som grov ut trauet i fjellgrunnen som vart til eit lite vatn. Då breen trekte seg attende, vart lausmassar førte ut i vatnet. Massane vart først avsette som eit delta i sørenden av vatnet. Elvesletta vart skapt då vatnet til slutt var fylt opp. Elva har seinare laga buktande svingar (meandersvingar) på denne sletta.

  • Lona i flaum i juni

Same elva, men under ulike tilhøve: Lona i flaum i juni. (Svein Nord)