• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Nordvikasetret, bedehuset til venstre

Nordvikasetret, bedehuset til venstre (Svein Nord)

Seterbruk er ein gammal tradisjon i Samnanger med sine mange gode fjellbeite. Seterbruket nådde høgdepunktet omkring 1850, men i 1950-åra vart det nedlagt.

Omkring Fitjavatnet (336 moh.) har det vore mange utslåtter og setrar. Utløene ligg no i ruinar. Nordvikasetret ved nordenden av Fitjavatnet er den eldste av setrane. Ho står enno slik ho vart bygd i 1886 med ei lafta bu og skott i naturstein.

Setrabakken har lange tradisjonar som samlingsplass både for danseglad ungdom og religiøse møte. Tradisjonen med det årlege setramøtet ein sommarsundag vert enno halden ved lag, og omkring 1950 vart det bygt eit lite bedehus som folk kan søkja ly i.

Halvannan kilometer vest for Nordvikasetret ligg Buhilderen, som tidvis har vore nytta til buplass like sidan folkevandringstida (400-600 e.Kr.) og truleg fram til tidleg på 1800-talet.