• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

D/S Oster og D/S Børøysund på 100-års jubileumstur i 2008 i Alverstraumen

D/S Oster og D/S Børøysund på 100-års jubileumstur i 2008 i Alverstraumen (Helge Sunde)

Gjestgjevarstaden i Alverstraumen var i drift i 1660, men vi veit ikkje sikkert kor gammal denne staden eigentleg er. Alt frå sagatida har den indre skipsleia mot nord gått gjennom Alverstraumen. Her drog kongar og krigsflåtar, biskopar og handelsmenn.

Det kunne vera mange gode grunnar for å leggja eit herberge her. Straumen kan vera strid som ei elv, slik at det er mest uråd å koma gjennom sundet med ein mindre båt. Her låg nordlandsjekter som kom til nordfarstevnen i Bergen, her drog sildeflåten i førre hundreår på veg til og frå sildefiskeria ved Kinn, og her har sognejekter lasta med ved og bondevarer lege og bia på bør.

I tingboka for 1675 er eigaren, Anna Thomasdatter nemnd, og i 1682 vart det fortalt om henne at «Ane, sal. Abel Mogensen, gastgeberske, med sin datter og en bondepige, lever i største armod». Seinare må staden ha vorte meir innbringande, og det var vanleg at både embetsmenn og andre reisande stogga her for å få seg mat og nattlosji. Ved ferda til kong Christian VI i 1733 var det skysskifte i Alverstraumen:

«Her (i Kjelstraumen) blev tagen fridsk Skydtz videre til Alverstrømmen, 2 miil hvor 24 støkker af Bergens byes skippere med en deris Anfører (klæd i hvide damaskes Roederklæder underforet med Couleur de Rose taft, sorte Fløyels Buxer og perlefarvet Silkestrømper, gulgallunerede Hatte) sig indfandt, og udbad at de måtte roe Hans Mayest. til Bergen, hvilket dem blev tilladt, saa at de imod klokken 11 1/2 om natten bragte Hans Mayest. til Bergen, 2 miil».

Alverstraumen var ein ynda utfartsstad for betrestilte bergensfamiliar på 1800-talet; dei drog med vengebåt og seinare med dampskip. Gjestgjevarstaden gjekk etter kvart over til hotelldrift, og i 1920 brann hotellet ned til grunnen. Seinare kjøpte Chr. Bjelland heile området og bygde ein hermetikkfabrikk på staden.

  • Ebbing, N. (1988) Gjestgiveriet i Alverstraumen. I: Frå Fjon til Fusa: årbok for Nord- og Midthordland sogelag. Bergen, Sogelaget, s. 15-23.