• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Isdalstunet, Lindås

Den gamle postvegen fører framom Isdalstunet (Svein Nord).

Isdal er eitt av dei få klyngjetuna som ligg att i Hordalandsbygdene, etter at dei store utskiftingane kring hundreårsskiftet løyste opp fellestunet og den gamle teigblandinga. Dei lange, låge lemstovene ligg i eitt tett tun, som merkjer seg ut i landskapet når du reiser riksvegen nordover frå Knarrvik.

Garden Isdal er omtala i skriftlege kjelder alt tidleg på 1500-talet, men oppdelinga av garden i mindre bruk, og med mange brukarar i tunet, høyrer seinare hundreår til. Garden høyrde truleg under kongsgarden på Seim i mellomalderen. Seimsgardane hadde heilt opp til vår tid nausta sine i Isdalstø. På Isdal var det også postgard og skysskifte, og sjølve skyssstasjonen var i Isdalstø.

Tunet på Isdal gjev eit inntrykk, som Havråtunet på Osterøy, av dei store fellestuna som prega Vestlandet fram til slutten av 1800-talet. Den reviderte lova om utskifting av jordfellesskap på innmark kom i 1857, og det førte med seg at dei fleste tuna vart oppløyste og husa flytta ut til nye tufter. Det skjedde ikkje på Isdal, jamvel om utskiftinga av jorda er gjennomført for å samla bruka i større einingar.

Lemstovene på Isdal er vedlikehaldne med omhug av eigarane, og mange av dei historiske kvalitetane i tunet er tekne vare på. I 1980 vart det halde arkitektkonkurranse om byggjeskikk på Vestlandet. Isdal var eitt av modellområda, og etter denne konkurransen vart det bygt eitt nytt hus i tunet; eit langt, lågt hus som føyer seg fint inn mellom dei eldre lemstovene. Tunet er ikkje freda, men det har høg status som verneverdig kulturminne.