• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

"Den Trondhjemske postvei", frå Gaulen i Lindås.

"Den Trondhjemske postvei" mellom Isdalstø og Lurefjorden i Lindås. Her frå Gaulen. (Svein Nord)

POSTGARD OG SKYSSTASJON

«Den Trondhjemske postvei» frå 1700-talet, den av dei gamle postvegane ut frå Bergen som i dag er i best stand, går over Munkebotn, Eidsvågsfjellet og Rolland og fram til Tellevik ved Hordvik. Her vart posten rodd over fjorden til Isdalstø. Frå Isdalstø var det kjøreveg nordover framom Seim og Neset til Låtrebogane ut mot Lurefjorden. Her var det ny båtskyss over til Hundvin, og så vidare landevegen frå Hundvin til Vågseidet. Skyssskaffaren i Isdalstø måtte såleis ha både hest, vogn og båt til rådvelde.

Det vart også skyssa folk andre retningar enn langs postvegen. Det kunne vera til gjestgjevarstaden Salhus, fjordungskyrkja på Hamre eller andre stader. Det er teke vare på ein skysskaffarprotokoll som gjev eit bilete av trafikken over Isdalstø frå 1820-1896. Han syner at det mest var embetsmenn, lækjarar og militærpersonar som nytta seg av skyss, men også ein og annan utlending – ein tidleg turist. Bygdefolket byrja ikkje å nytta skyssstasjonen før i 1870-åra.

Fram til 1936, då den nye dampskipskaien og seinare ferjekaien kom, var Isdalstø eit pulserande kystmiljø med gjestgjevarstad og handel, meieri og garveri. Garveribygningen frå 1917 var i drift fram til midten av 1970-talet – ei gammal næring i desse bygdene. I 1956 kom det ny riksveg og ferjeleie i Knarvik. Då kom Isdalstø i bakevja.