• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Potetkjellaren i Veråstunet.

Potetkjellaren i Veråstunet er framleis i god stand. (Svein Nord)

VERÅS - EIN GARD I LYNGHEIA

I lyngheia, i det opne landskapet vest for riksvegen mot Mongstad, ligg gardane Verås, Syslak og Risa. Verås er delt i to bruk. Dei gamle driftsmåtane med torvtaking og moldhenting vart haldne ved lag heilt til vår tid. Tuntreet, potetkjellaren, kjelda og den vesle gardfloren i bøgarden var delar av ein harmonisk heilskap. Kvardagen var strevsam; eit gardshushald prega av nøysemd – ei finstilt utnytting av alle ressursar. Utmarka til Verås og Syslak låg som eit samanhengjande lynghei- og myrområde mot nord og aust som no gror att. 

  • Ressurssnitt som viser samanhengen i lyngheia som økosystem

Ressurssnitt som viser samanhengen i lyngheia som økosystem. (modifisert etter Arne H. Ingvaldsen1976.)

  • Ella Verås i torvmyra

Ella Verås i torvmyra (Peter Emil Kaland).