• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Gardkona

Gardkona måtte nytta mykje av tida si på klesvask. Gjerne ein heil dag i veka, eller eit par dagar annankvar veke stod dei bøygd over vaskestampen med skurebrettet. På øyane ute ved kysten hadde dei som oftast ein fast vaskeplass ved innsjøen på øya. Inne i fjordane la dei vaskeplassen ved ein bekk eller ei elv. Vaska fleire kvinner storvask same dagen, kunne dette vera ei triveleg, om enn slitsam arbeidsstund (Knud Knudsen, eigar: Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen (KK 3433 (13x18))). (utsnitt)

«Urenlighed er en av Kystbefolkningens hæsligste Vaner. De trænger igjennem allevegne ... I Stuen, hvor hele familien tilbringer Dag og Nat, hvor Maaltiderne holdes, hvor der mangegang koges, og hvor de vaade Klæder tørres, der træffer man paa en Smuds, som paa mange Steder grændser til det Utrolige. Der feies sparsomt, og mange Uger, ja Maaneder kunne hengaa, udenat der vaskes.» ...

Denne karakteristikken av huslivet i dei ytre hordalandsbygdene finn vi i eit lite folkeopplysningsskrift frå 1854, skrive av lækjaren D.C. Danielsen ved St. Jørgens hospital, leprahospitalet i Bergen. Den same haldninga møter vi i innberetningane frå dei nye distriktslækjarane i samtida; nidkjære talsmenn som dei var for den hygieniske standard i kampen for folkehelsa. Det ville likevel vera djupt urettferdig om dette skulle bli ståande som eit stempel på kvinna sin innsats i gardshushaldet. Ulike vurderingar kom også til uttrykk i samfunnsdebatten på 1800-talet.

Biletet synest i og for seg å stemma med det Eilert Sundt fann på sine reiser i «Søndhordlands og Midthordlands provstie», men tilstandane i «Renlighedsstellet» var betre i dei indre bygdene, i Hardanger og på Voss, slik han skildrar det i boka om Om Huslivet i Norge (1873). Han forsvarte det mangelfulle stellet til kvinnene med at dei hadde så altfor mykje å gjera, og at «renligheden» var like avhengig av mannen:

«... den bonde, som ønsker, at hans hustru skal tage sig mere af sit indre husstel og børnenes røgt og pleie ..., han bør f.ex. give hende en tjenestepige til hjelp ved fjøsstellet, eller han bør iallefall være betænkt på at indføre al mulig lættelse i stellet, saasom ved anlæg af vandledning, at konen kan slippe for at bære vand til fjøset og kjøkkenet alt fra elven.»

Røyndommen var nok den at kvinnene hadde utruleg strevsame arbeidsplassar i det gamle gardshushaldet; kanskje endå viktigare for hus og heim og levemåte enn mannens innsats. I mange hordalandsbygder var mannen vekke store delar av året; på fiske, i fraktefart eller på bygningsarbeid. Kvinna hadde ansvaret for å få endane til å strekkja ihop i det daglege, og ho hadde mange stader hovudansvaret for gardsdrifta.

Leveveg og livsform

Felles for dei ytre kystbygdene og dei indre fjordbygdene i Hordaland idag er at vi finn velhaldne gardar der våningshusa er villaer og driftsbygningane er tidsmessige og moderne. Mange av dei gamle gardsbygningane er rivne. Kulturlandskapet er prega av den nye tida.

Det sosiale landskapet er også nytt. Tek du ein formiddagstur inn i eit av gardstuna, er det store sjansar for at du ikkje finn folk i tunet. Bondekona sjølv finn du truleg verken ute på jordet eller i fjøset. Det er mykje sannsynleg at ho er på arbeid – utanfor bruket. Er ho heime, er det fordi ho har småbarn å passa. Framleis har ho ansvar for omsorgsarbeidet for resten av familien.

Det biletet som møter oss idag, står altså i sterk kontrast til biletet av kvinnene i det samfunnet som eksisterte i denne landsdelen for hundre år sidan. Mens hushaldet idag i dei fleste tilfelle er identisk med ein kjernefamilie med foreldre og barn, omfatta det den gongen, forutan familien i to-tre generasjonar, også ugifte slektningar og tenestefolk.

Målet for arbeidet var både å produsera mat og andre varer til eige forbruk og å produsera varer for sal. Det viktigaste var sjølvsagt å dekka dei daglege behova, men det var også vesentleg å ha eit overskot av eigen produksjon for å kunna kjøpa eller byta til seg andre varer. Jordbruket vart svært ofte kombinert med ei rekkje andre næringar, slike som fiske, sjøfart, handverk og seinare fabrikkarbeid. Fordi det alltid var mennene som tok seg av fisket, fall det aller meste av jordbruksarbeidet på kvinnene.

Kvinnebøndene

I kystbygdene var det svært vanleg at mannen hadde hovudyrke som fiskar eller sjømann, eller han dreiv i fraktefart, og då var det kona som hadde arbeidet heime på garden. For hushaldet utgjorde fisken den vesentlegaste økonomiske faktoren, men jordbruket var likevel det dei ikkje kunne leva forutan. I fleire bygder var det i førstninga av dette hundreåret dessutan mange av mennene som reiste til Amerika, mens kvinner og born delte på slitet heime. Slik blir tida før og under 1. verdskrigen skildra frå Tysnes av ei kvinne som er fødd i 1907: «Far var i Amerika all den tid eg kan huska. Han var heima av og til, og så reiste han bort igjen, han seilte. Så mor balte med jorda der heima, det var ein liten plass. Det var me og ho mor som gjorde det arbeidet som var der. Me var tre gutar og ei jenta, eg var aleine jenta. Me hadde to-tre kyr, helst to, men ikkje hest. Det var mor som gjorde det meste av arbeidet, hu slo og bar inn. Men me måtte jo vera med og hjelpa mor, me bar mykje høybører. Så måtte me i båt når me skulle handla, når me skulle i utmarkjo og mjelka, og til og med for å finna ved».

Men husbonden trong ikkje å vera borte frå familien heile året. I bygdene kring Bergen var det mange menn som fekk arbeid på fabrikk eller som snikkarar i byen etter hundreårsskiftet. Mens dei tidlegare hadde vore meir eller mindre fast heime, førte det nye arbeidet til at dei kom heim om laurdagen og reiste att søndag. Då var det kona og resten av huslyden som måtte ta det daglege strevet på garden. På Osterøy var heile grender tomme for mannfolk gjennom veka.

Men kvinnene var nok ikkje berre «kystens bønder»; i stor grad var dei også «innlandets bønder» på dei bruka der mannen var borte på anna arbeid heile året eller i periodar gjennom året. Målt i nedlagde arbeidstimar var dei i allefall viktigare enn mennene heime på bruket. Men då må vi koma i hug at hushaldet som økonomisk eining neppe ville ha greidd seg utan pengeinntektene som mannen hadde utanfor garden. På dei større bruka arbeidde mann og kone side om side med klart kjønnsdelte arbeidsoppgåver, men det er også viktig å understreka fellesskapen. «Me jentene var med ute på gardsarbeid, me gjekk til liks med karane», fortel ei eldre kvinne frå Arna. Kvinnenes praktiske arbeidsinnsats vart ikkje mindre etter dei store endringsprossesane næringa gjennomgjekk frå 1870-åra og fram til andre verdskrigen.

Gradvis arbeidslette

Det skildringa frå Tysnes òg illustrerer, er at arbeidsmåtane og reiskapane på dei små og brattlendte bruka i kystbygdene neppe hadde gjennomgått noko «hamskifte» frå 1870-åra. Som i generasjonane før heldt kvinnene fram med å bera ut gjødsla i kiper på ryggen, med bører på meir enn eit halvt hundre kilo. Kipa brukte dei også til å bera poteter frå åkeren og torv til brensel, og det var det einaste hjelpemiddelet dei hadde til å bera heim lyng og tare når tilleggsfôret skulle sikrast.

I ei fjordbygd som Arna gjekk nok utviklinga i teknikk og driftsmåtar raskare enn ute ved kysten, og dei nyinnkjøpte maskinene fekk etterkvart store konsekvensar for kvinnearbeidet. Særleg i åra etter 1910 var det mange som kjøpte seg slåmaskiner, harver og plogar, og både menn og kvinner vart frigjorde frå mykje av slitet med jordarbeid og bering. Gjødselbering med kipe fall vekk, likeeins vart det slutt på å dra gjødsla på kjerre eller slede med handemakt. Og sidan mennene tok seg mest av arbeidet med hest og hestereiskap, trekte kvinnene seg meir ut av visse sider av gardsarbeidet. Men på den andre sida førte opprettinga av meieridrift frå sist i 1880-åra til at mjølkeproduksjonen vart viktigare enn nokon gong. På dette området opplevde kvinnene mange arbeidsendringar. På små bruk vart den totale produksjonen utvida i forhold til før, og kvinnene tok seg av både gris, høns og grønnsaker.

Kvinner og kyr høyrde i hop

Stell av kyrne vart sett på som eit verkeleg kvinnfolkarbeid. Mennene hadde aldri lært å mjølka, og det var mot alle normer at ein mann skulle gå i fjøset. Trong kona avløysing i mjølkinga, gjekk helst kårkona eller tausa i hennar stad. «Det er rene undtagelser at gaardbrugerne selv kan melke», fortel den første vandrelæraren i fjøsstell frå Haus så seint som i 1901, og han meinte det var viktig at mennene kom med i arbeidet. Hovudargumentet var at med auka sal vart mjølkeproduksjonen så viktig at ein ikkje kunne overlata det til kvinnene åleine lenger. Det gjekk seint, for framleis i 1930-åra rådde dei gamle normene i mange bygder, slik vi høyrer det frå ei kvinne på Stord: «Det var no så her, at ein mann ikkje måtte visa seg borti floren, for då var han ikkje vaksen. Så der var det å gå åleine om alt».

Det var først då mjølkemaskinene vart tekne i bruk i 40- og 50-åra at mennene arbeidde i fjøset like naturleg som kvinnene. No var fjøsarbeidet og blitt mykje lettare, det var slutt på den tunge vassberinga, som kvinnene hadde slite med i fleire generasjonar.

«... sine omgivelsers hygge og huslivets tække»

Alt som høyrde huslivet til, har vore oppfatta som kvinnenes ansvar og kvinnenes område. Når ureinsemda var så stor på Vestlandet i 1850-åra, var det fordi kvinna ikkje «var sit kald voxen», slik vi møter det i innleiinga til artikkelen.

Den daglege maten var enkel og sjølve oppdekkinga vart det heller ikkje lagt stor vekt på. Graut, poteter, sild og flatbrød var gjengangarar i kosthaldet. Den viktigaste oppgåva var å syta for den daglege næringa for store og små, og for at det aldri vart tomt på stabburet. I mellomkrigstida vart nye matvarer tekne i bruk, både i kystbygdene og i innlandet. Grov kveite kom i tillegg til bygg og rug, og gulrot, kålrot, kål og løk kom inn i kosthaldet. Mykje av dette var kjøpevarer, som reduserte arbeidet med heimeproduksjonen.

Til kvinnearbeidet høyrde også framstilling av tekstilar til klede og utstyr for heile hushaldet. Det føregjekk først og fremst i vinterhalvåret, men var meir fleksibelt enn anna arbeid. Frå Ullensvang fortel til dømes ein mann frå 1890-åra:

«Heime i stova lydde rokkeduren frå morgon til seine kvelden. Det var karding og spinning månad etter månad, heilt til dagane tok til å lengjast. Seinare kom rennebommen inn, og når dette vart gjort, vart det veving i lang tid. Mor vov først og fremst vadmål til gangklede, men óg til undertøy og sengklede... Men mor freista seg óg med kunstveving. Det var dokkåklede med mønster og mange fargar. Garnet til desse måtte vera sers fint, og ho farga det sjølv med plantefargar…»

I tida 1915-35 gjekk sjølvbergingsgraden i tekstilarbeidet sterkt ned. Kjøpetøy erstatta i mange hushald det heimevovne tøyet, og farga kjøpegarn var langt vanlegare enn heimegjort garn. Dei som var ungkoner i 30-åra kan fortelja at dei kjøpte tøy og at dei aldri hadde lært å spinna.

All omsorga for borna var knytt til kvinnerolla. Ungane var der mora var, anten ho laga mat eller ho sto i åkeren og luka. Dette var den første opplæringa til arbeid. Når ho overlet ungane til andre, var det til tausa eller til bestemora. Husmora skulle også ta seg av dei gamle som var i hushaldet, når dei vart sjuke og ikkje kunne hjelpa seg sjølv lenger. Somme var avhengige av mating og stell. Dei gamle var ein del av det daglege livet.

Forvaltar, men økonomisk underordna

Det er ingen tvil om at husmora eller kona på garden hadde ein sentral posisjon i det gamle gardssamfunnet. Ho var uunnverleg i det daglege stellet. Ho sytte for at dyra fekk stell og var friske, og ho var den personen som hadde omsorgsarbeidet i huset. Samstundes var ho den som forvalta maten. Ho var hovudansvarleg for fornying av arbeidskrafta i familien gjennom barnefødslar. Ein konelaus gard let seg derfor rett og slett ikkje driva, dersom han skulle overleva.

Men om husmora var sentral i arbeidet i det gamle hushaldet, var ikkje det einstydande med at ho hadde høgast status. Vi må hugsa på at jamvel om husmorrolla var sentral både økonomisk og administrativt sett, var husbonden sjølv hovudpersonen på garden, både i sine eigne og andre sine augo. Etterkvart som salet av gardsprodukta auka utover 1900-talet, var det alltid mannen som tok hand om økonomien. Mannen hadde også ein udiskutabel autoritet til å forvalta garden som sin eigedom.

Gardkonene blir medhjelparar

I tida etter andre verdskrigen har organiseringa av arbeidet i gardshushaldet endra seg svært mykje på dei vestnorske gardsbruka. Dei to viktigaste årsakene til det er driftsomlegginga, og den sterke teknologiske utviklinga i jordbruket etter andre verdskrigen. Mange av dei arbeidsoperasjonane som tidlegare var tillagde kvinnene, vart sterkt endra eller fall heilt vekk ved innføring av ny teknologi. Vaskemaskina, fryseboksen og dei andre kjøkkenmaskinene har snudd mykje om på arbeidsdagen til kvinnene inne. Tanksystem i fjøset og tankhenting av mjølka, som for alvor skaut fart i 1970-åra, gjorde at mannen mange stader tok fullstendig over fjøsarbeidet. Likeeins er arbeidskraftbehovet i utearbeidet kraftig redusert. Og dette har ført til større individuell fridom enn tidlegare med omsyn til korleis familien vil organisera arbeidet sitt.

I hordalandsbygdene har vi sett ein tydeleg tendens til at kvinnene har trekt seg ut av utearbeidet og fjøsarbeidet, og at desse arbeidsområda har vorte mannsdominerte eller «maskuliniserte». Fleirtalet av gardkonene har i dag rolle som «medhjelparar» for mannen både i fjøset og ute, og deira arbeidskraft er ikkje uunnverleg lenger. Kvinnebøndene frå førre hundreåret er vortne bondekvinner.

«Kone fra Hamre»
«Kone fra Hamre», 1875. Strikketøyet var ein fast del av kvardagen. Kvar småstund måtte nyttast; i huset eller på stølsvegen (Knud Knudsen, eigar: Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen (KK 1645), utsnitt).
På mange gardsbruk var kvinnene hovudaktørane i den daglege drifta

På mange gardsbruk var kvinnene hovudaktørane i den daglege drifta (Svein Nord).

Ved rokken

Ved rokken; eit vakkert portrett av kvinnearbeidet tidleg i dette hundreåret (Anders P. Wallevik, eigar: Hardanger Folkemuseum (HFU-WA 1533)).

Det daglege hushaldsarbeidet i eldre tid var tungt

Det daglege hushaldsarbeidet i eldre tid var tungt; det trongst god rygg og sterke armar (Anders P. Wallevik, eigar: Hardanger Folkemuseum (HFU-WA 874)).

Vallavik, Ulvik

Vallavik, Ulvik. Arbeidet på stølen var kvinnearbeid (Anders P. Wallevik, eigar: Hardanger Folkemuseum (HFU-WA 2252)).

Lefser og krotakaker frå Hardanger

Lefser og krotakaker frå Hardanger er framleis eit etterspurt bakverk. Bakstekonene drog frå gard til gard om hausten (Svein Nord).

  • Avdem, A. J. & Melby, K. (1985) Oppe først og sist i seng: husarbeid i Norge fra 1850 og til i dag. Oslo, Universitetsforlaget.
  • Fløystad, I. (1986) Kvinnekår i endring: kvinnene sitt arbeid i Arna, Hordaland 1870-1930. Bergen, Universitetsforlaget.
  • Sundt, E. (1976) Om huslivet i Norge. Verker i utvalg, nr. 10. Oslo, Gyldendal.
  • Thorsen, L. E. (1993) Det fleksible kjønn: mentalitetsendringer i tre generasjoner bondekvinner 1920-1985. Oslo, Universitetsforlaget.