• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

«Et hus har vi reist til Guds ære; kom Jesus med vigsel og fred, saa det for vor bygd faar være et gudsordet helliget sted.»
«Et hus har vi reist til Guds ære; kom Jesus med vigsel og fred, saa det for vor bygd faar være et gudsordet helliget sted.» Bedehuset «Fridtun» på Hillestveit, Bømlo, bygd i 1845, er eit av dei tidlege bedehusa i landet og det første i Finnås prestegjeld. Det er restaurert og sett i god stand som museum (Ronny B. Skaar).

«Ser ein ein framifrå stygg bygnad på landet, noko større enn kva hus plar vera, og med store kalde vindaugo, er det sjølvsagt eit bedehus, um det då ikkje er ungdoms- eller skulehuset.» Det er arkitekt Johan Lindstrøm som kjem med dette utfallet mot arkitekturen i bedehusa, i ein artikkel om «Offentlege bygg på landet» frå 1927. Vi oppfattar vel denne karakteristikken i dag meir som ein karikatur, med brodd mot den «unorske» sveitserstilen som prega mange av desse husa frå hundreårskiftet. I dag ser vi dei som smålåtne, stilreine byggverk i kulturlandskapet med eit tidstypisk preg. Men meir enn stilen og det arkitektoniske uttrykket er det kanskje det kulturelle og ideologiske aspektet som fangar vår interesse. Kulturradikalismens einsidige bilete av bedehuset som eksponent for pietistisk trongsyn og kulturfiendskap er i dag avløyst av eit breiare og meir nyansert syn på ein viktig kulturfaktor i det norske samfunnet. Bedehuset, samlingsstaden for den kristelege lekmannsrørsla, er bærar av ein demokratisk, lågkyrkjeleg tradisjon med eit sterkt sosialt engasjement og ei haldning til ressursar og verdiar som talar til vår tid: «Gudsfrykt med nøysemd er ei stor vinning».

Bedehuset og den kristelege lekmannsrørsla har ikkje hatt ei like sterk stilling over alt på Vestlandet. Det synest å gå eit skilje mellom ytre og indre bygder, ikkje minst i Hordaland. Sjølv om det ikkje er heilt sant, det som blir påstått i ei gamal herme, at det korkje finst bedehus eller hoggorm i Hardanger, så har dei i alle fall vore få. Ulvik fekk rett nok bedehus alt i 1889, og Odda og Ullensvang eit par tiår seinare. Men så var det jamt slutt, og etter ei registrering kring 1960 stod enno Granvin, Eidfjord og gamle Kinsarvik kommune utan bedehus. Mykje rikare grorbotn har lekmannsrørsla hatt i dei ytre kystbygdene, og tettast finn vi bedehusa i Fjell og på Bømlo. I kvar av desse kommuane er det blitt reist over 20 bedehus.

I politisk samanheng kan røystetala til Kristeleg Folkeparti brukast som eit mål på korleis styrken til lekmannsrørsla har variert. Kr.F. vart skipa framfor stortingsvalet i 1933, i første omgang som eit reint hordalandsparti. Lenge var det mest uråd å finna nokon på vallistene som ikkje var aktive bedehusfolk. Flest har vore knytte til Det Vestlandske Indremisjonsforbund og Norsk Luthersk Misjonssamband, dei to største lekmannsorganisasjonane i fylket, og dei mest radikale – radikale i tydinga frittståande og uavhengige av statskyrkja.

Andre parti har òg gjeve plass for typiske representantar for lekmannsrørsla, særleg Venstre. I den første etterkrigstida var Haldor Haldorsen, eigar av Wichmann motorfabrikk på Rubbestadneset, og Peder Nilsen Aga, den særmerkte ordføraren på Fitjar, sentrale. Begge desse var venstremenn. Haldorsen sat jamvel eit par periodar som stortingsmann. Etter at Kristeleg Folkeparti var skipa, er det likevel ingen tvil om kven som appellerte mest til dei som hadde sin gang på bedehuset. Ja, mykje av bakgrunnen for skipinga av Kr.F. var nettopp misnøye med den plass bedehusfolket til då hadde fått på listene til dei etablerte partia.

I dei bygdene der lekmannsrørsla har stått veikast, har ei anna viktig folkerørsle vore dominerande: den frilynde rørsla. Gjennom dei mange ungdomslaga, mållaga, skyttarlaga, song- og musikklaga, vart Voss og Indre Hardanger tidleg eit kjerneområde for denne rørsla. Det er også verdt å leggja merke til at bynære kommunar som Fana, Haus og Os kom godt med. Ved kysten, derimot, fekk den frilynde rørsla lite gjennomslag. Av over 60 ungdomslag i Nord- og Midthordland kring 1910 var det såleis berre fire som høyrde heime i dei typiske kystkommunane. Dersom vi ser den frilynde rørsla og den pietistiske lekmannsrørsla som ideologiske motpolar, blir ungdomshuset og bedehuset lett «festningar» for to ulike kulturar, om ikkje i væpna konflikt, så i det minste i «kald krig» med kvarandre.

I somme bygder har det nok vore slik. Sjølv om dei fleste i den frilynde rørsla ikkje sa nei til kristendom og kristenliv, såg dei lite positivt på det som gjekk føre seg på bedehuset. Frå lekmannsrørsla si side var det ikkje minst dansen som sette eit skarpt skilje. Oftast følgde det mykje alkohol med dansetilstellingane. Mange av leiarane for den frilynde rørsla vedgjekk at dette var eit problem, og sette mykje inn på å endra gamle drikkeskikkar. Frå Kvinnherad har Jens Tvedt skrive romanar som skildrar striden mellom frilynde og bedehusfolk, og lekmannsrørsla i denne kommunen er blitt analysert av historikarar (Døssland 1975).

Men Kvinnherad er ikkje typisk. Mykje tyder på at denne kommunen, med seks bedehus og seks ungdomshus, var ein av dei mest todelte og «polariserte» her i Hordaland. Litt av det same kan vi finna i andre fjordbygder, til dømes på Osterøy og i Kvam. Men ute ved kysten, der lekmannsrørsla stod sterkast, og i dei indre bygdene der den frilynde rørsla hadde hegemoniet, låg det mindre til rette for slik strid. Eit karakterisk dilemma illustrerer dette: Medan bedehusstyra i Kvinnherad var svært påhaldne når det galdt å leiga ut bedehusa til andre, fekk den frilynde ungdomen på Fedje låna bedehuset til sine nyttårsfestar; rett nok utan dans, men likevel temmeleg utenkjeleg i Kvinnherad.

Forholdet mellom den frilynde rørsla og lekmannsrørsla har med andre ord ikkje vore eintydig negativt. Kritikk og fiendskap har stundom gått over i fredeleg sameksistens. I somme høve finst det jamvel oppsiktvekkjande døme på samarbeid, mellom anna i arbeidet for nynorsk mål. Målsaka stod lenge til atters i området til den kristelege lekmannsrørsla. Det som førte til ei endring, var at fleire av dei mest omtykte lekpreikarane tok til å nytta nynorsk. Ludvig Hope frå Masfjorden, og nordfjordingen Mathias Orheim, spela ei overlag viktig rolle når det galdt å bryta veg for målsaka blant bedehusfolket. I 1907 flytta Orheim til Nesttun ved Bergen, då han vart kalla til emissær i Det Vestlandske Indremisjonsforbund.

Mathias Orheim reiste i over femti år som emissær, men endå meir varige spor sette han som salmediktar. I unge år hadde han vore med i det frilynde ungdomslaget, før han knapt 16 år gamal gamal opplevde ei personleg omvending på eit møte der nettopp Ludvig Hope var hovudtalar. Orheim vart gripen både av innhald og av form; at Hope tala på det som var blitt stempla som fritenkjarmålet. Då han sjølv tok til å reisa omkring på song og talarferder, nytta Orheim alltid nynorsk. I 1916 bad faktisk Det vestlandske maalkontor i Bergen han om å gjera ei talarferd for målsaka. I Hordaland skulle innsatsen helst konsentrerast om dei områda der nynorsken stod svakast, altså kysten, og Orheim skulle stå fritt til å tala om kva han ville. Vilkåret var berre at folk fekk høyra «norsk tale um gode emne», som det heitte. Orheim sa ja, og la opp til ei ferd der han dels hadde forkynningsmøte for indremisjonen, dels heldt målforedrag. Frå Fjell rapporterte han til målkontoret at han hadde råka «dei mest fanatiske motmenner mot maalarbeidet eg har kome over på heile turen».

Målkontoret, som hadde vanskar med å få dei profesjonelle målagitatorane til å reisa i desse nynorskfiendtlege distrikta, var vel nøgde med Orheim. Året etter engasjerte dei han på nytt og han var innom 90 skulekrinsar i Nord- og Midthordland. Det medels frammøtet låg på kring 200, så det var ikkje få tusen som fekk høyra målforedraga til Orheim. Dette samarbeidet, på tvers av dei tradisjonelle skiljelinene, var elles ikkje heilt eineståande. I Fana gjekk det nyskipa mållaget i 1905 saman med indremisjonen og skipa til møte der emissæren skulle tala nynorsk, og der det berre skulle syngjast Blixsalmar. Går vi endå litt lenger tilbake, hadde den første formannen i Bergen Indremisjon, Olav Paulsen, vore ihuga målmann. Paulsen var mellom anna med på å skipa Vestmannalaget (1868). Han vart vald inn i styret og sat som kasserar i ei årrekkje. Paulsen gav ut ei lesebok på nynorsk; visstnok den første i sitt slag.

I eit litt vidare perspektiv har lekmannsrørsla og den frilynde rørsla, trass i ulikskapar og ideologiske skiljeliner, hatt openberre fellestrekk. Begge er uttrykk for den sterke veksten i organisasjonslivet. Særleg frå andre halvdel av 1800-talet og utover til mellomkrigstida fungerte dei som ei sosial løftestang og som opplæringsplass for folk som seinare skulle ta på seg store samfunnsoppgåver. Dette galdt både på bygdestyring, på fylkesplan og på riksplan. Dei store lekmannsførarane stod ikkje med lua i handa, korkje for prestar eller andre embetsmenn. Lekfolket skulle vera «eit myndigt lekfolk», og gjennom møta på bedehuset var det mange som fekk øving i å stå fram for ei forsamling og føra ordet. Det same var tilfelle i ungdomslaga og anna frilyndt arbeid. Denne danande eller folkepedagogiske sida vart underbygd og styrkt av det skuleslaget desse rørslene dreiv fram: folkehøgskulane – dei «grundvigianske» så vel som dei «kristelege».

Fridom, norskdom, kristendom var mottoet til dei frilynde skulane. Like opp mot vår eiga tid har mang ein ordførar i fylket klart seg med den vidaregåande utdanninga dei fekk ved eit vinterkurs på folkehøgskulen.

Begge rørslene har dessutan vore uttrykk for motkulturar i høve til urbane og liberalistiske verdiar og haldningar. Både på bedehuset og ungdomshuset var det dei som tidleg var klåre over dette. Eller som det vart sagt av ein framståande ungdomslagsmann alt i 1890-åra: hovudfienden for den frilynde rørsla burde ikkje vera pietismen, men sløvskap og likesæle blant folk som «stod i eit råare, ufysnare myrker enn nokon pietist.» Men ikkje alle har hatt den same tòlsemd og toleranse, korkje då eller seinare. For mange har lekmannsrørsla og bedehusfolket vore synonyme omgrep for svartsyn, dømmesykje og det som endå verre er.

Her er det ikkje lett å vera objektiv. Mykje avheng om ein er «innanfor» eller «utanfor». For å setja det litt på spissen: Kulturradikalaren i hovudstaden, som aldri har vore innom dørene på eit bedehus, kan aldri forstå lekmannsrørsla på same vis som dei som kjenner bedehuset som sin åndelege heim. Dessutan rører det ved ein svært personleg del av livet der det lett blir skapt eit skilje, eit anten eller. Mest gjeld dette forkynninga. Når predikanten med Bibelens ord, Kanaans språk, som det gjerne er blitt kalla, brukar uttrykk som synd, omvending og frelse, vil utanforståande ofte vera avvisande og tolka dette som fanatisme. Dei som er innanfor, derimot, vil hevda at ei forkynning med eit slikt innhald er sunn og rett lære, «god åndeleg mat», for å bli i den bibelske språkbruken. Noko liknande gjeld utrykksmåtane; ikkje minst den plassen møta på bedehuset har gjeve for gråten. For mange kan dette lett verka sentimentalt, eller kanskje til og med tilgjort. Bedehusfolket har på si side, særleg i tidlegare tider, sett slike subjektive uttrykk som ein naturleg måte å syna kjenslene sine på, både i sorg og glede.

I dei bygdene lekmannsrørsla stod sterkast, var bedehuset med på å prega heile bygdesamfunnet. Fleire stader var bedehuset det einaste større forsamlingslokalet. Ofte fungerte det ikkje berre som møtelokale for ytre- og indremisjon, men også som samfunnshus. Her vart det arrangert både juletrefestar og 17. mai-festar, her kom folk saman til minnestunder i samband med gravferder, og her kunne det lokale fiskarlaget ha sine møte. Jamvel fylkestinget tok i bruk bedehuset. I 1883 møttest såleis fylkestinget i Hordaland i det nye bedehuset i Norheimsund. Til dette knyter det seg ei talande historie. I byrjinga av 1880-åra hadde striden mellom radikale og konservative spissa seg til, ikkje berre på Stortinget, men også på fylkestinget i Hordaland. Då det på tingseta i 1882 kom framlegg om å ha neste fylkesting i Norheimsund, uttalte representanten frå Kvam, Nils Skaar d.e., at han var usikker på om dette var mogleg. Dei hadde nemleg ikkje anna brukande lokale enn bedehuset, og eigarane hadde sagt frå at dei ikkje ville ha politisk ordskifte. No når fylkestinget hadde teke til med slike, visste han derfor ikkje om dei fekk hus der. Skaar må ha klara å overtyda bedehusstyret. I alle høve vart det fylkesting i Norheimsund året etter.

Fylkestinget var elles ikkje noko stor forsamling, mot dei samlingane lekmannsrørsla sjølv stod for i denne perioden. Årsmøtet til Sunnhordland, Hardanger og Voss indremisjonssamskipnad på Fitjar i 1883 samla kring 10 000 menneske; sameleis i Strandebarm tre år før. Truleg hadde det ikkje vore større samlingar av folk på desse kantane av landet, og korkje bedehus eller kyrkje kunne romma ei slike mengd med folk. Lars Oftedal, som var talar på møtet i Strandebarm i 1880, skildra dette slik:

«Vi samledes i et ophøiet dalføre, Grønnedalen kaldet, strax ovenfor Brubøen. Velvillige hender i bygden havde hjulpet til at faa stedet hensigtsmessig ordnet til dette brug, da man paa forhaand kunde antage, at kirkehuset kun ville romme en liten del af de forsamlede, som det da ogsaa viste seg nu da rundt omkring 10 000 mennesker bedækkede den rummelige dal nedefter og begge sider opefter, like til tops på fremsiden.»

Når folk kom saman på denne måten, må det ha vore med på å gje eit utsyn ut over grenda og lokalsamfunnet. Endå meir galdt dette for ytremisjonen. Med bøn og salmesong, med opplesing frå misjonsblada, med sokkestrikking og basarar, vart det skapt visjonar og engasjement for menneske tusenvis av kilometer borte. Lenge før internasjonalisme og moderne tankar om éi verd vart gangbare, lydde Landstad sin store misjonssalme frå kyrkje og bedehus: «Velkommen alle fjern og nær til Herrens søskensamfund her.» Lenge før det var sendt ei einaste krone i utviklingshjelp, sette misjonsorganisasjonane i gang hjelpetiltak for naudlidande i Afrika og Asia. Sjukehus vart bygde og skular vart opna. Dei økonomiske midlane kom frå menneske som sjeldan høyrde til dei betrestilte i samfunnet. Dette sterke sosiale engasjementet er ei side av bedehuset og lekmannsrørsla som er blitt undervurdert, både av kritikarane, og i det sjølvbiletet som rørsla sine eigne sogeskrivarar har teikna.

Det kan vel vera verdt å kjenna til den historia som gøymer seg bak vindaugo i bedehusa. Det får våga seg at dei sjeldan påkallar interesse hjå dei som marknadsfører Vestlandet for turistane. Men like fullt har bedehuset og lekmannsrørsla vore ein viktig kulturfaktor i Noreg.

"Haugianerne"

Lekmannsrørsla tidleg på 1800-talet, haugianarane, la vekt på anger og bot. Det store alvoret kjem fram i dette måleriet av Adolph Tidemand frå 1852; ei lekmannssamling i ei røykstove i Kvam. Mot slutten av hundreåret vart mottoet: «Kom som du er. Kristus har sona alle dine synder.» Denne forkynninga verka frigjerande og gav rom for større glede ("Haugianerne", olje på lerret, 147x183. Foto: J. Lathion, eigar: Nasjonalgalleriet (NG. M. 197)).

Kartet syner tilslutninga som Kr.F. hadde ved Stortingsvalet i 1973

Kartet syner tilslutninga som Kr.F. hadde ved Stortingsvalet i 1973. Skiljet mellom midtre og ytre strøk kjem her godt fram (kart: K. E. Johansen, 1993).

Ei kristen song- og musikkgruppe leia av Laura Bjørsvik, Lindås, ca. 1930
Ei kristen song- og musikkgruppe leia av Laura Bjørsvik, Lindås, ca. 1930 (ukjend, eigar: Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen(Bs 6385/7)).
Søndagsskulane og juletrefestane har samla mange i bygdene på Vestlandet

Søndagsskulane og juletrefestane har samla mange i bygdene på Vestlandet. Leirvik, Stord 1925 (Sev. Kannelønning, eigar: Sunnhordland Museum).

Friluftsstemne på Fjelberg bedehus på Borgundøy

Friluftsstemne på Fjelberg bedehus på Borgundøy (Sev. Kannelønning, eigar: Sunnhordland Museum).

Misjonsengasjementet peikte utover til framande land og folkeslag
Misjonsengasjementet peikte utover til framande land og folkeslag, slik det går fram av omslaget til Norsk Misjonstidende frå 1910 (AV-avd. UiB, eigar: Universitetsbiblioteket i Bergen).
  • Døssland, A. (1975) Den organiserte lekmannsrørsla i eit vestnorsk bygdesamfunn frå omkring 1890-1945: ei gransking frå Kvinnherad. Hovudoppgåve, Universitetet i Trondheim.
  • Døssland, A. (1977) Organisert lekmannsrørsla i Kvinnherad ca. 1890-1945. I: Sunnhordland Årbok. Stord, Sunnhordland museum, s. 7-29.
  • Eide, B. (1963) Med livets rett: Bergen Indremisjon gjennom 100 år. Bergen.
  • Handeland, O. (1955) Ludvig Hope. Bergen, Lunde.
  • Straume, J. (1952) Kristenliv i Bjørgvin: frå Selje til Sund. Bergen.
  • Straume, J. (1960) Trubaduren: Mathias Orheim. Bergen.
  • Aagedal, O. red. (1986) Bedehuset: rørsla, bygda, folket. Oslo.