• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Det brattlendte landskapet på Havrå

Det brattlendte landskapet på Havrå, med spadde åkrar, rydningsrøysar, askestuvar og bakkemurar fortel ei innhaldsrik soge om kulturlandskapet (Svein Nord).

Den utviklinga som kulminerer med dei store vestlandske fellestuna på 1700- og 1800-talet, slik vi ser det på Havrå på Osterøy, tek til alt i vikingtida, med ei byrjande deling av gardane i mindre bruk. Den reiskapsteknologien som har forma dette landskapet, sigd, hakke og ard, går like langt attende – ja, lauvkniven og ljåen er faktisk jernalderens reiskap.

Kulturlandskapet har mange spor

Ikkje alle spor i det historiske landskapet er like lette å oppdaga. «Er dette alt som er å sjå», er eit spørsmål som kanskje vil liggja mange på tunga. Men ei oppdagingsferd i det historiske landskapet er ei spennande oppleving som krev kunnskap – om naturgrunnlag, om ressursar, om bustader og om leveveg. Dei er oss ikkje ulike i sinn og skinn, menneska før oss, men dei siste 100 åra har skapt større endringar enn dei 1000 åra som går føre.

Omgrepet kulturlandskap blir idag brukt i fleire samanhengar. Vi talar både om det kultiverte jordbrukslandskapet, som er prega av ulike driftsformer gjennom tidene, vi talar om kulturminna i kulturlandskapet – dei ulike landskapstypane med karakteristiske spor etter menneskeleg verksemd og busetnad, og vi talar om det «immaterielle» kulturlandskapet: summen av kunnskapen om næringsstrukturar, handverkstradisjonar, sosiale institusjonar, språk og stadnamn som har forma eit lokalmiljø innanfor ein bestemt tidsperiode eller eit geografisk område; Dette inneheld også det som sosiologane kallar «maps of recognition»; vi tolkar våre fysiske omgjevnader ut frå vår kunnskapshorisont. Det føyer nye kvalitetar til kulturlandskapet, fyller det med innhald. Det reflekterer kunnskapen om det nøysame samfunnet og «våre henders verk».

Det historiske landskapet

Det skjer i dag eit dramatisk forfall av historiske strukturar eller samanhengar i kulturlandskapet. Vi konsumerer natur og organisk framvaksne kulturverdiar langt ut over eit rimeleg livbergingsnivå, og vi er, i langt større grad enn tidlegare, ein generasjon som «snur eit blad i historia».

Snittet frå kystområdet til fjellviddene, ein av dei mest innhaldsrike landskapsregionar i Europa, gjev oss eit bilete av mange ulike kulturlandskapstypar:

Kystlandskapet, den ytre delen av strand­flata, er oppdelt i øyar, holmar og skjer. Sjøbruk og gardshushald er sentrale næringsvegar: dette er fiskarbondens landskap. Dei gamle handels- og gjestgjevarstadene er også er delar av eit stort samferdslemønster.

Lyngheilandskapet er ein del av eit større nord-atlantisk kystområde. Det høyrer saman med kystlandskapet, men strekkjer seg også innover på strandflata; den gamle havbotnen. Her møter vi ein byggjeskikk prega av ressursgrunnlag og klima. Lyngheiane er eit kulturlandskap dyrka gjennom 2000 år. Steinarkitekturen i dette området har eit sterkt slektskap med byggjeskikken på dei treberre vesterhavsøyane på den andre sida av Nordsjøen.

Fjordlandskapet, slik vi møter det i indre Nordhordland, i Sunnhordland og Hardanger, gjev kanskje den mest verknadsfulle ramma kring klyngjetunet, eit busetnadsmønster som har prega kulturlandskapet på Vestlandet heilt fram til midten av 1800-talet. Ei av dei mest omfattande endringane av landskapsbiletet er oppløysinga av dei gamle fellestuna. Og når utskiftingane av jorda for alvor kjem igang mot slutten av 1800-talet, er det driftsformer heilt attende til bronsealderen som vert borte.

Den løynde soga

Dei første bøndene, dei som brende skogen og sådde korn i oska, let ikkje etter seg skrivne meldingar til ettertida. Det dei røynde av sorger og gleder, av kvardagslege eller dramatiske hendingar, gjekk i grava med dei og vart gløymt.

Tusenår etter tusenår av den eldste soga vår er utan ord. Ingen skrivne samtidskjelder kan fortelja oss kva tid dei eldste gardane vart rudde, eller korleis grender vart busette og bygder vaks fram.

Men no og då kan vi koma over minne frå desse farne tider der vi kan møta dei, beinveges og personleg, desse namnlause forfedrane våre som har kvilt under torva i fleire tusen år. Det opnar for tankar, løyste frå tid og rom, når bonden plukkar or åkeren ei steinøks, mista av ein yrkesbror fire tusen år før. Kan henda har han ein augneblink ei kjensle av samband med eit menneske frå ei anna tid – før øksa vert lagd til side, og traktoren rullar vidare.

Stoggar vi opp framfor bergflatene på Bakko i Herand, ser vi skipsbilete, menneskefigurar og spiralar lysa mot oss. For tre tusen år sidan vart figurane hogne i berget med eit klårt og sjølvsagt føremål. Symbola var sjølvsagde for hoggaren og hans samtid. Men meininga vart gløymd. For oss er figurane ei merkeleg, men uskjønleg helsing frå bronsealderfolka si tankeverd.

Mektige gravminne, haugar og røyser, set framleis mange stader sitt preg på landskapet. Ruvande minnesmerke, som Byrkjehaugen på Voss eller Rimbsvarden i Fitjar har ein gong i tida hatt ei soge å fortelja. Folk som siglde nedetter Sundnessundet og såg røysrekkja inne på Halsnøy, visste gjennom lange tider kven som låg i dei einskilde røysene og kunne fortelja dei eldgamle sogene om bragder og storverk. I vår tid er det med nauda dei siste restar av tusenårgamle sogeminne kan bergast, når framsteget bankar på.

Kunnskap og verdiar

I det kunnskapsrike samfunnet er det ei elementær sanning at kunnskap skaper verdiar. Like viktig er det at historia skaper haldning til verdiar. Derfor er historia – kunnskapen om kulturarven – så viktig. Ikkje fordi vi skal pynta oss med kulturarven for å framheva oss sjølve; verna om monument som vi gjer til statussymbol for vårt eige levesett, eller bruka historiske verdiar berre som eit velferdsgode til disposisjon for vår generasjon. Men naturalhushaldssamfunnets verdisett har ein særskild bodskap til vår tid; bodskapen frå det nøysame samfunnet, gleda over det gode handverket, økonomisering med dei enkle ressursane. Det økologiske perspektivet har alt for lenge måtta vika for det økonomiske. For tidlegare generasjonar handla det om å overleva; for oss handlar det om å leva over evne, om overforbruk.

Det er eit paradoks at i etterkrigsperioden, i ein velstandsperiode utan sidestykke i norsk historie, har dei historiske verdiane forvitra som aldri før. I vårt romfræge forbrukssamfunn oppfører vi oss alle meir eller mindre som Bør Børson jr., Johan Falkbergets universelle portrett av den kortsynte, historielause oppkomlingen.

Gleda over den verdfulle kulturarven må ikkje føra til eit nasjonalt hovmot. Det smakar aldri godt. Og vi ser tydelegare enn nokonsinne i vår tid at samanblandinga mellom nasjonalisme og lokal sjåvinisme er ei dårleg blanding.

Derfor må vi idag halda god avstand til kulturfascismen; bruken av historiske verdiar og monument som maktsymbol eller praktsymbol.

Vi må vakta oss for ei ukritisk fokusering på det særnorske og det nasjonalromantiske glansbiletet av kulturhistoria. Behovet for identitet og «røter» må ikkje få karakter av nasjonalt sjølvskryt; heller ikkje ein tone av nostalgisk dveling ved fortida: «alt var betre før».

Ressursperspektivet

Det er ressursperspektivet som må stå sentralt i vår tolking av historia, både i kvardagssoga og på den politiske arena. Høgressurssamfunnet må ikkje einsidig prioriterast framfor lågressurssamfunnet; høgteknologien må haldast opp mot lågteknologien, for å klargjera og korrigera; veksten har sine grenser. Å sjå bort frå det økologiske langtidsperspektivet dersom vi skal fremja ei berekraftig utvikling, vil vera ei farleg feilvurdering. Her er den historiske innsikt og kunnskap ein ressurs, i dobbel forstand.

Historia vår har lange linjer bakover mot ei nasjonal stordomstid. Dei kulturhistoriske «artefaktene» er eldre i Noreg enn i mange andre land. Dei norske trehusa frå mellomalderen og helleristningane frå bronsealderen er unike, men overlevingsevna i små kystsamfunn er også eit stort nasjonalt epos, om enn på eit litt anna plan. Dei samanbygde husa på strilelandet og dei velbygde tuna i vossebygdene er parafraser over same tema og delar av ein kulturell heilskap: det handlar om å leva og overleva; om programmet for det gode liv. Vi må stadig vera på leiting etter heilskap og samanheng i vår omgang med historisk kjeldemateriale, slik at ikkje det «antikvariske» Noreg vert til det «fragmentariske» Noreg.

Vi er ved eit stort tidsskifte i vår kulturhistorie. Handverkstradisjonar, bustadformer og byggjeteknikkar som har vore i bruk i hundre ætteleder, går ut i vår tid. Handverkets edle kunst har mange tema: Med oppstadveven har kvinnene vove vadmål og veggteppe på same måten frå vikingtida og til i går. I båtbygginga har mennene meistra havet og henta opp dei nære ressursane. Røykstova, huset med den opne eldstaden, har vore bustaden gjennom tusen år.

Kulturarven – ein ressurs som ikkje kan fornyast

At vi held fast ved dei historiske verdiane treng ikkje stengja for all nytenking. Det må heller ikkje føra til ei historieforfalsking: vi «profilerer» og pyntar på kulturhistoria for å gjera produktet lett å selja. Her må reiselivet visa den største aktsemd. Det er vår felles oppgåve å bidra til ei utvikling som evaluerer verdiane, ikkje devaluerer dei.

Vi må ikkje fallby vår eigen kultur i så glorete fargar og billege utgåver at vi blir like heite og raude i kinna som dei trolla turistindustrien spyr ut. Vi må heller ikkje, i korttenkt og misforstått iver etter å gjera historia synleg, falla for den freistinga det er å omgje oss med historiekopiar som smakar av framtung nasjonalisme eller ein ukritisk regionalisme: kvar bygd og kvar kommune vil etter beste evne sukra sin bit av historia.

Historia omkring oss

Historia er ikkje berre ei historie for fagfolket. Historia er ein kvalitet i kvardagen for oss alle; ein dimensjon i tilveret. Dei historiske verdiane skaper kvalitetar i dagens og morgondagens samfunn, dei skaper haldningar og dei skaper innhald. Derfor må dei historiske spora kunna finnast i landskapet, i nærmiljøet. Derfor må vår generasjon visa den største varsemd med og omtanke for kulturminna i landskapet. Dei kan ikkje fornyast. For kommande generasjonar må samfunnet vera villig til å satsa større summar på vernet av kultur og miljø. Dersom vernet ikkje kostar, kan vi knapt tala om verdi. Vi er forvaltarar av store verdiar. Historia om kulturarven ligg i lokalsamfunnet.

Bergbileta på Bakko

Bergbileta på Bakko, Herand i Jondal (Svein Nord).

Gravhaugane ligg midt på dei breie bøane i jordbruksbygda Etne

Gravhaugane ligg midt på dei breie bøane i jordbruksbygda Etne. Når traktoren overtek i landskapet, er det 3000 års driftsformer som er i endring (Helge Sunde).

Samlande i Hardanger

Catharine Kølles finstemte landskapsportrett fra Samland i Herand viser oss det klassiske jordbrukslandskapet på 1800-talet (Catharine H. Kølle: Samlande i Hardanger. Foto: Helge Sunde, eigar Universitetsmuseet i Bergen).

Kornbinding på Vallavik i Ulvik

Kulturlandskapet handlar om mat, om å leva og å overleva. Kornbinding på Vallavik i Ulvik (Anders P. Wallevik, eigar Hardanger Folkemuseum).

I lyngheilandskapet ved Golta i Sund ser vi ut mot storhavet

I lyngheilandskapet ved Golta i Sund ser vi ut mot storhavet. Sjøbruket, fisket og fraktefarten er eit fascinerande kapittel i soga om livet på vestkysten. Dei lange steingardane mellom innmark og utmark fortel om ei omhugsam utnytting av alle ressursar. Bilete frå 1992 (Svein Nord).

  • Brekke, N. G. (1987) Byggeskikk og kulturlandskap. Fortidsvern, 1987 (3), s. 7-11.
  • Brekke, N. G. (1990) Kriteriegrunnlaget i kulturminnevernet. I: Kulturminnevernets teori og metode. Oslo, Rådet for humanistisk forskning, Norges allmennvitenskapelige forskningsråd, s. 182-193.
  • Jansson, S. (1974) Kulturvård och samhällsendring. Lund.