• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Harald Dalland

Når Harald Dalland på Tysnes grip 1700-tals bila si og byrjar på presisjonsarbeidet med å telgja «halsane» – dei finaste botnborda – til ein ny Oselvar, er han midt inne i ein tusenårig handverkstradisjon i desse bygdene kring Bjørnefjorden. Båtbyggjarane og fartøybyggjarane er berarar av ein handverksdugleik som representerer det ypperste i norsk formgjeving (Egil Korsnes)

Det som fanga interessa hjå mange av dei topografiske forfattarane på 1700-talet og dei tidlege turistane på 1800-talet, var utan tvil det fine trehandverket på bygdene. Det som fascinerer oss framleis idag, er nærbiletet av det gamle handverkarsamfunnet. Det vi formar med våre hender, det genuine handverksproduktet, vil alltid ha sin verdi, uavhengig av, eller kanskje nettopp på grunn av industrisamfunnets maskinelle produksjonsform.

Norsk treskurd i «nasjonal» stil fekk ein renessanse under den store verdsutstillinga i London i 1851. Den «forlorne» nasjonalromantikken fangar neppe interessa idag, men det som for hundre år sidan var hovudinnhaldet i programmet som John Ruskin og William Morris slo til lyd for i Storbritannia – ei revitalisering av handverket i protest mot industrisamfunnets monotoni og forflating – er i ferd med å verta ei folkerørsle. Vår tid opplever ein renessanse for «våre henders verk». I dei siste hundre åra har mykje av den utsøkte handverksdugleiken blitt borte – eit tap av «almene Færdigheder», for å nytta Eilert Sundts ord. Det er på høg tid at handverket og handverkaren får sitt epos. Det meste av det vi ser i kulturlandskapet er forma av handverkaren – ein kulturskapar i ordets eigentlege forstand.

Bastetog

«Fjordamannens last æ band og bast» heitte det mellom bryggjesjauarane i Bergen, når ei fjordajekt la til i hopane mellom sjøbuene på Strandsiden. For mange fjordbønder var tønneband av hatleskog og bastetog av lindeskog ei god inntektskjelde på garden. I bratte, sørvende lier veks desse treslaga frodig. Både hassel og lind er varmekjære tre. Lindeskogen går ikkje høgt; kring 100 meter over havet, hassel kanskje 200 meter. Lindeskogen vart styvd ei mannshøgd over bakken, for at ikkje beitande dyr skulle gjera skade på dei nye renningane. Seigast bast fekk ein av lind som stod våtlendt og i god moldjord. Trea måtte styvast med 8-10 års mellomrom.

Det var lindeborken som vart nytta. Borken vart svadd av når sevja var komen i treet, kring jonsoktider. I høvelege buntar vart borken lagd i sjø; så djupt at det ikkje fjøra tørt og så lenge som det var råd for hauststormane. Denne prosessen var kalla «fåning», og basten kunne vara godt eller dårleg «fådd», alt etter resultatet. Ferskvatn var ikkje like godt til «fåning»; då måtte det vera lite gjennomstrøyming.

Neste steg var «råsinga». Det var eit finarbeid. Var basten godt fådd, og mannen finhendt nok, kunne den rivast opp i strimlar så tynne som silke. Råsinga tok til frå innsida av lindeborken. Basten vart så bunden i buntar for seinare bruk.

Så kunne sjølve arbeidet med å tvinna toget ta til. Eit børatog – til høybører – skulle vera 5 famnar langt (omlag 9 meter) og trelagt. Heile totten måtte då vera 15 famnar. Til tvinninga vart det nytta ei kjegle og eit kjevle; det siste under legginga og det første dels under legginga og under heile spinninga. To tredjepartar av totten vart rørt inn på kjevlet, resten på kjegla. Spinninga gjekk med sola, legginga – av det trelagde tauet – måtte gå motsett. Kreftene måtte verka mot einannan, skulle ein hindra toget i å gå opp.

Kroting – mellomalderens motivtradisjon

På Vestlandet var det ein fast skikk å krota stovene til dei store høgtidene, til jul og til jonsok, og til bryllaups. Dette var kvinnene sitt prydhandverk, ein del av dei mange husflidstradisjonane. Eit fint «tekstilt» mønster av åttebladsroser, ruter og valknutar vart måla med ei velling av kritt og vatn på den øvste stokken under stavlægja, i overgangen mot det sotsvarte taket. I kystbygdene brukte dei den kalkrike skjelsanden i denne blandinga; i Hardanger var var det vanleg også å bruka raudt i rosene – ei blanding av vatn og knust teglstein. Tradisjonen fortel at det var koner som var særleg dugande til dette arbeidet, «krotekoner», som stod for denne stovepryden. Det var dei same konene som sat i veven og vov åkle, og det er herfrå mange av motiva er henta.

Og både dei geometriske rosene og valknutane møter vi att i karveskurden.

I eit manuskript frå Nordhordland kring midten av 1700-talet får vi høyra at ei vekes tid før bryllaupet skal haldast, vaskar dei stovene reine:

«... og da heder det efter deres Talemaade: Mee lyte kraata stovene, det er: Vi maa male og staffere stuen, hvilken Maling bestaar deri: at de med Krid, Blaaler og rød Tagsteen, som stødes det fiineste mueligt er, farver eller kraater Stuen med adskillige Stræger, Prikker og efter deres Maade saakaldte Roser skjønt Tegningerne ingenlunde fortjener dette Navn...»

Krotinga av stova har vore ein utbreidd skikk i seinare hundreår. I kystbygdene var det også vanleg å kvita taket med kalkmåling, og veggen kunne prydast med store, konsentriske ringar og ruter i eit alderdommeleg, geometrisk mønster. Truleg er krotinga ei folkeleg vidareføring av mellomaldertradisjonane med å pryda stovene med teppe på veggene; langsmale bordar som vart kalla refill. Mange ting tyder på at det nettopp er tjeldinga av stovene til dei store høgtidene som lever vidare gjennom seinare hundreår i dei enkle, geometriske krotabordane på raftestokken i røykstovene, ofte avslutta med ein enkel bord med trekanttunger og prikkar; eit verknadsfullt kniplingsmønster mot det mørke tømmeret.

Band

Emne til band kom frå to treslag, hatl (hassel) og selje. Hatlebanda vart for det meste nytta til tønneband, medan seljebanda heldt i hop dei mange lagga trekjeralda dei hadde i heimane før sinkbøtta og «krusatøyet» gjorde sitt inntog.

 

Fin hatleskog var ei rikdomskjelda, og når ein delte gardar i eldre tid, ser vi at denne skogen vart delt særskilt, slik at kvart bruk fekk sin part. Skogen vart vyrdsla slik at han gav mest mogeleg band. Skulle det lukkast, måtte det vera ei høveleg mengd greiner i kvar krake, men likevel så mange gamle greiner at dei nye renningane kom opp utan å setja for mange skot. Etter 8-10 år kunne ein hogga på nytt.

 

Dei som hadde hatleskog, smidde banda, svøygde dei saman og selde dei i ferdige buntar. Det vart det mest pengar av. Dei som ikkje hadde tid til å hogga sjølv, sette det vekk til andre; dei hogg «på lot».

 

Bandstakane skulle vera 1 famn og 1 alen lange (ca. 2,4 meter). Dei vart kløyvde i to frå toppen og nedover. Dikselet vart nytta til å opna kløyven, resten vart gjort med nevane. Staken måtte vera halvtørr før kløyvinga tok til, då var han seigast. Var veden rå, ville staken bresta. Smiinga var gjort med bandakniv i bandakrakken.

Nevartaket - kvarmannskunst

På 1700-talet var nevertaket mest einerådande i bygdene på Vestlandet. Eit helletak var nok like sjeldsynt då som nevertaket er det idag. Men på gardar med lang og bratt sjoarveg var nevertaket å sjå langt inn i vårt hundreår.

 

Det er nevera som held taket tett. Torva held nevera på plass og gjev eit lunt og varmt tak. Det var bjørkeskogen som skaffa never; bjørkenevera var råtesterk. Når sevja kom om våren, vart ytste laget flådd av. Lostra kalla dei arbeidet med å riva never; slirekniven var reiskapen dei brukte. Kniven måtte leggjast så flat under flåinga at den underliggjande borken ikkje vart skadd. Det tok 20-25 år før det kom ny never på tre som var lostra.

 

Nevera var ein god salsartikkel. Mange gardar leverte landskylda si i never, slik gardane i Skånevik skipreide gjorde det. Gardane høyrde til Halsnøy kloster, som på denne måten sikra seg never til vedlikehald av alle bygningane på klosteret.

 

Etter lostringa vart nevera lagd «i farg» (under press); lagvis, krosslagd og med innsida opp. Tilslutt vart ho «ferja ned» med steinar oppå. Slik måtte nevera liggja til spennet var borte. Eit neverfarg måtte alltid liggja klart til vedlikehald av taket. Det kunne vera ein drope som måtte takast ut, eller ein stormskade som måtte rettast opp. Var det større stormskader, måtte det ytast hjelp både med never og arbeid. Det var nedfelt i dugnadsplikta; ei gjensidig «husforsikring».

 

Nevera vart lagd lagvis på troborda på sperrene. Ho var oppdelt i 8 toms lengder og vart lagd frå ufs til ufs, slik at det ikkje vart skøytar som vatnet kunne koma gjennom. Torva vart lagd med graset ned, for å hindra at røtene vaks ned gjennom taket. Takvinkelen var viktig. Nevertaket måtte ikkje vera brattare rausta enn at øksa låg på sperra utan å «reka». Då teglpanner og helletak vart vanlege, kom gjæringsraust og triomsraust i bruk. Gjæringsraustet var 45°; triomsraustet hadde ei fastlagd sperrelengd på 2/3 av breidda på huset. Sperrelengda vart rekna frå møne til raftestokk, utanom sperreutstikket. På ufsa låg torvhaldet, ein stokk som heldt torva på plass. Både torvhaldet og krokane kunne vera av einer eller brake, som rotnar seint.

 

Når arbeidet var unnagjort, venta eit festmåltid. Det var fløytegraut.

Handverksbygda

Vi får eit interessant bilete av det gamle bygdehandverket og handverkssamfunnet i andre halvdel av 1700-talet, gjennom ei samtidskjelde på Voss. I ein av dei første årgangane av Bergens Adressecontoirs Efterretninger, i 1767, finn vi eit innlegg frå signaturen «M» om dei mange dugande handverkarane på Vestlandet, etter at han året før hadde vikla seg inn i ein diskusjon om bøndene i Vikøy var dyktigare enn andre:

 

«Thi vil jeg alene Tage til Beviis Bønderne herpaa Voss, blandt hvilke jeg en Tid har boet, og oprægne de Haandværkere iblandt dem, som jeg har lært at Kiende og efter Sandhed og Fortieneste kand beskrive.....»

 

Så reknar han opp alle dei haghendte finsmedane i vossebygdene, og fortel vidare om tømmermenn og snikkarar som lagar dei finaste dører og vindaugo, senger og skåp, dragkister og andre kister, og mellom «Quindfolkene»: «Spindersker», «Væversker», «Skræddersker» og «Knyttersker».

 

Signaturen «M» står truleg for Even Meldahl. Han hadde vore residerande kapellan i Vikøy før han flytte til Voss og hadde arbeidt ut eit manuskript til Beskrivelse over Hardanger og en Deel af Søndhordlehn i åra 1757-59. Dette var eit svar på det rundskrivet kanselliet i Kongens København sende ut i 1743 til norske stiftamtmenn, amtmenn, biskopar, prestar, futar og sorenskrivarar for å henta inn materiale om næringsgrunnlag, arbeidsliv og skikkar i norske bygder, som grunnlag for eit stort opplagt topografisk-økonomisk verk om Noreg. Dette vart det aldri noko av, men dei mange svara som kom inn, gjev oss eit kjærkome innsyn i bygdene på 1700-talet, sett gjennom embetsmannens briller.

 

Den allsidige handverksproduksjonen i vossebygdene må ha gjort inntrykk på han. Kramkarane frå Voss, som selde mange av desse varene, var velkjende i mange bygder både på Vestlandet og Austlandet. Vevskeier, karder, bjøller og vadmål var hovudprodukt; ein vevskeibindar kunne ha 8–10 mann i arbeid og laga opp til 1000 vevskeier for året – ein rein husflidsindustri.

Jørgen Garnaas og Nordmandsdalen

Husflidsrørsla og nasjonalromantikkens interesse for det folkelege kulturmiljøet hadde sine forløparar hundre år tidlegare. Nokre tiår før den gryande romantikkens odelsbondebegeistring for alvor vakna i Det Norske Selskab i København mot slutten av 1700-talet – på same tid som residerande kapellan Even Meldahl i Vikøy arbeidde ut sin Beskrivelse over Hardanger og en Deel af Søndhordlehn i 1757-59 - busette postførar Jørgen Garnaas seg i Bergen. «Bildhauer» og «postexpresser» Garnaas, som var fødd i Nes i Hallingdal i 1723, var delvis vanfør etter å ha forfrose hender og føter under harde vinterstormar i postferdsla mellom Bergen og Christiania. Jørgen Garnaas fekk ry som ein dyktig treskjerar, og hans omdømme nådde også København. Interessa for bygdeskikkar, arbeidsliv og folkedrakter var stor i denne tida, og i byrjinga av 1760-åra fekk Jørgen Garnaas i oppdrag å skjera ein serie små figurar med karakteristiske attributtar og drakter frå norske bygder. Desse folkelege figurane til Garnaas vart modellar for lekamsstore steinskulpturar som vart plasserte i Nordmandsdalen i Fredensborg slottshage i Danmark. Med stor grad av nøktern naturalisme forma Jørgen Garnaas desse figurane, som lokale folkelivsskildringar av folk i kvardagsbunad; ein forunderleg realisme midt i rokokkoens tidsalder («En Strudshamns Mælke Pige», Fiskar frå «Sunds Præstegield», Vedberar, "Wangs Præste Gield, een Kierke Gangs Kone", «Manger Præstegield»).

Lars Skaala, ein av dei dugande skipstømmermennene ved verven i Skålafjøro i Rosendal, bygde mange av dei skarptseglande sunnhordlandsjaktene som pløgde Nordsjøen og Austersjøen. Foto frå 1912 (foto: A. B. Wilse, eigar: Norsk Folkemuseum (W 14202)).

Bomseglar med hatleband på hekken (foto: Knud Knudsen, eigar: Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen(KK 1653)).
Børatog var oftast av bast (foto: Knud Knudsen, eigar: Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen(KK 1652)).

Tvinninga er eit presisjonsarbeid. Ingvald Skålnes på Torget i Bergen under Torgdagane i 1992 (foto: Egil Korsnes).

Arnatveit (foto: ukjent, i privat eige).

Firebladsrosa – eller åttebladsrosa – på denne bringekluten frå den gamle Osbunaden, er her innskriven i Olavsrosa; den andre valknuten – ein kombinasjon av to svært alderdommelege motiv (foto: Egil Korsnes, i privat eige).

Kiste frå Ulgenes i Ullensvang, måla i 1825. Denne frodige folkelivsskildringa av rosemålaren Gunnar Anfindsen Årekol er eineståande i europeisk folkekunst. Fremst ser vi kjøkemeisteren, så kjem brudgomsmennene, dernest brudgommen, spelemannen, far til brura og så brura sjølv, følgd av kjellarmannen, tre brurekoner med skaut og så to brurejenter som vert frårøva «krunebomma» – eit fast innslag i brurefølgjet. På kyrkjetrappa står presten. Det er ingen ringare enn prost Nils Hertzberg i Ullensvang. Han hadde sjølv sterke interesser for etnografiske studiar av bygdelivet; han skreiv ein artikkelserie i «Budstikken» 1818-20, han teikna sine sokneborn i høgtidsdrakt og han laga ein akvarell av «Et Bryllop i Kinservig Præstegield». Her får vi eit eineståande nærbilete av embetsmannens litt tørre, dokumentariske stil mot rosemålarens frodige og folkelege skildring; to personar i same kulturmiljø, men i kvar sin kulturtradisjon (foto: Egil Korsnes)

Nils Hertzberg (frå: Kolltveit, O. (1962) Odda, Ullensvang og Kinsarvik i gamal og ny tid, s. 113)
  • Grevenor, H. red. (1936) Det norske håndverks historie. Oslo, Norges håndverkerforbund.
  • Noss, A. (1977) Statuane i Nordmandsdalen. Oslo.