• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

 Folgefonna, Sørfonna

Turisttransport med hestar på den søre iskappa på Folgefonna, Sørfonna. Utsyn mot nord.

KLIMAINDIKATOR OG LANDSKAPSSKULPTØR

To av landets – og Fastlands-Europas – største isbrear, og dertil ei mengd småbrear, ligg innanfor Hordalands fylkesgrenser. Den «evige» is er lett tilgjengeleg, og lett å verta bergteken av. Det går 17. mai-tog til toppen av Hardangerjøkulen, og Folgefonna er utstyrt med trekkhjelp på sommarskisenteret i Jondal. Somme av hordalandsbreane er eigenrådige; vekst og tilbaketrekking skjer ofte i utakt med breane elles i landet. Især er Folgefonna lunefull. Nærleiken til kysten og den rikelege tilgangen på nedbør har gjort Folgefonna til ein etternølar og ein særling i brehistoria.

Bredanning kan berre skje når vinternedbøren i form av snø er større enn smeltinga om sommaren. Snøfenner og is kan likevel verta liggjande i årevis utan å verta bre. Først når massane av is og snø er så tjukke at dei sklir sakte nedover ei skråning av eiga tyngd, kan opphopinga kallast bre.

Dei første tusenåra etter istida var det eit mildt klima i Skandinavia, med sommartemperaturar 1–2 °C høgare enn i vår tid. I denne perioden låg skoggrensa på Hardangervidda nokre hundre meter høgare enn no. Dei fleste, kanskje alle, breane her til lands smelta truleg vekk, éin eller fleire gonger. For 5000–6000 år sidan vart så klimaet kjøligare att. Fleire stader vart det danna nye brear i høgtliggjande fjellområde. Folgefonna er eit unnatak, det skulle gå endå vel 1000 år før ho vart danna. Den kraftigaste breveksten dei siste 10 000 åra gjekk likevel føre seg seinare – under «den vesle istida» – som varte frå omkring 1650 til 1920. Dei fleste breane i Noreg var på det største på midten av 1700-talet. Igjen var Folgefonna noko seinare – først på slutten av 1880-talet og rundt 1930 var utløparane frå denne breen på det største. I 1930- og 1940-åra smelta dei fleste brearmane kraftig tilbake, hovudsakleg som eit resultat av varme somrar. Etter 1960, og spesielt på slutten av 1980-talet og først på 1990-talet, har nokre av dei kystnære breane i Noreg rykt fram, medan innlandsbreane har smelta tilbake.

Brevekst kan synast merkeleg når det samstundes er teikn på auke i verdstemperaturen. Forklaringa er at høgare temperatur fører til meir fordamping i Nord-Atlanteren. Dermed aukar nedbøren på Vestlandet, og det vert meir snø i kystfjella. Slik får breane tilført større vekst om vintrane enn den auka avsmeltinga om somrane greier å fjerna.

Folgefonna

I Peder Claussøn Friis si bok Norriges oc Omliggende Øers sandfærdige Bescriffuelse frå 1613 finn vi den første kjende omtalen av Folgefonna. I 1752 kalla Erik Pontoppidan breen «Fuglefang», og forklarar namnet med at «fugle» kjem av fuglar som flyg over breen. Desse fuglane er sjelene til menneska som etter segna ligg under fonna, som Guds straff etter eit stort snøfall.

Kvifor er det ein bre nett her? Høgda på fjellplatået og dei store nedbørsmengdene er forklaringa på denne bredanninga. Fuktige vestlege vindar frå havet vert pressa opp og avkjølte over platået, slik at det vert mykje nedbør. På austsida av Folgefonna, langs Sørfjorden inn mot Odda, er nedbøren monaleg mindre. I Ullensvang er den årlege nedbøren berre 1350 mm, medan det i Indre Matre, på sørvestsida av Folgefonna, kjem 3070 mm. Oppe på breen er nedbørsmengda større enn nede ved fjorden. På Blomstølsskarbreen, på den sørvestlege delen av Sørfonna, fell det i overkant av 5000 mm i eit normalår. Midtfonna og Nordfonna får om lag 3500 mm. Gjennom året fell om lag 70 % som snø og 30 % som regn. Sommartemperaturane på Folgefonna er vanlegvis ikkje høge nok til at smeltinga kan oppvega vinterpåfyllinga av snø. Dermed er breen liv laga.

Den kystnære plasseringa, midt i bana for lågtrykka, gjer at Folgefonna ber med seg spor etter klimautviklinga i heile regionen kring Nord-Atlanteren. Nedbørstilgangen heng nøye saman med temperaturen på overflatevatnet i havet vest for oss, og med posisjonen for den polare jetstraumen. Brehistoria vitnar derfor om verknaden av havstraumar og atmosfæriske vindar i farne tider. «Folgefonden fortel ingen ting» er tittelen på Opus 151 av Geirr Tveitt. Hardangerkomponisten skulle berre ha visst kva soger isen fortel til dei som veit å lesa breskrift.

På våre breiddegrader vert lufttemperaturen vanlegvis 0,6 °C lågare for kvar hundre meter ein stig til vêrs. Når lufttemperaturen er 6 grader nede ved fjorden, er det altså nær null grader 1000 moh. Vanlegvis snør det på dei høgaste delane av Folgefonna når det regner ved fjorden og temperaturen er under 10 grader. På godvêrsdagar blæs det ofte ein kald vind nedover brearmane. Det kjem av avkjøling av lufta over breen. Dermed vert lufta tyngre, og resultatet er ei vindrørsle nedetter dalane. Når lufta så vert varma opp igjen lenger nede i dalen, stig ho til vêrs på nytt. På den måten kan breen skapa sin eigen vind, ein såkalla katabatisk vind.

Breelvar er manna for kraftutbyggjarane. I nedbørsfattige vår- og sommarmånader har desse elvane stor smeltevassføring, som kan utjamna produksjonskapasiteten. Så er då òg fleire av breelvane frå Folgefonna nytta til kraftproduksjon. På sørsida gjeld dette Sunnhordland Kraftlag sine anlegg i Blåelva (Blåfalli). Elvane frå Bondhusbreen og nordover til Jondal er nytta av Statkraft i Folgefonn-anlegget (Mauranger).

Undersøkingar på Folgefonna

Den første som skreiv ei vitskapeleg avhandling om Folgefonna, var Sjur Aa. Sexe (1808–1888) frå Sekse i Ullensvang. I 1864 kom Om Sneebræen Folgefon ut i Christiania. Han omtala smeltinga på breen om sommaren, temperaturtilhøva i breen, danning av bresprekker og isrørsle. Bak i skriftet er eit fargelagt kart over Folgefonnhalvøya (under) som han laga spesielt for denne utgjevinga. Sexe vart seinare professor i «bergbygning og fysisk geografi» ved Universitetet i Christiania. Av stor vitskapeleg interesse – og viktige som historiske dokument – er òg fotografia som Knud Knudsen frå Tokheim i Odda tok av Buarbreen og Bondhusbreen frå om lag 1870 og utover på byrjinga av 1900-talet.

I 1900 fekk Johan Rekstad sett i gang målingar av endringar i frontposisjonen til Bondhusbreen og Buarbreen, og i 1905 gav han ut Iagttagelser fra Folgefonnens Bræer. I dette vitskapelege skriftet er det eit bilete av Blomstølsskarbreen på sørsida av Folgefonna. Biletet syner at denne delen av Folgefonna har gått mykje fram etter 1904. På 1960-talet byrja Norges vassdrags- og elektrisitetsvesen (NVE) å kartleggja vassdragsressursane rundt Folgefonna, og i 1963 sette dei i gang systematiske målingar både i vassdraga og på breen. På den nordlege delen av Sørfonna vart snøakkumulasjonen målt om våren og avsmeltinga utover sommaren. Skilnaden mellom akkumulasjon og avsmelting vert kalla breens massebalanse. På Blomstølsskarbreen vart det utført målingar av massebalanse mellom 1970 og 1977. På Holmaskjera (1565 moh.) og ved Fonnabu (1450 moh.) vart det gjort daglege vêrobservasjonar fram til 1975. Dessutan vart istjukna målt langs eit tverrprofil frå nedst på Gråfjellsbreen over til brekanten mot Buardalen. Føremålet var å finna ut om det var mogeleg å føra vatnet frå Buardalen over til Mauranger. Smelteboringar på Bondhusbreen i samband med leiting etter vatn for kraftproduksjon synte at breen var 150–200 meter tjukk på borestaden. Ein reknar med at Folgefonna kan måla opptil 300–400 meter på det tjukkaste. Dersom tjukkleiken er gjennomsnittleg 150 meter, inneheld Folgefonna eit volum på vel 30 km3 is.

Mellom 1981 og 1994 vart det utført få bremålingar på Folgefonna. Sommaren 1994 vart det igjen sett i gang undersøkingar fordi elva frå Blomstølsskarbreen brått tok seg nytt utløp, bort frå Sunnhordland Kraftlags inntak og til Mosneselva. Målingane førte til at det vart laga eit nytt kart over breutløparane langs sørkanten av Folgefonna. Kartet syner korleis breflata har variert mellom 1959 og 1995.

Isrørsla på Folgefonna vart målt på Gråfjellsbreen og på Breidablikkbreen på midten av 1960-talet. Farten i breen var berre 1–2 meter i året nær bretunga og om lag 20 meter ved likevektslina (sjå neste side). På Blomstølsskarbreen var den årlege isrørsla ved likevektslina monaleg større, 50–60 meter. Den største isrørsla vart målt på Bondhusbreen. På toppen av brefallet var farten 100–150 meter i året.

Kor gammal er Folgefonna?

Nyare undersøkingar har synt at Folgefonna, heilt sidan innlandsisen smelta vekk, har oppført seg annleis enn andre brear i Sør-Noreg. Rett etter istida gjorde Folgefonna fleire store framrykk. Framrykk frå denne tida er enno ikkje oppdaga på nokon annan bre i Noreg. Det siste store framrykket før breen smelta vekk, skjedde for om lag 10 000 år sidan. Etter dette var Folgefonna vekke i mange tusen år. Dei første spora av Folgefonna – slik vi kjenner henne i dag – kom for om lag 5200 år sidan. Då voks breen seg raskt stor og stengde mellom anna Jukladalen nord for Nordfonna. Det førte ein stor flaum nedover Jondalsvassdraget. Dette gjentok seg for om lag 1000 år sidan, før breen igjen vart mindre som ei følgje av varme somrar og lite snø om vinteren. Den største og mest omfattande breveksten i Folgefonna si nyare historie kom i «den vesle istida», ein periode prega av vekslande vêr, med både varmare og kaldare somrar enn i vår tid. Dei historiske kjeldene – dei fleste frå dei lett tilgjengelege breane i Bondhusdalen og Buardalen – syner at Folgefonna var seinare i snuen enn dei andre breane på Vestlandet. Den sørlegaste delen av breen hadde si maksimale utbreiing så seint som rundt 1940.

Før 1850 veit ein lite om endringane i Bondhusbreen, men breen tok til å gå kraftig fram tidleg på 1860-talet. Då han var på det største, i midten av 1870-åra, braut han ned bjørkeskogen. Vidare gjennom 1870- og 1880-åra var breen framleis stor, for så å variera noko i storleik fram til 1911. Deretter smelta fronten tilbake fram til 1921. Mellom 1922 og 1932 rykte breen igjen kraftig fram. Det førte til at han var nesten like stor som på midten av 1870- talet. Den ytste og den inste moreneryggen på flata nedanfor Bondhusbreen er altså frå midten av 1870-talet og frå rundt 1930. På 1930- og 1940-talet smelta brefronten kraftig tilbake oppetter dei bratte svaberga, nedanfor dagens front. I dei neste 30 åra endra breen seg lite. På byrjinga av 1990- talet byrja han å gå fram igjen som eit resultat av stor vinternedbør på slutten av 1980-talet og først på 1990-talet. Frå 1999 har det igjen vorte ein tilbakegang.

Historiske kjelder frå 1850-åra tilseier at bretunga til Buarbreen ikkje var synleg frå Buer, og at breen var i tilbakegang i 1860, men at det i tiåra før hadde vore ein kraftig breframstøyt. Kring 1870 byrja breen å veksa, og augevitne skildra veksten som dramatisk. Han gjekk over gammal beitemark og øydela eit sel og gammal skog. Breveksten stansa i 1880-åra, men ein ny brevekst rundt 1890 førte til at han var lengst framme i 1893. Breen byrja så å trekkja seg tilbake, men rykte fram igjen på 1930-talet. På slutten av 1930-talet og på 1940-talet smelta han derimot kraftig tilbake. På 1990-talet har Buarbreen vore i vekst, men har òg gått tilbake frå 1999.

Hardangerjøkulen

Den sirkelforma Hardangerjøkulen er Noregs sjette største bre. I Sør-Noreg er det berre Jostedalsbreen og Sørfonna som er større. Rembesdalsskåka i sørvest, Austre og Vestre Leirbotnskåka i søraust og Blåisen og Middalsbreen mot Finse i nordaust er dei mest kjende brearmane. Seismiske målingar syner at den største istjukkleiken er mellom 300 og 400 meter. Hardangerjøkulen er ein av dei best undersøkte breane i Sør-Noreg, og då særleg korleis breen har variert gjennom dei siste 10 000 åra. Tradisjonelt har ende- og sidemorenar vorte nytta til å rekonstruera kor store breane har vore tidlegare. Det største problemet ved bruk av slike morenar som mål på brevariasjonar er at dei breframstøytane som går lengst,øydelegg morenane frå tidlegare framstøytar, som ikkje nådde like langt. Den største breframstøyten på våre kantar gjekk føre seg for om lag 10 000 år sidan, mot slutten av den siste istida. Den nest største skriv seg frå «den vesle istida» på midten av 1700-talet; då låg bretungene frå Middalsbreen og Blåisen to kilometer lenger framme enn i dag. Moreneryggene som markerer denne fronten, er mange stader tydelege i terrenget. Alle ende- og sidemorenar frå breframstøytar i den lange perioden imellom vart derfor øydelagde av breframstøyten under «den vesle istida». Ein måtte såleis bruka alternative metodar for å finna ut korleis Hardangerjøkulen hadde variert gjennom det meste av perioden etter den siste istida.

Når ein bre eroderer berggrunnen han glir over, vert det produsert eit fint steinmjøl. Det er dette steinmjølet som gjev breelvane den karakteristiske grågrøne fargen. Ser ein elvar med slikt steinmjøl, veit ein at elva har tilsig frå bre. Likeins viser avsetjingar av steinmjøl i myrar og i sedimenta på botnen av vatn at det truleg låg brear i terrenget ovanfor på den tida då avsetjinga skjedde.

På Finse er det myrbasseng og vatn som, avhengig av kor stor breen har vore i tidlegare tider, har fått avsett steinmjøl. Når breen var liten eller heilt vekksmelta, vart det berre avsett organiske sediment i desse bassenga. Først når breen vart større, vart det avsett steinmjøl. Ved å datera slike endringar kan ein rekonstruera korleis Hardangerjøkulen har variert i storleik gjennom tidene.

Hardangerjøkulen var vekke i tusenåret frå for vel 8000 til for vel 7000 år sidan. Lenge før breen smelta vekk, kanskje meir enn tusen år før, voks det furuskog på Hardangervidda. Om klimaet var varmt nok for furu, var likevel vinternedbøren stor nok til at heilårsisen kunne eksistera med furuskog som nabo. Sidan kom og gjekk breen fleire gonger, men frå om lag for 4000 år sidan og fram til vikingtida voks han jamt og trutt, fram til dagens storleik. Den jamne utviklinga vart berre avbroten av ein kraftig framvekst under «den vesle istida». For å rekonstruera isens tilbaketrekking etter «den vesle istida» har det grågrøne kartlavet vore nytta som indikator på kor gamle moreneryggene er. Når steinar dukkar fram frå breen, byrjar det å veksa lav på dei. Kjem breen tilbake, vert lavet skrapa vekk. Lavet veks sakte ut frå eit sentrum og legg på seg nokre tidels millimeter kvart år. Ved å studera storleiken på kartlavet på steinane kan ein datera morenerygger frå ulike bretunger i høve til kvarandre. Ved Hardangerjøkulen er kartlavet frå «den vesle istida» om lag 9–11 cm i diameter, og han vert gradvis mindre inn mot dagens brefront.

Massebalansemålingar på Rembesdalsskåka utførte av Norges vassdrags- og energidirektorat syner at mellom 1963 og 2000 auka bremassen. Når vi fordeler dette masseoverskotet over heile breen, svarar det til eit vasslag som er om lag 6 meter tjukt. På 1990-talet har målingar ved Blåisen og Middalsbreen vist at desse breutløparane har gått om lag 25 meter fram. I same perioden har Rembesdalsskåka gått fram rundt 50 meter. Åra 2000–2003 smelta breane mykje tilbake grunna varme somrar.

Småbreane i Indre Hardanger og på Hardangervidda

Rundt indre delar av Hardangerfjorden og på vestlege delar av Hardangervidda ligg det i tillegg til Hardangerjøkulen fleire mindre brear. Av dei mest kjende er Såteskavlen, breane på Vassfjøro, Vossaskavlen, Osaskavlen og Omnsbreen på nordsida av Hardangerfjorden. Frå nord mot sør på Hardangervidda er dei namnsette breane Dyrafonn, Træsfonn, Solfonn, Storfonn, Nupsfonn og Breifonn.

Breane på Hardangervidda har minka sterkt etter 1930. Tilbakegangen er lett å sjå når gamle kart vert samanlikna med flybileta som vart samla inn i 1960 og 1994. Etter dei gamle karta å dømma hadde både Omnsbreen og Nupsfonn form som samanhengande brekapper for 70–80 år sidan. Omnsbreen like nord for Finse, den einaste av småbreane som har vore undersøkt nærare, var på om lag 13 kvadratkilometer på 1930-talet. I dag er han så godt som vekksmelta. Nupsfonn er meir som ei rekkje småbrear å rekna, med brerestar som ligg igjen mellom oppstikkande nutar. Træsfonn har vorte til ein botnbre. Truleg er småbreane på Hardangervidda berre nokre titals meter tjukke.

Frå snø til is

Tørr, nyfallen snø har normalt ein tettleik på rundt 0,1 g/cm3. Når snøen vert transportert vidare av vind, pakkar han seg tettare, til rundt 0,3 g/cm3. Vidare setningar, samanpressing og frysing av smeltevatn aukar tettleiken til om lag 0,55 g/cm3.Snø som overlever ein sommar, har stort sett denne tettleiken og vert kalla firn.

 

Den vidare auken går føre seg ved at større iskrystallar «et» opp dei mindre. Tettleiken aukar langsamare i denne prosessen, men ein jamn tilgang på vatn nede i firnlaget gjer at det etter kvart vert danna islag. Ved ein tettleik rundt 0,8 g/cm3 er firn nærast lufttett og er vorten breis. Luft som er igjen, samlar seg etter kvart som luftbobler i isen. Tabellen under syner vekta av ein kubikkmeter (i kilo) og porevolum (i prosent) for ulike typar snø og i is.

 

                                       Kilo               Prosent
Dunsnø                        10–30              99–97
Vanleg nysnø               30–60             97–93
Fokksnø (pakka)        100–300            89–67
Rennesnø                  200–300            78–67
Kornsnø                     200–400            78–56
Firn                            300–800            65–20
Breis                          800–900            30–5
Is                                   917                    0
Vatn                             1000                   0

Tida det tek før firn er vorten breis, varierer mykje, og er hovudsakleg bestemt av sommartemperaturen. På brear som ligg i område med kystklima, kan omdanninga gå så raskt som på 5–6 år.

  • Sørfonna frå fly, mot nord.

Folgefonna

Folgefonna er samlenamn for tre iskapper: Sørfonna dekkjer eit areal på 168 km2, Midtfonna 11 km2 og Nordfonna 26 km2, til saman 205 km2. Det høgaste punktet på Folgefonna er 1662 moh. og ligg like aust for Fonnabu på Sørfonna. Det lågaste punktet er brefronten til Bondhusbreen, om lag 480 moh.

  • Kart over Folgefonnhalvøya

Eit fargelagt kart over Folgefonnhalvøya av Sjur Aa. Sexe (1864)

  • Profil frå søraust til nordvest av istjukna og høgda på fjelloverflata frå Buarbreen til Gråfjellsbreen

Profil frå søraust til nordvest av istjukna og høgda på fjelloverflata frå Buarbreen til Gråfjellsbreen. Isen er om lag 250 meter tjukk på det meste. (NGU/Arve Tvede/Sverre Mo)

  • Endringer i brefrontposisjon for Bondhusbreen

Massebalansen for brear

Massebalansen for brear er eit resultat av endringar i avsmelting (ablasjon) og tilførsel av masse (akkumulasjon), som igjen fører til volumendringar i breane. Dette tilhøvet vert òg kalla breens budsjett eller materialhushald. Breens massebalanse vert vanlegvis gjord opp som ein rekneskap for kvart år, der akkumulasjonen er dei samla «inntektene» og ablasjonen representerer dei samla «utgiftene». Nettobalansen blir negativ eller positiv, alt etter om ablasjonen er større eller mindre enn akkumulasjonen. Balanseåret – eller budsjettåret – går frå slutten av smeltesesongen det eine året til slutten av smeltesesongen det følgjande året. Akkumulasjonssesongen varer vanlegvis frå 1. oktober til 30. april (7 månader), medan ablasjonssesongen er frå 1. mai til 30. september (5 månader).

 

Massebalansen for norske brear vert vanlegvis målt ved at ein set stakar ned i breen ved starten av akkumulasjonssesongen. Snømengda reknar ein om til vassvolum ved å ta målingar av snøtettleiken. I tillegg til dei meteorologiske faktorane kan topografien på breoverflata ha stor innverknad på snøfordelinga, ved at snøen gjerne blæs av høgdedrag og vert samla opp i søkk på breoverflata.

 

Likevektslina er den sona på breen der akkumulasjonen er lik ablasjonen. I år med negativ massebalanse ligg likevektslina høgt, medan ho i år med positiv massebalanse ligg langt nede på breen. Høgda på likevektslina varierer med dei klimatiske tilhøva, der sommartemperatur og vinternedbør er dei to viktigaste faktorane. Ettersom vinternedbøren er størst på den sørlegaste delen av Folgefonna, ligg likevektslina så lågt som 1350 moh. på denne delen av breen. Nord for Buardalen stig ho til 1500 moh.

 

Endringar i brefrontposisjonen er ei tilpassing til endringar i akkumulasjon og ablasjon for å oppnå ei dynamisk og klimatisk likevekt. Brefronten er den delen av breen som syner størst reaksjon på endringar i massebalansen. Frontvariasjonar er eit resultat av samansette, korte og langvarige klimafluktuasjonar. Fordi det går ei viss tid før eit eventuelt isoverskot eller masseunderskot har forplanta seg nedover breen, er det ei forseinka reaksjonstid i brefronten i høve til endringar i massebalansen. Figuren syner frontvariasjonar til Bondhusbreen frå 1904 og fram til 2003.

  • Breane formar underlaget

Breane formar underlaget

I botnen av breen ligg det fastfrosne bergartsfragment av ulik storleik. Desse fragmenta verkar som eit slag sandpapir på berget under breen. Fjerninga av materialet (erosjonen) består av sliping og plukking.

 

Slipeprosessen etterlèt seg isskuringsstriper. Stripene vert laga av bergartsfragmenta i kontaktsona mellom isen og underlaget. Retninga på isskuringsstripene syner breen si rørsleretning. Mange stader kryssar isskuringsstripene kvarandre. Dette syner at isrørsleretningane har endra seg over tid.

 

Isen kan sprengja laus større blokker, ofte langs sprekker i fjellet, og transportera dei vekk. Når is i rørsle støyter mot oppstikkande fjellknausar, aukar trykket på han, og det gjer at temperaturen i isen òg aukar. Når temperaturen når trykksmeltepunktet, temperaturen som isen smeltar under ved eit visst trykk, byrjar isen å smelta. På lesida av knausen minkar trykket, og temperaturen fell slik at vatnet frys til is igjen nede i fjellsprekkene. Her vert steinblokker sprengde laus under frysinga, blokker som isen deretter plukkar med seg. Dette kallar vi plukking. Desse steinane er så med på å skura neste støytside. Den asymmetriske forma på rundsva (under) syner klart kva for ein veg isen har gått.

  • Hardangerjøkulen

Hardangerjøkulen

Hardangerjøkulen er ei samanhengande iskappe, med eit areal på 73 km2. Breen strekkjer seg frå om lag 1860 moh. øvst på breplatået ned til 1050 moh. ved fronten av Rembesdalsskåka, mot sørvest.

  • Rembesdalsskåka

Dei øvste kurvene syner årlege variasjonar i massebalansen (sjå definisjonar i «Massebalansen for brear») vinter og sommar, og nettobalansen for Rembesdalsskåka i perioden 1960–2000 omrekna i vasstjukkleik. Den nedste kurva syner netto oppsamla masse på breen for heile denne perioden. (Atle Nesje/Sverre Mo)

  • Brefrontvariasjonar på nordsida av Hardangerjøkulen gjennom dei siste 10 000 åra

Brefrontvariasjonar på nordsida av Hardangerjøkulen gjennom dei siste 10 000 åra. (Atle Nesje/Svein Olaf Dahl/Sverre Mo)

  • Bresprekker
  • Bresprekker

Bresprekker

Under brerørsla vert breen utsett for deformasjon, trykk og strekk. Der strekk-kreftene er størst, sprekk isen opp, og der trykk-kreftene dominerer, vert isen stuva opp. Djupare nede i breen er trykket av overliggjande is vanlegvis større enn strekk-kreftene. Dette er grunnen til at bresprekkar sjeldan vert djupare enn 20–30 meter, sjølv om unntak finst der brear strøymer over konvekse parti og ned mot bratte brefall. Eit døme på det siste er Blåisen ved Finse, der sprekkene er nær 40 meter på det djupaste.

Blomstølsskarbreen fotografert i 1904

Blomstølsskarbreen fotografert i 1904 (foto av Johan Rekstad). Vatnet, som er stort i 1904, er monaleg mindre i 1971 og så godt som borte i 1996.

Blomstølsskarbreen fotografert i 1971

Blomstølsskarbreen fotografert i 1971 (foto av Arve Tvede). Vatnet, som er stort i 1904, er monaleg mindre i 1971 og så godt som borte i 1996.

Blomstølsskarbreen fotografert i 1996

Blomstølsskarbreen fotografert i 1996 (foto av Dagfinn Vatne). Vatnet, som er stort i 1904, er monaleg mindre i 1971 og så godt som borte i 1996.

Bondhusbreen

Bondhusbreen høyrer til våre første store turistattraksjonar. Fotografert av Knud Knudsen tidleg i 1890-åra.

Brefronten i Buardalen

Det er store krefter som er i sving når isen smeltar og breelvar fossar nedetter fjellsidene. Brefronten i Buardalen. (Svein Nord)

Træsfonn

Ein av småbreane på Hardangervidda, Træsfonn. I bakgrunnen ser vi Nordfonna (t.h.) og Midtfonna på Folgefonna. (Arve Tvede)

  • Andersen, B. G. 2000. Istider i Norge. Landskap formet av istidens breer. Universitetsforlaget.
  • Hagen, J. O.; Liestøl, O.; Sollid, J. L.; Wold, B.; Østrem, G. 1993. Subglacial investigations at Bondhusbreen, Folgefonni, Norway. Norsk Geografisk Tidskrift 47/3:117–162.
  • Nesje, A. 1995. Brelære. Høyskoleforlaget 1995.
  • Rekstad, J. 1905. Iagttagelser fra Folgefonnens bræer. Norges Geologiske Undersøkelsers Årbok.
  • Sexe, S. A. 1864. Om Sneebræen Folgefond. Universitetsprogram for annet halvår 1864. Christiania.
  • Tvede, A. M. 1973. Folgefonni – en glasiologisk avviker. Naturen 97:11–15.
  • Tvede, A. M. 1989. Floods caused by a glacier-dammed lake at the Folgefonni ice cap, Norway. Annals of Glaciology no 13.
  • Østrem, G.; Dale Selvig, K.; Tandberg, K. 1988. Atlas over breer i Sør-Norge. Noregs vassdrags- og energiverk, Hydrologisk avdeling, Meddelelse 61.