• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Norheimsund

Norheimsund – tettstaden som har vakse fram ved det tronge sundet – ligg på motsett side av garden Norheim. Bilete frå ca. 1900 (Knud Knudsen, eigar: Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen (KK 8124)).

EI SOGE OM MENNESKET OG MILJØET

Garden ved det tronge sundet

Legg du vegen om Norheimsund, gjennom Hardanger, vil du leggja merke til det smale sundet når du køyrer over brua der sjøvatnet strøymer inn og ut or Movatnet. På den austlege sida av sundet ligg garden Norheim, i dag inneklemd mellom mange nye hus. At sisteleddet – sund viser til dette sundet, kan vi lett tenkja oss. Norheimsund er såleis eit namn som er lett å forstå – tilsynelatande. Det du gjerne ikkje visste, er at også Nor tyder (trongt) sund! Dette ordet finn vi i fleire stadnamn, som t.d. Norefjell og Noresund austafjells. Namnet har altså ikkje noko med retningsordet «nord» å gjera. Norheimsund blir to gonger sund. Opphavleg har det vore ein busetnad her (gno. (h)eimr) som, truleg alt for 1500 år sidan, vart kalla Norheim; «garden ved det tronge sundet».

Også namnet på kommunen, Kvam, er eit gammalt namn. Det tyder ein kort, vid dal, og det er vel ikkje vanskeleg å sjå at det må vera Steinsdalen, dalen innanfor Norheim og Movatnet, som har gjeve namn til bygda.

Landskap og namn

Når vi reiser gjennom det vestnorske landskapet, er det gjerne naturen med sine mektige og mangfaldige former som først fangar auga. Det er også lett å oppdaga dei mange kulturspora som fortel om korleis menneska i dette landskapet har levd og lever: åker og eng, busetnad, bygningar og anlegg. Men det er ei anna viktig side ved kulturhistoria som ikkje kan lesast direkte or den fysiske omgjevnaden, men som i like stor grad fortel om det menneskeskapte miljøet. Det er stadnamna. Alle landskap som menneska har utnytta, har sine stadnamn, synlege og usynlege på same tid. Synlege fordi dei ofte knyter seg til karakteristiske formasjonar og punkt, usynlege fordi dei ikkje står skrivne i klartekst på nutar og nes. Stadnamna er ein slags kulturhistorisk spegel som reflekterer det mangslungne vekselspelet mellom menneske og natur gjennom tidene. Dei fortel om rydjing og busetnad, om husdyrhald og åkerdrift, om jakt, fiske, handel og andre sosiale tilhøve. Stadnamna er kort sagt ei soge om menneska i samspel med naturen.

Korleis har stadnamna vorte til?

Medan mange nye stadnamn i dag er resultat av ei medviten namngjeving, har den store mengda av tradisjonelle stadnamn vakse fram så å seia av seg sjølv. Eit språkleg uttrykk som karakteriserte tilhøva på staden på ei eller anna vis, vart etter kvart ei fast nemning – eit namn på staden. Eit område med mange åsar vart kanskje heitande Åsane. Ein ås med mykje lind kunne verta heitande Lindås (men ikkje alle åsar der det veks lind, heiter «Lindås»!). Ei vik eller ei hamn der ein Gjermund budde ein gong, kunne få namnet Gjermundshamn. Når eit slikt språkleg uttrykk var innarbeidt som namn, trong ikkje namnebrukarane tenkja over kva «tyding» det hadde. Namna hadde – og har – først og fremst funksjon som ein referanse eller ei adresse til ein viss stad. Dei fleste veit at Øystese er ei bygd i Kvam i Hordaland, men ingen har kunna gje noka sikker forklaring på kva namnet tyder. Vi veit berre at sisteleddet er ei forkorting av det utdøydde ordet vin «naturleg eng». Ikkje ein gong gjennomsiktige namn som Odda og Leirvik vert automatisk sette i samband med «odde» eller «vik med leirbotn».

Språkleg mangfald

Kor mange stadnamn som finst i Hordaland, er vanskeleg å avgjera. Dersom vi reknar med eit gjennomsnitt på 75 namn for kvar matrikkelgard, vil det til saman for dei 3500 gardane i fylket verta godt over 250 000. Då tek ein med stort og smått av namn på innmark og utmark og alle slags naturformasjonar frå fjell til fjøre. Storparten av desse namna er likevel ikkje i levande bruk i dag. Endringane i driftsmåte og busetnad har ført til at mange stadnamn i beste fall kviler i minnet til den eldste generasjonen – om dei ikkje er gløymde for alltid. I 1930-40-åra samla skuleborn inn ei mengd stadnamn rundt om i landet og berga på den måten mykje frå gløymsla. I seinare år er dette innsamlingsarbeidet ført vidare ved hjelp av moderne kart og intervjumetodar. Stadnamna i eit område viser eit utruleg språkleg mangfald. Storparten av namna inneheld eit nemne (grunnord) som fortel om tilhøva på staden. Såleis kan vi møta høgdenemne som fjell, haug, horg, nip, nipe, nut, ås, t.d. Lønahorgi, Arnanipa, Dyranuten, kulturnemne som bø, gard, gjerd(e), kvile, stig, t.d. Storebø, Damsgård, Segelgjerd og samanlikningsnemne som kiste, nos, okse, stakk, t.d. Raudnos, Oksen, Løvstakken. Til saman finst det fleire hundre ulike terrengnemne og samanlikningsnemne som er nytta i stadnamna i fylket.

Dei fleste namna er samansette, og vi vil sjå at ordtilfanget i føreleddet vekslar i endå større grad enn i etterleddet. Nær sagt alle omkverve og førestellingar kan få uttrykk i stadnamna, både av naturgjevne og menneskeskapte tilhøve. Landskapsformer, jordbruk, fehald, fiske, fangst, handel, industri og samferdsle vert spegla av i namna, som t.d. eid i Eidfjord, older (or) i Ålvik, alm i Alsåker, kalv i Kalvøyna, falkefangst i Falkafangarnuten, far(a) i Fadnes (eldre Farnes), skute i Skutevik.

Dei eldste stadnamna

Dei stadnamna vi har i dag, har vorte til gjennom eit langt tidsrom. Oftast er det vanskeleg å seia kor gamle dei einskilde namna er. Men ut frå visse språklege og faktiske tilhøve kan ein del av dei tidfestast omtrentleg. Vi reknar med at ikkje så få kan førast attende til byrjinga av vår tidsrekning. Somme har kanskje rot heilt attende i bronsealderen – til tusenåret før Kr.f. Med den spreidde busetnaden den gong kunne berre namna på dei mest kjende lokalitetane haldast oppe i lengre tid, og då helst namn på større øyar, fjordar, vassdrag og fjell. Det er såleis rimeleg at øynamn som Bømlo, Stord, Sotra, Huglo høyrer med til denne eldste gruppa. Desse øyane har lege sentralt til i seglleia og har hatt godt grunnlag i fiske og fangst for tidleg busetnad. Også formelt peikar slike avleidde namn mot eit tidleg språksteg. Særleg perspektivrikt er eit namn som Arna, opphavleg truleg elvenamn med grunntydinga ‘strøyma’ – i så fall kan det vera språkleg i slekt med det italienske elvenamnet Arno!

Få stadnamna flokkvis i tale ...

Namnegranskarane er nok opptekne av å tolka stadnamna einskildvis, særleg slike som er språkleg interessante, men materialet vil gje større kulturhistorisk innsikt om ein får namna flokkvis i tale, dvs. om ein innanfor eit område ordnar dei i grupper etter språklege og funksjonelle kjennemerke. Vi skal sjå på nokre slike grupper.

Busetnad og rydjing

Landet har vorte busett gradvis. For busetnadshistoria har vi visse haldepunkt i dei store gardsnamnklassane på -vin, -(h)eim, -stad, -land, -bø, -åker, -set(e), -tveit.

Namneleddet -vin, «naturleg eng», finst i ca. 100 namn i fylket. Desse namna kan ha vorte til gjennom heile det første tusenåret e.Kr. Truleg kan vi setja tyngda av dei til 300-600-talet. Til vin-gruppa høyrer kjende namn som Bergen, ei nedertysk form av det eldre Bjorgvin, gno. bjorg «berg(rekkje)», og Øystese. Namneleddet -vin synest ha gått or bruk som levande nemne alt i gno. tid. I stadnamna førekjem ordet no ofte i ei sterkt nedsliten form, t.d. Kinne av eldre Kinn-vin (om kinn sjå Kinsarvik). Oftast endar dei på -e (æ), men når førsteleddet er eit einstava ord på vokal, vert n ståande, t.d. Bryn av eldre Brú-vin. Mange vin-namn, slik som Bryn, har fått omlyd. Det heng saman med at både v og i i vin fører til omlyd av den opphavlege vokalen i førsteleddet, t.d. Sondve av eldre Sand-vin (v-omlyd) og Væte av eldre ­Vátvin (i-omlyd). Den siste er eldst og skriv seg frå før gammalnorsk tid. På RV. 13 frå Steinabergbrui til Kinsarvik kjem vi framom fem vin-namn: Sandvin, Espe av Osp-vin, Sekse av Sax-vin (etter ei elv som har vore samanlikna med ei saks), Børve (same opphav som Bergen), Røte av Rót-vin. Eit anna kjent vin-namn er ­Granvin - her er den eldre lokale ­uttalen Graven. Flest vin-namn har Voss med om lag halvdelen av vin-namna i fylket.

Gamle namn på -(h)eim «liggjestad, bustad» finst det òg ca. 100 av, fordelt over heile fylket, t.d. i soknenamna Austrheim, Seim og Solheim i Nordhordland, Grindheim og Onarheim i Sunnhordland, Oppheim på Voss. Grind- heng truleg saman med grande «grusbanke». Onarheim kan innehalda ei avlagd ordform ón «jordstykke». Av namn på -stad, gno. staƒir «(bu)stad», kan nemnast Årstad i Bergen og Mongstad i Lindås. Det første inneheld truleg det gamle namnet på Ulriken, gno.­ Alrekr «den ruvande». Førsteleddet i Mongstad er personnamnet Magnus, av latin magnus «stor». Av dei 320 gamle namna på -land «jordstykke, land­(område)» reknar vi med at ein stor del skriv seg frå folkevandringstida. Her kan vi nemna Byrkjeland, av eldre birki «veksestad for bjørk», og Eskeland, av eldre -eski «veksestad for ask». Førsteleddet i Hordaland inneheld folkenamnet hordar, som kan omsetjast med «krigarfolket». Ein reknar med at same folkegruppa har sett spor etter seg i Hardsyssel i Danmark. -land-namna var særleg produktive i folkevandringstida.

Andre namneledd som fortel om busetnad, er -bø «gard» (ca. 30), t.d. Sæbø i Nordhordland og Eidfjord, og -åker (ca. 20), t.d. Åkra i Sunnhordland, -set «bustad, sæter», t.d. Maurset. Både desse og det meir utbreidde -tveit «(flat) rydning, jordstykke» (ca. 130), ofte brukt usamansett i forma Tveit(e) o.l., har hovudsakleg vorte til i vikingtida og hundreåra frametter.

Gjennomgåande yngre er namn på -gjerde, -trod/-træ(d) «tiltrakka plass», -grind, -hage, -jord o.fl. Gardsnamn på -støl eller -sæter tyder ofte på at ein tidlegare støl har vorte teken i bruk til fast bustad. Gardar med namn frå desse siste gruppene ligg gjerne i utkanten av den gamle busetnaden, i motsetnad til dei meir sentrale vin-, (h)eim- og bø-namna. Namn på -land og -stad ligg òg relativt sentralt.

Usamansette gardsnamn av opphavlege naturnamn i ubunden form, ofte i dativform, som Dale, eller i fleirtalsform som Fitjar, til fit «fuktig, lågtliggjande eng» er det vanskelegare å plassera i ein namnekronologi, men dei høyrer stort sett med til eit eldre namnelag. Det gjeld mange samansette namn i ubunden form òg, som Jondal (med usikker tyding), Vaksdal (førsteleddet er våg) og det meir gjennomsiktige Lindås. Usamansette og samansette namn i bunden form, særleg av vanlege ord som i Klypet (om innsnevra lende), Almelia, Humlegarden (åker der dei dyrka humle), har hovudsakleg kome til i dei siste par hundreåra. Eit sikkert kriterium for ei bakre aldersgrense har vi i namn som knyter seg til kristendomen. Såleis må namnet Kirkhus ved Gjermundshamn skriva seg frå etter år 1000 då kristendomen vart innført i landet. På den andre sida må ein rekna med at namn med førkristne gudenamn som Ullensvang og Frøynes må vera monaleg eldre enn år 1000. Mange gardsnamn førekjem i diplom og jordebøker frå mellomalderen. Dette gjev ei sikker grense for kor gammalt namnet minst må vera. Særleg er den kyrkjelege jordeboka Bergens kalvskinn frå ca. 1360 eit viktig dokument for gardsnamna i fylket. Her finn ein t.d. Nesttun skrive «i nedra Tuni». Om ein ikkje visste kva namnet tydde før, ser ein det av denne skrivemåten.

Hundvåko – «den fiskerike»

Langs kysten, innover i fjordane og opp langs vassdraga finst det ei mengd stadnamn som viser til fiske eller til førekomst av fisk, t.d. Notneset, Seigrunnen og det meir kjende Laksevåg. Det merkelege namnet Hundvåko i Austevoll vert tolka som «den fiskerike». Etterleddet meiner ein heng saman med å vaka (om fisk), medan føreleddet synest innehalda eit forsterkande ord hundmargir «svært mange». Øynamnet Sild har ikkje noko med fiskeslaget å gjera, men er i slekt med sel. Meir direkte er dette dyrenamnet representert i Seløyna i Øygarden. Det er likevel vanskeleg å avgjera om namn på Sel-, Bjørn-, Ulv-, Oter-, Rein-, Hjort-, Hauk- eller Ørn- viser til fangst eller berre til førekomst av desse dyre- og fugleslaga. Oftast må ein rekna med det siste. Dei fleire hundre stadnamna med ord for bjørn i Hordaland vitnar såleis helst om at bjørnen har vore på ferde. Somme stadnamn som inneheld dyrenamn, kan ha opphav i ei samanlikning med dyret eller delar av det, t.d. Bjørnaskallen, Bjørnatrynet.

Husdyrhald og jordbruk

Naturleg nok vil det vera ei særleg stor gruppe av stadnamn som fortel om jordbruk og husdyrhald. Føresetnaden for desse aktivitetane har vore ein mangesidig bruk av det kringliggjande landskapet. Rydding og dyrking, fórsanking, beiting, støling, skogsdrift, urte-/bærsanking o.a. har vore knytt til ulike lokalitetar som av praktiske grunnar har fått eigne namn. Mange av stadnamna er direkte vitnemål om desse aktivitetane, ikkje minst dei store bustadnamngruppene vi har vore inne på ovanfor. Hit høyrer òg Rødna «rydningen», Havrå, jf. gno. hafr «bukk», Lambadalen, Tømmerneset.

Ein kvilestad på vegen

Ein føresetnad for økonomisk vekst i lokalsamfunna har vore varehandel og kontakt med verda omkring. Mellom dei ulike bygdene har det frå gammalt funnest ferdsleleier, både til lands og til sjøs. Somme punkt langs desse leiene kan lesast or stadnamna, t.d. Knarrvik, jf. gno. knorr «stort handelsskip», Steinestø, til (båt)stø. Om kvilestad for ferdafolk fortel Salhus, gno. sáluhús «herberge», og bygdenamnet Evanger, jf. gno. áivangr «kvilestad med hestebeite», i bygdemålet uttala «ævånga». At Evanger har lege ved ei viktig ferdslelei, syner òg gardsnamnet Kvilekvål. Den vestnorske forma kvål «frittståande høgd» er språkleg i slekt med namn som Hol og Hole i Buskerud.

Gamle gudenamn

Mellom stadnamna som fortel om tru og tenkjemåte, utgjer dei førkristne kultnamna ei særleg viktig gruppe, t.d. Ullensvang og Frøynes i Ullensvang, Ulland, Frøland og Totland i Samnanger. Desse vert sette i samband med gudenamna Ull(in), Frøya og Tor. Av slike namn finst det ei rekkje rundt om i fylket. Hovland, samansett med hov «heidensk offerstad» førekjem heile 7 gonger. Namn som viser til tussar og troll, t.d. Gygrastolen, Tussafoten og Jøtulen har nok oftast vorte til etter kristendomen var innført, til dels i seinare hundreår. Somme namn viser at folk også i eldre tid var opptekne av å møtast til leik og gaman, t.d. Lekven, Lekve (båe samansette med leik og vin) og Leikvoll. Ein fritidsaktivitet som må ha vore populær lenge før Rikstoto oppstod, var kappriding eller kappkøyring. Desse aktivitetane føregjekk ofte på stader dei kalla skeid, og dette ordet førekjem i ikkje så få stadnamn, t.d. Skeide, Hallingskeid.

Desse døma viser berre litt av fasettane i den kulturhistoriske spegelen som stadnamna utgjer. Alvor og fest går hand i hand – det kan ein lesa av Skredbakkane, Gråten, Likhella, Brurastolen, som alle har sine soger bak seg. Men ofte lyt ein grava djupt for å finna forklåringa. Bryllåm i Etne kan lett føra tanken på avvegar om ein ikkje veit at den gammalnorske forma er Brennlangr «den langvorne brende teigen»

Åsane

Åsane – ingen treng vera i tvil om kva dette namnet tyder (Helge Sunde).

Drageidkanalen

Drageidkanalen ved eidet mellom Henangervatnet og Skogseidvatnet. Namnet er enkelt å forstå når ein kjenner samferdsla i eldre tid. Her drog dei båtane over det smale eidet mellom vatna. Kanalen vart bygd i 1887 (Svein Nord).

Melderskin

Melderskin, det majestetiske fjellet som reiser seg høgt over Rosendal, har fått namn etter snøen og sola: «Fjellet som skin» (Svein Nord).

Ulriken

Ulriken er truleg ei omlaging av eldre Alrekr «den ruvande, som rekk høgt». Dette namnet ligg og til grunn for førsteleddet i bydelsnamnet «Årstad» (Svein Nord).

Faksimile av Bjorgynjar Kalfskinn

Faksimile av Bjorgynjar Kalfskinn (Bergens Kalvskinn; ei jordebok frå mellomalderen skriven på kalveskinn). Her finn vi til dømes ein gard i nærleiken av Birkeland kyrkje i Fana omtala som «i nedra Tuni» (Nesttun) (eigar: Riksarkivet (AM 329 fol. 30v.)).

Odin, Tor og Frøy framstilte på eit svensk biletteppe frå 1100-talet

Odin, Tor og Frøy framstilte på eit svensk biletteppe frå 1100-talet. Stadnamn som byggjer på gamle gudenamn er ein fellesskandinavisk kultur. Til venstre den einøygde Odin, i midten Tor med hammaren og til høgre Frøy, guden for grøderikdom, som held på eit kornaks (Teppe frå Skog kyrkje, Hälsingland, Riksantikvarämbetet, Sverige).

Terrassane i Eidfjord

Terrassane i Eidfjord mellom vatnet og bakgrunnen og fjorden i framgrunnen er gammal sjøbotn danna av lausmateriale frå breelvar. Då landet heva seg, laga det seg eit eid mellom vatnet og sjøen. Eidet er delt i to av elva Eido, t.v. Hæreid «det høgare eidet», og t.h. Lægreid «det lågare eidet». I mellomalderen fanst òg fleirtalsnamnet Eiðar (frå: Kjerulf, T. (1878) Stenriget og fjeldlæren, s. 280).

  • Helleland, B. red. (1975) Norske stedsnavn/stadnamn. Oslo, Grøndahl.
  • Olsen, M. (1910) Søndre Bergenhus Amt. Norske Gaardnavne. Kristiania, Fabritius.
  • Sandnes, J. & Stemshaug, O. (1990) Norsk stadnamnleksikon. 3. utg. Oslo, Samlaget.