• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Rekonstruksjonsteikning av ei vikingtidskvinne ståande ved veven sin

Denne rekonstruksjonsteikninga av ei vikingtidskvinne ståande ved veven sin gjev oss eit glimt av den store historiske tradisjonen som ligg bak dagens åklevevarar. Ho vev med tråd av ull frå utegangarsau av same type som dei du i dag møter i beitelandskapet i Austevoll (teikning: Åke Gustavsson, frå: Almgren, B. et al. (1975) Vikingene. Oslo, Cappelen.) (utsnitt)

ÅKLEVEVING PÅ OPPSTADGOGN

Det var folkelivsgranskaren Eilert Sundt som først gjorde folk kjende med oppstadgogna. Artikkelen han skreiv i bladet sitt, Folkevennen, i 1865 viser at han hadde opplevd å sjå ei samekone veva grener i Troms. Han skildra og åklevev i «den sydlige Del af Bergens Stift (søndenfor Sogne-Fjorden) ....», der dei vov «Aaklæder med ...mangefarvede Ruder og Stjerner. Det er vakre og særdeles solide Senge-Dækkener». Dette høver svært godt på dei åklea frå Nordhordland og Sunnhordland vi kjenner i dag, vovne på oppstadgogn, åklestøyrer eller åklestø som det heiter i dialektane i Hordaland. I Folkevennen fekk Sundt også med ein illustrasjon av åklestøyrer frå Fana som kom til Universitetets oldsaksamling i 1860; dei vart seinare deponerte ved Norsk Folkemuseum. Enno i dag er oppstadveven ein levande tradisjon. Når Berta Liarbø i Fitjar spenner opp ein åklevev på oppstadgogna si, arbeider ho i ein ubroten vevtradisjon heilt attende til forhistorisk tid.

Åkle var opphavleg eit plagg brukt til overbreisle på senger. Åkleet har dessutan også eit anna namn i Hordaland: brotkvitel. Ordet finst i gammalnorsk og har tusenårig tradisjon. Det kan tolkast som ein kvitel (sengeteppe av ull) med brot, det vil seia med mønsterborder eller brauter. I Sunnhordland heiter åklea fleire stader brautåkle.

I Hordaland har det vore i bruk to slag vevstolar det kunne vevast åkle på. Den eine typen er vanleg vevstol eller flatvevstol. Dette namnet kjem av at renninga i veven er strekt flatt mellom to rullar. Flatveven fanst over heile fylket. Historisk kan ein seia at flatveven er yngst. Han kom i bruk i høgmellomalderen her hjå oss og spreidde seg utover bygdene etter kvart. Den andre vevstolen vert kalla «åklestøyrer», «oppstø», «åklestø», eller berre støyrer. Den offisielle nemninga er oppstadgogn, som heiter så fordi renninga her er strekt mellom ein vevbom øvst i veven og steinar som renninga er fest til nede.

Den norske tekstilforskaren Marta Hoffmann har i si doktoravhandling The warpweighted loom laga eit register over åklestøyrer frå Vestlandet som finst i norske og nordiske samlingar. Oppkjøparen J.B. Evanger var mellommann for mange av dei, og det ser ut til at han har fått tak i dei fleste oppstadgognene på Osterøy. Som i Fitjar har oppstadveven vore i bruk i Hålandsdalen fram til vår tid.

Materialet som kom inn til ei stor tekstilutstilling Sunnhordland Museum skipa til på Stord i 1958, viste at åklestøyrene dominerte meir eller mindre som åklereiskap i Sveio, Stord, Bømlo, Fitjar, Halsnøy og Fjelbergøyane i Kvinnherad, i Tysnes og Austevoll, dessutan i Midthordland og i Nordhordland. I resten av fylket brukte dei flatvev.

Storleiken på åklea kan veksla, men ikkje særleg mykje. Som regel er dei kring 120 cm breie og 180 cm lange. Det har naturlegvis å gjera med at dei då høvde på sengene, som var stuttare og breiare enn i dag. Kva er det så på åkleet som viser at vevaren har brukt åklestøyrer eller oppstadgogn?

Alle åkle har ein jare der vi ser heile innslagslykkjer kring den ytste renningstråden på kvar side. Men i begge endane vil det vera avskorne renningstrådar på åkle vovne på flatvev. Dessutan er flatvevåkle ofte vovne i to halvpartar som er sydde i hop langs midten. Det kjem av at vi oftast ikkje kan veva breiare enn ca. 60 cm på ein flatvev, medan åklebreidda gjerne er det doble.

Til åklestøyrene må vevaren først tvinna ei tjukk snor av innslagstrådar i dei fargane dei skal bruka i åkleet. Snora må vera litt lenger enn vevbommen oppe på støyrene eller «oppstøna».

Renninga blir laga til med heile renningslykkjer i eine enden. Den tjukke snora blir trædd gjennom dei heile renningslykkjene og blir deretter sydd fast med sterkt snøre til rullen oppe på støyrene. På rullen er det ei list som det er bora mange hol i, og nåla blir trædd gjennom desse hola. På denne måten vil åkleet få ein tredje «jare» i øvste kanten, heile renningslykkjer kring ei snor i denne kanten. Endane på snora blir laga til som ein dusk eller ei flette i dei to øvste hjørna på åkleet når det er ferdig. Denne tredje jareliknande kanten øvst på åkleet kan ein berre få til på åklestøyrer. Dette er difor eit sikkert teikn på at det er oppstadgogn som er brukt.

I den nedste delen på desse åklea er renninga sjølvsagt skoren av, og endane kan ha knutar og hanga frie. Det kan òg vera sydd krosslagde trådar i ulike mønster og fargar over dei siste innslaga, slik at dei ikkje så lett skal gli ut.

Vevinga

Vevinga tek til oppe under den store rullen på åklestøyrene etter at den tjukke tvinna snora, og renningslykkjene med ho, er sydde fast til lista med hol i. Lykkjene vert jamt fordelte etter kvart som snora vert sydd fast. Steinane som strekkjer renninga, blir knytte fast nede mot golvet, og dei må vegast slik at tyngda blir jamt fordelt på renningstrådane. Skil i veven kjem fram ved at annankvar renningstråd er fest til ein hovela-stokk med hovlingslykkjer. Den andre halvparten av renningstrådane kviler mot eit skilblad nedst i vevgrinda, der det gjerne er sett inn pinnar som hindrar renningstrådane i å gli sidelengs på skilbladet.

Med dette utstyret kan vevarane veva toskaftvev. I det eine skilet kviler hovela-stokken mot åklestøyrene. I det andre skilet vert hovela-stokken dregen ut til han kviler i to klufter, ei på kvar side. Dei vart somme stader kalla krykkjer og stod fast i hol i sidestolpane. Det var fleire slike hol, så kluftene kunne flyttast opp eller ned. Når dei vov med desse to skila, førte dei innslagstråden rett gjennom vevskilet, frå jare til jare.

Vevaren kan ikkje så godt bruka skyttel til å føra innslagstråden fram og attende i renningsskilet, sidan renninga heng rett ned. Difor er innslaget nøsta opp i ei litt langstrekt «dokke», med ein fastare ende til å halda i. Innslaga blir slått fast med ei vevskei som gjerne er av hardt tre eller av eit sidebein i ein kval.

Når vi samanliknar åkle i Sunnhordland med åkle i Nord- og Midthordland, fell likskapen mellom dei i augo. Men vi ser òg at det finst «dialektskilnader» mellom bygdelaga i mønsterbruken og i «stilen» i desse åklea. Dette gjeld først og fremst åklea med smettebordar og krokbragd og andre teknikkar som ikkje er toskaft.

Krokbragd og smett

Det er mange detaljar i vevkunsten som har sine presise nemningar, anten det gjeld teknikkane eller mønstervariantane. Den enkle toskaftvevinga, med gjennomgåande innslagstrådar, gjev eit teppe med horisontale bordar eller striper, slik vi til dømes kjenner dei vakre samiske «gren»-teppa i sauekvitt og sauesvart, som også er vovne på oppstadvev.

Det er denne typen som på gammalnorsk vart kalla «brotkvitel»; ein hovudvariant mellom åkletypane heilt fram til vår tid (brautåkle).

Til alle andre teknikkar enn toskaft må vevarane nytta smetting i oppstadveven. Dei kalla det træing eller smøying. Her måtte dei telja innslagstrådar og smøya innslagstråden inn og ut mellom renningstrådane med fingrane. Det er dette som ligg i nemninga «smett».

Med denne teknikken har det ikkje vore særleg meir arbeidssamt for vevarane i dette vevstolområdet å bruka ei lang rad ulike figurmønster og fleire fargar i åklea sine. Dermed er åklematerialet frå oppstadveven blitt så variert og så spennande, og mange åkle vitnar om rik fantasi og skaparevne hjå vevarane. I realiteten er denne framgangsmåten svært lik den som blir brukt til biletvev i våre dagar, med den skilnaden at på kunstvevstolane kan ein som regel veva nedanfrå og oppover.

Det interessante er at den varianten av oppstadveven som finst i Hålandsdalen, kan gje ein peikepinn om dei vevstoltypane som vart brukte til biletvevinga i austlandsdalane i mellomalderen og i seinare hundreår.

Vevarane i Sunnhordland «slår ut håret» og smeller til med store smettebordar, ofte tre-fire på same åkleet. Der finn vi åttebladroser, ulike geometriske figurar som t.d. krossar i mange variantar, «trappefigurar», lynbordar, avtrappa «lynbordar» osb. Dei kan vera symmetrisk ordna eller stå i rekkjer. Ein finn også initialar og årstal i desse smettebordane.

Ull og plantefargar

Fargebruken viser ein fast tradisjon som kan gå langt bakover i tid. Det har vore vanleg med sauesvart og sauekvitt, dessutan gult og raudt og delvis blått. Regelen var at kvart åkle hadde frå 4 til 6-7 fargar, som regel plantefargar: potteblått, korkje (kochenille) eller maure som raudfarge og gult frå bjørkelauv. Dei kjemiske pakkefargane er sjølvsagt eit seint fenomen i denne samanhengen, men dei førte ikkje til at vevarane brukte særleg fleire fargar enn før.

Materialbruken var sjølvsagt også avgrensa til det som var tilgjengeleg i miljøa. Innslaget i ull fekk dei frå spelsauen, som var den gamle sauerasen i området, men utover på 1800-talet kom der inn utanlandske sauerasar, ikkje minst frå England og Skottland. Tidleg på 1800-talet kan ein finna eksempel på åkle med heimespunnen bomull som kvit innslagstråd. Føresetnaden for dette måtte vera importert råbomull, og det var nok særleg den reine lyse kvitfargen som freista.

Som renningsmateriale dominerte hamp, men det hende at lin, stry, ull eller fabrikkspunnen bomullstråd vart brukt. Kunsten å spinna, kunsten å veva og kunsten å farga ulla er ein kunnskap som har vore ein viktig ressurs i naturalhushaldet gjennom fleire tusen år. Og framleis fascinerer vevkunsten stadig nye generasjonar.

Utegangarsau

Utegangarsau (Peter Emil Kaland).

Karakteristiske detaljar i oppstadvevteknikken

Karakteristiske detaljar i oppstadvevteknikken (Svein Nord).

Åkle frå Sunnhordland

Åkle frå Sunnhordland, ein type med lange tradisjonar (Ann-Mari Olsen, eigar: Universitetsmuseet i Bergen (Bd 5516)).

Med garndokker i ulike fargar smetter Berta Liarbø inn og ut mellom renningstrådane

Med garndokker i ulike fargar smetter Berta Liarbø inn og ut mellom renningstrådane. Det er kljåsteinane som held renningstråden stram. Slike kjenner vi frå 3000 år gamle funn (Jan Rabben).

  • Hoffmann, M. (1964) The warp-weighted loom: studies in the history and technology of an ancient implement. Studia Norvegica, 14. Oslo, Universitetsforlaget.
  • Hoffmann, M. (1981) Oppstadvev. I: Danstrup, J. ed. Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder, bind 12. 2. utg. Rosenkilde og Bagger, s. 621-629.
  • Holtsmark, A. (1939) «Vefr darradar». Maal og Minne.
  • Skre, B. G. (1959) Åklevevarar i Sunnhordland. I: Sunnhordland Årbok. Stord, Sunnhordland museum, s. 48-53.
  • Skre, I. Sunnhordlandsvevnader. Katalog til tekstilutstilling på Leirvik, Stord.