• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Primstav frå Tveit i Kvinnherad

Primstav frå Tveit i Kvinnherad, datert 1657 (Svein Skare, eigar: Universitetsmuseet i Bergen (Bd 10)).

Den gamle, norske bondekalenderen, primstaven, følgjer norrøn tidsrekning og deler året i eitt sommarhalvår og eitt vinterhalvår. Sommarhalvåret byrjar 14. april og har oftast eit lauvtre som merke. I Hordaland var dette «spadagen»; då kunne ein byrja spa kornåkrane i dei varmaste liene. Vinterdagen 14. oktober har ein vott som merke; no går det mot kaldare tider. Somme av merka på primstaven er «folkelege»; eit drikkehorn for jul tyder at no skal ein følgja gamal skikk og drikka jul, ei sol for jonsok viser at no står sola på det høgste. Men dei aller fleste merka er tekne frå kyrkjekalenderen. Som merkedagsnamna er dei knytte til dei helgenane dagane har namn etter. Alle norske primstavar har ein kvernstein 15. mai, til minne om at Hallvard vart drukna med ein kvernstein rundt halsen. Ei bile på Olsok 29. juli er Olavsbila. Mange av merka vart omtolka i tradisjonen og vart knytte til arbeidsliv og vokster. Nær til primstavstradisjonen finn vi vêrmerke og årsmerke som var viktige i det gamle bondesamfunnet.

Primstaven

Førstelekken prim i namnet primstav kjem truleg frå latinsk prima i tydinga gyllental; tal som var til hjelp når ein skulle fastsetja når påska kom. Eit anna namn som har vore framme i diskusjonen, er rimstav, der gammalnorsk rim tyder tidsrekning. Det kunne høva godt, for norske primstavar har stort sett aldri gyllental.

Primstavane frå Hordaland er alle forma som ei fjøl, 80 til 100 cm lang og breidda gjerne 5–6 cm. Som vanleg på norske primstavar har dei kalendariet delt i to, eitt på kvar side av fjøla; delt i ei vinterside frå 14. oktober til 13. april og ei sommarside frå 14. april til 13. oktober. Nedst på flatene er det skore inn stutte strekar for kvar dag. Somme stavar har ei oppdeling for kvar sjuande strek, slik at det er mogleg å seia kva dag det er om ein kjenner søndagsbokstaven for året. For kvar merkedag finn vi ein figur på stavflata. Dette kan vera krossar eller halvkrossar, men det kan også vera noko som har med kyrkja eller helgenlegendene å gjera. Larsok 10. august har t.d. ei rist, for Laurentius vart brend i hel på ei rist. Helgemesse 1. november har gjerne eit skip, symbol på den kristne kyrkja. Olsok har ei Olavsbile, som var merket til vår nasjonalhelgen. Hallvardsok 15. mai har ein kvernstein; han vart drukna med ein kvernstein rundt halsen.

Nokre få merke er uten samanheng med kyrkja. Det gjeld sommarmål 14. april, som mest alltid har eit tre med lauv som merke på at no byrjar sommarhalvåret. Tilsvarande har vinternatt 14. oktober ein vott. No kan ein laga seg på at vinteren kjem. Men også dei to største årshøgtidene har profane merke. Jonsok 25. juni har ofte ei sol, for det er sommarsolkverv. Juledag har eit drikkehorn, for no skal ein «drikka jul». I samanheng med julefeiringa er det at ein finn ei tønne eller maltbøtte på Tomasmesse 21. desember; ein dag som er knytt til ølbrygginga. Eit minne kanskje etter ein gaukmånad i førhistorisk tid kan det vera når somme primstavar har ein fugl på gauksmesse 1. mai. Frå arbeidslivet er ljå og rive merke for tida 8. til 12. juli og ein kvernstein symboliserer Egidius eller kvernknarren 1. september. No venta ein på kvernvatn. Men ofte vart dei opphavleg kristne symbola omtolka. Skipet på helgemesse 1. november vart til merke på at no skulle skipsfarten ta vinterferie. Øksa på brøremesse (dei to helgnane vart halshogne) vart tolka som merke på at no måtte emneveden hoggast. Barsok 24. august har mist alle minne om at St. Bartholomeus vart halshoggen og flådd. Kniven var merke på at no skulle alle verane slaktast.

Kyrkjekalenderen

I kapittel 15 i kristningsbolken i Gulatingslova heiter det at prestane kvar i sine sysler, der dei held gudsteneste, skal senda ikring krossar før helgedagane og syta for at dei kjem til alle stader i sysla. Kvar mann skal bera krossane vidare til neste mann, og ha ansvar for at krossane ikkje stoggar opp, men vert førte til kvart tun.

For å halda greie på helgedagane, hadde prestane sine kalendrar. Somme av helgedagane galdt kyrkjelyden, andre var berre slike som prestane høgtida. Bortsett frå juletida og dagar som høyrer påskesyklusen til, var det ikring 40 «store» kyrkjelege dagar. Alle desse er også viktige merkedagar i den folkelege tidsrekninga.

Bøndene fekk også sine kalendrar; primstavar kallar vi dei. Det er all grunn til å tru at dei frå først av var messedagsstavar. Den eldste norske primstaven vi kjenner, er frå 1457. Truleg har dette vore ein stav i presteeige, for han har søndagsbokstavar og gyllental til utrekning av når påska fall. I bondesamfunnet gjekk snart den religiøse funksjonen til staven i gløyme. Messedagsstaven vart merkedagsstav; på den eine side merka for sommarhalvåret, på den andre for vinterhalvåret.

Sommarmål og vinternatt

Det må vera gammalt i Noreg at året vart delt i to. Denne delinga av året følgde landnåmsmennene til Island og har truleg også vore spreidd til grannelanda i aust. 14. april er sommardagen eller sommarmål, 14. oktober kallast ofte vinternatt. Ein kunne ordleggja seg om eit barn: «Han var fødd tre veker på sommaren».

I vår tid reknar vi med vinter, vår, sommar og haust og har meir eller mindre fast datering på desse firedelsåra. Slik var det ikkje før. Vår og haust var berre nemningar som følgde voksteråret. Men dei hadde likevel ei kvartalsinndeling i sammenheng med todelinga. Midvinter var 12. januar og midsommar 14. juli. Ei anna kvartalsinndeling var knytt til dei fire største kyrkjehøgtidene med fast datering: jul, vårfrumesse, jonsok og mikkjelsmesse. Då rekna dei 13 veker i dei to første kvartala, 14 veker i det tredje kvartalet og 12 veker i det siste. I Hamre kalla dei desse periodane for «fjerdingår», endå dei var klåre over at fjerdingane ikkje var like lange.

Dei latinske månadene var hjå oss «bokmånader», som det heitte på Island, og dei gamle norske månadsnamna er kanskje ikkje noko som folk flest kjende til. Men like opp til våre dagar har ein i etterjulstida rekna på månemånader. Den første var julemånen, den månemånaden som trettandedagen fall i. Enno er det folk på Vestlandet som reknar med dei følgjande månemånadene Torre og Gjø; somme også Einar, eller einmånaden.

I sommarhalvåret dominerte onnene som inndeling: spaonn/plogonn, mellomverken, torvonn, slåttonn, skåronn, potetopptaking og håonn.

«Jonsok og kyndelsmesse»

Det som har levt lengst i norsk tradisjon om tidsrekning, er merkedagane. Det er også dei som har vore viktigast i dagleglivet. Alt vart rekna etter merkedagar, så og så mange dagar før eller etter den og den merkedagen: når kyr skulle kalva og sau lemma, når folk var fødde og når folk døydde, avtalar i arbeidslivet og mykje anna.

Merkedagane har stort sett namn frå den katolske kyrkjekalenderen, slik at dei fell saman med namna på helgedagane. Dei er lette å kjenna att, i samanstilling med dag, messe eller voke; tjuandedagen, kyndelsmesse, jonsok. Ordet «voke» vert oftast avkorta til «ok» i Hordaland, og språkleg går det tilbake på latinsk «vigila»; nattevoke med bøn, som prestane heldt natta før dei store kyrkjefestene. Men også i det folkelege festlivet høyrer vi om at festlyden vakte heile natta, jonsoknatta. I slike tilfelle byrja festen kvelden før dagen, fordi natta høyrde til den etterfølgjande dagen. Såleis er det også i vår tid jonsokaftan 23. juni og natta som følgjer som er den store folkelege festdagen, endå jonsok er datert til dagen etter.

Dei som har gjeve namn til dagane, er fremst jomfru Maria, apostlane og katolske helgenar. Berre to av desse er norske, St. Olav med to olsokdagar 29. juli og 3. august og St. Hallvard 15. mai. Nokre få merkedagar har opphavlege norske namn, det gjeld nettopp sommarmål og vinternatt og dessutan jul og nokre dagar knytte til arbeidslivet. Merkedagane var også grunnlag for vekerekninga, som delte året opp i mindre bolkar. I Masfjorden kunne dei t.d. rekna slik: Frå jul til kyndelsmesse 5 veker, vidare til gregorsmesse 6 veker, til sommarmål 5 veker, til jonsok 10 veker, til olsok 5 veker, til barsok 4 veker, til mikkjelsmesse 5 veker, til helgemesse 4 veker og til jul 8 veker. Liknande rekna dei på Voss, men etter olsok var det 2 veker til larsok, 2 til barsok, 3 til krossmesse om hausten og 2 til mikkjelsmesse. Nær sagt kvar bygd hadde sin reknemåte.

Merkedag og arbeidsliv

Det er bondesamfunnet merkedagane høyrer heime i. Det er eit bondesamfunn som lever stort sett i naturhushald, det er grøde og avling som samlar størst interesse. I tid går ein aldri ut over året som ligg framfor ein, og det er merkeleg få merke som kan kallast langtidsvarsel.

Storparten av merka samsvarar med lokal røynsle. Ingen ting av dette regelverket hevdar individuelle meiningar; det er kollektive oppfatningar som er allment godtekne i dei lokalsamfunna dei har levt i. Dei gjev «rett tid» for onner og alle slag arbeid, varslar om ein kan venta seg god eller dårleg avling, og fortel om kva vêr ein må innstilla seg på. Somme merkedagar grip regulerande inn i tilhøvet mellom grannar, og gjev til dømes reglar for når grindar skal vera opne eller stengde, når leigedyr skal takast imot og leverast tilbake, og når ein skal buføra. Andre merkedagar er flyttedag for tenestefolk, og atter andre var halvheilagdagar som det var knytt arbeidsforbod til.

Men det dominerande var likevel von og otte for grøde og avling, og her er sjølvsagt vêret noko av det viktigaste. Alt ved pålsmesse 25. januar tok folk til å tenkja framover mot våronn og sommartid. Lengten mot vår og ny vekst voks stadig sterkare, di lenger ein kom utover i etterjulsvinteren. I tradisjonen knytt til Peder stol 22. og mattismesse 24. februar samlar interessa seg om snøen og isen som snart skal gå bort. No er ein over det verste. Gregorsmesse 12. mars merkar folk at dagane vert lysare og at våren nærmar seg. Høyet tek til å minka i løene, og folk tek merke for høyavlinga komande sommar. Ved jamvår 21. mars kunne ein byrja med åkerarbeid i dei tidlegaste vestlandsbygdene, men oftast måtte ein venta. Vårfrumesse 25. mars har vinteren sine siste rykk, men enno er det ikkje sommar. I vekene framover la merkedagstradisjonen vekt på at alt må ha si tid. Var det vårteikn å sjå, så måtte ein likevel ikkje forhasta seg. Vinteren kunne «ta hemn», som dei ordla seg: endå om alt peika på at ein fekk tidleg vår, så kunne snø og is koma før ein fekk områdd seg.

Men sommarmål 14. april kunne ein rekna at vinteren var over. No kunne åkerarbeidet byrja for alvor. Buskapen skulle vera framfødd, og endå om det var for tidleg å «løysa» og sleppa kyrne på beite, så samla interessa seg om såtid og buføring, med hallvardsok 15. mai som den viktigaste dagen. Ut i juli tok dei merke for kornavling og vêr i slåttonna. I låglandet i Hordaland byrja slåttonna 10. juli: «Kong Knut, jagar bonden med ljåen ut». Etter midsommar var det mykje otte for vêret i slåttonna. Vart det regn på dei verste regndagane, Marit vassausa 20. juli, Jakob våthatt 25., Anna 26. og sjusovardagen 27., ja, då vart det nok vanskeleg å berga tørrhøyet.

Frå og med olsok 29. juli gjekk tankane mot skuronna og haustvêret, og folk såg etter merke for nattefrost. Viktige dagar var Peders fengsel og larsok, 1. og 10. august. Gav dei gode merke, kunne det nok verta ei råd. Barsok 24. august tok haustslaktinga til; og buskapane drog frå setrane og heimover. Sauene skulle klippast, og ved mikkjelsmesse 29. september var haustinga avslutta for året og alle dyr skulle vera heimkomne.

Etter at vinterhalvåret tok til 14. oktober, gjekk tankane mot vintervervet. Gode merkedagar var helgemesse 1. og mortensmesse 11. november. Til karimesse 25. november skulle rokkane fram, og sauene skulle parast. Frå mongsmesse, eller Lussi, den 13. desember krinsa tankane berre om jula. «Frå Lussi langenatt til jul er kvar dag merkedag», kunne det heita. Men den folkelege tidsrekninga inneheld også mange element frå ei tid då folk måtte klara seg uten årstal, almanakkar eller klokker. Dei tidfeste hendingar i relasjon til lokale tilhøve: «det var endå året før den store snøvinteren», eller, «tre år etter ho mor døydde». Dei kunne vita når på dagen det var, med å sjå kvar sola stod sedd frå ein viss stad i terrenget. Slike stader fekk namn, Middagsnuten, Gladskaret, Daurmålshaugen. Dagen delte dei i økter. Det er eit gammalt ord at magen er den beste klokka.

Den gamle tidsrekninga inneheld ein rik kultur. Mykje av det vi har rekna med opp til vår tid, har røter bakover til førkristen tid, slik at det også er ein gammal kultur vi har med å gjera.

Vårarbeid på Havrå
Vårarbeid på Havrå, Osterøy i april 1950 (foto: Hilmar Stigum, eigar: Norsk Folkemuseum (O. 34025)).
St. Sunniva, Vestlandet sin skytshelgen.

St. Sunniva, Vestlandet sin skytshelgen. Saman med St. Olav framst blandt helgenane på 1400-talet. St. Sunniva har sidan stått sentralt innanfor folketrua (skulptur: Turid Brunsvik Kvalheim, foto: Svein Nord).

Stjerne nytta av Stjernegutar i Bergen

Stjerne nytta av Stjernegutar i Bergen. Kvelden før Heilage tre kongarsmesse (6/1) gjekk stjernegutane frå hus til hus og song og fekk småpengar. På Laksevåg heldt denne tradisjonen seg heilt opp til siste verdskrigen (foto: Svein Skare, eigar: Universitetsmuseet i Bergen).

  • Alver, B. (1980) Dag og merke: folkeleg tidsrekning og merkedagstradisjon. 2. utg. Bergen.