• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Portrett av Jonas Lie

Jonas Lie (portrett henta frå Nerhus, H: Frå vikings tid til vår tid)

I 1791 vart det fastsett at kompanisjefane i hæren skulle få tillagt embetsgardar. Hovudbygningen på Undarheim vart oppført i 1792 som bustad for sjefen for Søndre Søndhordlehnske Compagni. Ein av dei mest kjende offiserane som budde her, var oberst F. W. Beichmann. Han var stortingsmann i 1836-38.

I 1815 vart det lagt ut ein embetsgard til skrivargard ved sida av sjefsgarden. Hit kom sorenskrivar Mons Lie i 1845. Sonen Jonas var då tolv år gammal. Nokre år seinare flytta familien inn på sjølve sjefsgarden.

På denne tida var nok omgjevnadene meir idylliske enn i dag. Hovudhuset var ein einetasjes bygning med ein vakker inngangsportal.

Jonas vart godt kjend med folket i bygda og etter kvart lærte han seg bygdemålet. Det er særleg i romanen «Gaa Paa» Jonas Lie har nytta tilfang frå Sunnhordland. Denne romanen er ei nærstudie av tilhøva i ei fjordbygd, og ikkje minst eit livfullt tidsbilete frå den store perioden i vintersildfisket.

Seinare har sjefsgarden fått bygd på ein etasje, men portalen, trappa og den vakre hagen er den same som i 1850-åra, då familien Lie budde her.

  • Nerhus, H.: Jonas Lie og Sunnhordland. Shld. 1933, s. 6-17.