• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Godske og godskegarden

Godske og godskegarden (Minnealbum frå Godskegarden, gjengitt i: Universitetet i Bergens historie, Bind II.UiB 1996.)

GODSKE OG GODSKEGARDEN

Ein kan takka meteorologiprofessor Carl Godske for at også mange utanfor Osterøy har eit heilt spesielt forhold til Osterøynaturen. Ungdomsleirane Godske skipa på garden Øvre Kleppe på Osterøy på femtitalet, trekte til seg ungdom frå heile Europa som kom for å bli «innført i naturens mysterier», som det står. Arnold Hallén skriv i ei reiseskildring frå Osterøy:

«Han er gardbrukar på Kleppe! Nei, ikkje ein vanleg gardbrukar. Han brukar garden sin til å læra opp unge askeladdar. Dei må læra å bruka sansane sine! Ein av dei har spesialisert seg på tusenbein. Det vert nok eitkvart av den karen. Flogvitet Godske heldt eit foredrag på ståande fot, og han trivlar ikkje etter orda. Ikkje ein gong eit tusenbein er for smått for granskarhugen eller for vitskapen.»