• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Digernes

SKOGSOMRÅDE I SÆRKLASSE

Trass i at dyrelivet på Stord er betre granska og studert enn dei fleste andre stader i Hordaland, vart ein ikkje klar over rikdommen i Digernesskogen før trekantsambandet var mest ferdig planlagt.

Men Digernesskogen er framleis eitt av dei finaste skogsområda i heile Sunnhordland. Det mest verneverdige området er ikkje så stort, men det verkar enno urørt. Her kan ei røy kryssa vegen framfor deg med heile ungekullet sitt; ein annan dag kan du få nærkontakt med den vare hønsehauken. I tretoppane jaktar dei mange ekorna (biletet) etter neter. I Digernesskogen er det ikkje nøvendig å hjelpa naturen ved å hengja opp fuglekassar. Få andre skogsområde i Hordaland har så mykje daudt og døyande trevyrke. Dette gir framifrå hekkevilkår for meiser og andre holrugande fuglar. Her finst både kvitryggspett, dvergspett og gråspett som hakkar ut nye reirhol kvart år, slik at andre fuglar kan ta over dei gamle. Også spettmeisa holar ut tre for å skaffa seg bustad.

Ekorn (Jan Rabben)

  • Chert

Chert

Chert er namnet på denne fine og harde bergarten, som mellom anna finst på Digernes. Han er samansett av mikroskopisk kvarts frå kiselalgar som vart avsette på havbotnen i kambrosilurtida. Nokre av laga har ein raudleg farge som kjem av små, spreidde korn av mineralet hematitt. Raud chert er òg kalla jaspis – ein bergart som i Bibelen er omtalt både i hagen i Eden og Det nye Jerusalem.

  • Vår på Digernes

Vår på Digernes

I byrjinga av april, medan skogbotnen på Digernes er brun av gammalt, visna lauv, kan du treffa på skjelrot. Det er ei merkeleg, lita lubben plante med bleikrosa farge. Ho manglar klorofyll og grønfarge og må ta til seg næring ved å snylta på trerøter, oftast hassel. Når skjelrota har blømt av og fått mogne frukter, blir planta borte under jorda. Men det står fleire planter for tur; våren kjem tidleg på Digernes. I månadsskiftet april–mai står kusymra i full blom. Kusymre veks ofte saman med vårmarihand, og i mai kan vi finna dei begge i næringsrik furuskog og edellauvskog. Furuskog er vanlegast i den nordlege og vestlege delen av Digernes. Det veks òg mykje svartor, særleg på dei flate og fuktige partia. I sør kan vi sjå eikeskogen veksa heilt ut mot svaberga.

  • Moe, B.; Heegard, E.; Ihlen, P. G. 1996. Botaniske registreringer i det planlagte «Trekantsambandet» i Sunnhordland. UiB, Botanisk inst.
  • Rabben, J. 1997. Naturen i Sunnhordland. Eige forlag.