• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Huglo

Huglo. Jordbrukslandet på Nordhuglo med Leiro til høgre på biletet. (Jan Rabben)

FRUKTBAR OG SKRINN

Størstedelen av Huglo er bert fjell. Litt småvaksen furuskog er det einaste som finn rotfeste. Langs vest- og austsida er det derimot uvanleg grønt og frodig. Årsaka ligg både i berggrunnen og i isrørslene for 12 000 år sidan.

Den sure, fosforfattige kvartskeratofyren som dominerer Huglo og Skorpo sør i Tysnes, er ein av dei bergartane i Hordaland som gir frå seg minst næring til vegetasjonen. Kvartskeratofyren inne på Huglo er ein omdanna lavabergart, rik på silika eller kiselsyre (SiO2). Marmoren langs sjøen er derimot fri for kvarts og er den bergarten som gir mest fruktbar og kalkrik jord. Tveitvatnet, det største på øya, kan òg takka kalkgrunnen for at vatnet har tolt sur nedbør og hatt stabil pH på over 8.

Men også isen skal ha noko av æra for det gode jordbrukslandet på øya. Hadde ikkje breen funne det for godt å stansa og leggja frå seg grøderike lausmassar på delar av øya for 12000 år sidan, ville Huglo vore meir karrig. På Nordhuglo skuva breen opp ein bogeforma morenerygg ved ferjekaien i Huglavikjo. På den tida stod sjøen på Nordhuglo om lag 65 meter høgare enn i dag. Framfor breen vart det avsett grus og sand, og lenger ute leire. I dag finn vi leira att i den store vika, som blir kalla Leiro. Dette er den finaste stranda,og like ovanfor ligg den beste matjorda på øya.

På Sørhuglo kom breen ned til sjøen og skuva opp ein fin rygg, der gardane ved Kumleneset ligg. Neset må ha fått namnet sitt frå alle dei kumle- eller bolleforma steinane i området. Etter istida har landet heva seg, og bølgjer og straum har sortert lausmassane. Dei har vaska ut «kumlesteinar», medan det finkorna materialet er ført inn i lune vikar.

  • Lausmassane i strandbeltet på Leiro, Huglo

Lausmassane i strandbeltet på Leiro, Huglo, er vaska ut av den store endemorenen som vart liggjande att der isen stoppa over Huglo for 12000 år sidan. Lenger oppe, på tørt land, ligg gardar med grøderike bøar. (Svein Nord)

  • Dvergalegrås

Dvergålegras

På nordvestsida av Huglo ligg Leiro som ei vid leirbukt. Evja er langgrunn, og ved fjøre sjø blir store areal tørrlagde. I fjørevekslingssona veks det rikeleg med dvergålegras, ein av dei mest sjeldsynte plantene i landet. Dette er også den nordlegaste førekomsten i verda. Dvergålegras likar seg på grunne leirstrender og veks som regel ikkje djupare enn 20 centimeter ved vanleg høgvatn.

 

Sidan dvergålegraset vart oppdaga av Jens Holmboe på Huglo i 1922, er denne arten funnen på i alt sju stader på Vestlandet: tre i Stord, to i Kvinnherad, ein i Strandebarm og ein på Bømlo. I dag har dvergålegras forsvunne frå fleire av stadene. Det er berre dei tre i Stord som er att. For å kunna finna ut meir om denne sårbare planta sin plass i naturen er det ei sentral oppgåve å sikra at dei få førekomstane ikkje blir forstyrra av tekniske inngrep eller andre miljøendringar.

  • Aarseth, I. 1995. Sedimentene på bunnen av fjordene våre. Naturen: 219–212.
  • Færseth, R. B.; Solli, A. 1982. Geologisk kart over Norge, berggrunnskart Husnes – M 1:50.000. Norges geologiske undersøkelse.
  • Lundberg, A. 1989. Havstrand i Hordaland. Flora og vegetasjon. DN-rapport 1989–9.
  • Lundberg, A.1992. Havstrand i Hordaland.Regionale trekk og verneverdiar. DN-rapport 1992–2.
  • Reusch, H. Bömmelöen og Karmöen med omgivelser. 1888. Geologiska Föreningen i Stockholm Förhandlingar 10:392–396