Publisert: 25.07.2015 | Forfattar: Herman G.Gade
Lokksundet, «Tysnes Fjord from Tysnes Oen», teikning av C.W. Rothery frå 1845. Rothery var særs begeistra for naturen i Noreg. På Tysnes fekk han ifølgje dagboka «det mest fortryllende skue av norsk natur jeg noensinne har fått».
STRIE STRAUMAR
Skulle du vera i småbåt i Lokksundet når sjøgangen frå fjorden møter motstraum i sundet, ville du nok tenkja at du helst skulle vore på land. Under slike forhold kan bølgjene reisa seg og bli så krappe at dei bryt.
Bjørnafjorden er lengst i aust bunden saman med Hardangerfjorden gjennom det tronge Lokksundet, den naturlege sjøvegen frå Bergen til Hardanger. På det smalaste, i nord, er sundet knapt 150 meter breitt. Straumforholda i sundet er kompliserte, og det er mange faktorar som avgjer retning og styrke på straumen.
Oppstuing av brakkvatn i Hardangerfjorden, som følgje av dei mange elvane som renn ut i fjorden, er årsak til at straumen i periodar hovudsakleg går nordover. Men straumforholda er òg påverka av tidvatn og vind.
Vekslingane i straumretninga for tidvatnet viser at straumen stort sett følgjer mønsteret for tidvatnet i Hardangerfjorden. Han går sørover i Lokksundet når vatnet stig i Hardangerfjorden, og nordover når det fell. Ved springflod kan nordgåande straum koma opp i 3–4 knop der sundet er på det smalaste.Dette mønsteret kan likevel endra seg i kortare periodar, slik at straumen kan skifta retning fjerdekvar time under rolege vêrforhold. Desse hyppige endringane kjem av mange kilometer lange, låge bølgjer som svingar att og fram i fjordsystemet. Også dei har si årsak i tidvatnet.
Tidvasstraumen gjennom sundet kan vera sterk, men straumen som vinden dannar, kan gjera det vel så vanskeleg for småbåtar å koma gjennom sundet. Fenomenet er særleg tydeleg når vinden står på frå sør eller sørvest. Vassoppstuing i Onarheimsfjorden fører då til ei gjennomstrøyming til det noko lågare vatnet i Bjørnafjorden. Under sørleg kuling og tidvasstraum mot nord kan farten ofte koma opp i 5–6 knop. Er vinden frisk bris eller sterkare, kan han snu tidvasstraumen som går mot sør. Under slike forhold vel mange småbåtar å venta.