• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Tysnesmeteoritten

Tysnesmeteoritten, teikna av Hans Reusch.

BESØK FRÅ OVERVERDA

20. mai 1884, mellom klokka 8 og 9 om kvelden, landa ein meteoritt på garden Midt-Våge søraust på Tysnes. Samtidige skildringar fortel om «ildkuglen som med lynets hastighed drog fra sydøst mot nordvest. Man hørte et stærkt skrald som af en torden ledsaget av flere rullende døn». Også ein «lang hvid røg» vart observert. Ei jente fann morgonen etter ein stor, svart stein i graset.

Metoritten, på til saman 21,7 kilo, viste seg å vera den største påviste meteoritten i Noreg til då. Seinare er det berre Altameteoritten frå 1902 (78,7 kilo) som har overgått han. Tysnesmeteoritten er no å finna på Mineralogisk-Geologisk museum i Oslo.