• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Kalkomnen på Flakka, Tysnes

Flakkavågen, sør i Onarheim sokn, var kjerneområdet for Halsnøy kloster sin godseigedom i Tysnes. Dette området fell elles saman med eit større belte med kalkgrunn og kalkhaldig skifer. Denne kombinasjonen er interessant fordi det var munkane på Halsnøy kloster som først tok til å brenna kalk på våre kantar. Denne næringa er eit særkjenne ved den økonomiske tilpassinga i Flakkavågen og øyane utanfor, like frå mellomalderen av og eit godt stykke inn i vårt hundreår.

På mest kvar gard braut og brende dei kalkstein årleg. Dei brende med såkalla «limved», avbarka, små furustokkar, og det var ikkje lite ved som gjekk med. Dei fleste gav seg med kalkbrenninga på slutten av 1800-talet, då veden vart for dyr.

Men på Flakka var dei 7-8 karar som tidleg på 1870-talet bygde seg ein kolfyrt omn. Sjølve omnen står framleis, men omnshuset vart selt då hopehavet vart avvikla og brenninga innstilt kring 1900.