• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Vegen kan vera lang – også for haren

Vegen kan vera lang – også for haren. Det er ofte vanskeleg å vite kvar haren har hoppa, men her fører spora opp mot Breiarusta på Kvamskogen. (Svein Nord)

Dei kravla, dei kraup, dei sumde og flaug, dei hoppa og sprang for å koma hit. Ikkje visste dei kvar vegen bar, ikkje hadde dei arbeids- og opphaldsløyve. Reisa kunne vera både lang og farleg. Somme forsvann undervegs, somme tolte ikkje klimaet, dei verst farne vart regelrett utrydda. Og berre eit fåtal har høve til å reisa til Syden om vinteren. Ikkje desto mindre har mange av dei innvandra dyreslaga vorte verande i Hordaland, vorte integrerte, veltilpassa og som innfødde å rekna.

Alle dyrebestandar vil freista å veksa, verta velfødde og mange, inntil eit nivå der det er meir tenleg å søkja nye område med høvelege livsvilkår, der konkurransen om plass og mat er mindre. Utfordringa for nye hordalendingar er såleis ikkje så mykje kvifor dei skal dra hit, men heller korleis dei skal ta seg fram. For dei som ikkje kan flyga og heller ikkje er glade i å symja langt, er store delar av fylket nærast utilgjengeleg. Det kan nytta å ta tida til hjelp. Men inntil fleire tusen år med prøving og feiling har ikkje alltid gjeve resultat. Djupe og kalde fjordar, bratte gjel og slukter, høge fjell og klimatiske skiljeliner dannar effektive spreiingsbarrierar. Det krevst pågangsmot, kløkt og framfor alt flaks å verta hordalending, dersom det i det heile lèt seg gjera.

Dei første hordalendingane

Den siste istida er eit avgjerande skilje for Hordalands dyreslag. Det var nok ein interessant fauna i fylket før den tid også, men med nokre få unntak, slik som Fjøsangerfunna frå den siste mellomistida, veit vi lite om dyrelivet i mellomistidene. Isen øydela dei fleste spora av tidlegare liv. Først då isen trekte seg attende for litt over 14 000 år sidan, tok ting til å skje. Dei ytste delane av Hordaland var mellom dei første landområda i Noreg som vart tekne i bruk av menneska, nettopp fordi dette var dei første stadene der det utvikla seg eit dyreliv som det kunne drivast jakt og fangst på.

I havet utanfor var det sjøfugl, sel, saltvassfisk og andre marine dyr. På det som alt var land, eller skulle bli land etter kvart som isen trekte seg attende, var nok fisk mellom dei første dyreslaga som koloniserte Hordaland. Innvandrarar til elvar og vatn kom frå havet i vest – innvandrarar som kunne tola sjøvatn. Til fiskeslaga med ein vestleg innvandringsveg reknar vi røye, aure, stingsild, ål, laks, havniauge og elveniauge. Desse artane har stort sett si naturlege utbreiing over heile landet, der det er eller har vore fri tilgang frå sjøen.

Havet stod høgare på den tida enn i dag, frå 30 meter over dagens havnivå i vest til 125 meter aust i fylket. Vekta av isen hadde pressa landet ned, mest i aust, minst i vest. Fiskane som kom inn frå havet – med unntak av ålen, som også kan ta seg fram over land – var opphavleg berre å finna under eller like ovanom marin grense. Det vil seia høgaste nivå av havet like etter den siste istida, eit nivå som varierer alt etter kor stor landhevinga har vore frå isen sleppte taket og fram til i dag, og vidare opp så langt det lét seg gjera å symja, dit fossar og stryk stengde vegen vidare.

Utbreiinga til ein del av desse artane har sidan auka sterkt ved at menneske har teke med seg fisk etter kvart som dei tok landet i bruk. Det er slik flytting som er årsaka til den store utbreiinga auren har i våre dagar. I dei fleste fjellvatna hadde det elles ikkje vore aure.

På Austlandet er artsrikdomen mellom ferskvassfiskane langt større enn vestafjells. Mest sannsynleg var det tre innvandringsvegar frå aust då dei spesifikt austlandske fiskeslaga kom til landet, truleg for om lag 11 500–10 000 år sidan. Å vandra vidare til Vestlandet baud på store vanskar. I tilfelle det skulle skje, må dei ha spreidd seg i brakkvatnet langs iskanten ved kysten. Når vi i dag har gjedde og åbor i ein del vatn i vårt fylke, er det eit resultat av utsetjing. Siken kan ha hatt ein vestleg innvandringsveg over Nordsjøen. I så fall kan vesterlendingar vera opphavet til bestandane i ei rekkje vassdrag på Jæren. Det einaste vatnet i Hordaland med sik – på Engesund i Fitjarøyane – ligg så isolert til at arten må ha vorte ført hit av menneske. Då vatnet på Engesund steig opp av havet for nokre få tusenår sidan, var havet dessutan så salt at sik ikkje skulle greia å ta seg fram hit for eigen spord.

Ferskvassfiskane demonstrerer tydeleg at Hordaland er bortimot utilgjengeleg for dei fleste artane. Såleis har berre 7 av dei 18 artane ferskvassfisk som no finst i Hordaland, vandra naturleg inn. Til samanlikning finst 30 fiskeslag med naturleg utbreiing aust for vasskiljet, frå Hardangervidda til svenskegrensa.

Dei første landpattedyra

Landpattedyra har hatt det noko lettare,men somme av dei har også streva lenge med å finna ut av geografien på våre kantar. Desse dyreslaga kom noko seinare enn fisken. Oter og reinsdyr var mellom dei første – dei kom truleg frå Kontinentet, over ei istunge i Skagerrak. Då dyra ikkje lenger kunne gå tørrskodde denne vegen, vart det nok meir krevjande å ta seg hit, og det tok mykje lengre tid. Vi veit frå funn ved steinalderbuplassar at det ei tid må ha vore bra med mellom anna elg og villsvin i Hordaland. Beinrestar etter isbjørn er funne i Rogaland, og då fanst sikkert isbjørnen også hjå oss.

Pattedyr, krypdyr og amfibium som vil kolonisera Hordaland i dag, har tre moglege innvandringsvegar. Ingen av dei er enkle, med mindre skapningane anten er flinke til å symja eller ikkje har noko imot ein verkeleg krevjande fjelltur. Så er det kanskje ikkje å undrast over at det lever færre artar pattedyr i Hordaland enn i noko anna fylke i Sør- Noreg, og at vi heller ikkje har særleg stort artsmangfald av krypdyr og amfibium. Dei fleste av dei artane vi har, greier seg likevel bra. Det er kanskje like greitt, for om nokon skulle ha eit ynske om å vandra ut, er det like krevjande som å koma motsett veg.

Korleis kryssa Hardangerfjorden?

Ulike artar har ulike føresetnader for å finna fram til oss, og utfordringane er så ymse. Dei fleste pattedyra har kome – og kjem framleis – sørfrå. Dei som på nokre hundre generasjonar ikkje har makta å koma seg rundt eller over Boknafjorden, treng heller ikkje tenkja på å kryssa Hardangerfjorden. Det er ikkje lenger å symja over han dersom ein finn den beste staden, men skal ein rundt Hardangerfjorden utan kart og kompass,må det i beste fall vera eit sant slit.

Sjølv om dei fleste pattedyra i norsk fauna kan symja, vegrar mange seg i det lengste. Det er fysisk krevjande,dyra er meir sårbare i det våte elementet, og uventa og sterke straumar kan gje fatalt resultat. Eit anna problem er at fjordvatnet er kaldt, så risikoen for å frysa i hel er stor. Saltvatnet kan i seg sjølv vera eit problem – ikkje så mykje for pattedyr, men definitivt for eit amfibium som er spesialtilpassa eit liv i ferskvatn.

For krypdyra er ei lang fjordkryssing såpass hasardiøs at det mest ikkje er til å tenkja på. Krypdyra er vekselvarme, og vil fort bli nedkjølte i kaldt vatn. Med minkande kroppstemperatur går aktivitetsnivået sterkt ned, så mykje at fleire kroppsfunksjonar vil stoppa opp. Hoggorm og buorm er dyktige symjarar, men berre når vatnet er høveleg varmt.

Derfor har fleire artar si nordgrense for utbreiinga på Vestlandet i Sveio, og det har dei truleg hatt i lang tid. Det siste tiåret har rådyret stadig oftare vorte observert også nord for Hardangerfjorden, så for denne arten synest barrieren å vera broten. I så fall er det truleg berre eit spørsmål om tid før rådyret finst over store delar av Hordaland. Milde og snøfattige vintrar gjev nemleg gode vilkår for denne arten. Der rådyret vinn terreng, kjem gjerne gaupa etter, så kanskje vil vi også få attende ein levedyktig bestand av denne spenstige villkatten om ikkje så lenge.

Stålorm og firfisle har større problem. Dei er vanlege i Sveio og på nokre stader i Etne. Firfisle skal også vera observert i Odda, og ein har sett einskildindivid på Bømlo, i Eidfjord og i Fusa. Stålorm – eller sleve – finst dessutan lokalt på Stord og i traktene kring Ølve og Hatlestrand,men dei er ikkje mange. Korleis dei første individa kom seg nord om fjorden, er uvisst. Kanskje har nokre dyr ein gong følgt med eit jordlass frå sørsida?

Å ta seg rundt Hardangerfjorden er neppe ei god løysing for slike vekselvarme dyr. Dei vil då måtta forsera mange undersolte lier der temperaturen i beste fall er ugunstig store delar av dagen, og mange stader er topografien uoverkomeleg. Dette er grunnen til at det ikkje finst hoggorm i Odda.

Dersom isen legg seg, kan det lata seg gjera å kryssa somme fjordstrekningar ein kald vinterdag utan å symja. Dette er likevel ikkje eit alternativ for amfibium, krypdyr og dei av pattedyra våre som overvintrar i dvale eller går inn i ein periode med vintersøvn.

Eit alternativ til å kryssa Hardangerfjorden er å angripa Hordaland frå nord. Somme gjer vitterleg det i dag, men utfordringa på denne kanten er ikkje nemneverdig mindre. Også Sognefjorden er kald, djup og brei. Dyreslag som kjem nordfrå, er dessutan ofte dei same som tidlegare har kome sørfrå. Med tida har dei etablert seg på indre Austlandet og kanskje i Trøndelag, som dermed blir nye utgangspunkt for spreiing.

Hjortedyr på frammarsj

Sjølvsagt kan dyreslag også koma over Langfjella, og då treng dei ikkje kryssa fjordar. Men høgfjellet er brysamt å hanskast med for mange. Ikkje berre er her kaldare og meir utsett for vêr og vind enn i låglandet, det er også vanskeleg å finna mat for artar som ikkje er tilpassa eit liv i fjellet. Dertil er det store avstandar å overvinna. Det beste dømet på eit dyreslag som i dag forserer Hardangervidda utan store problem,er elgen. Han følgjer ofte éin av tre hovudkorridorar: over Haukeli og derifrå til Åkrafjorden eller Sørfjorden, over sentralvidda til Eidfjord og Ullensvang, eller tilnærmingsvis langsmed Bergensbana til Raundalen og Voss og Ulvik. Den siste er kanskje den mest nytta ruta. Ved Gravahalsen, like utanfor fylkesgrensa, er det ikkje uvanleg å sjå småflokkar med elg som søkjer beitemarker i Hordaland. Jakttrykket på elgen er høgt på Austlandet,men hordalendingar vil nok også vita å ta skytevåpen i bruk dersom stamma held fram å auka så sterkt som i dei siste åra.

Det er sjølvsagt mest interessant å diskutera dei artane som har makta å nå oss – som trivst og har danna gode bestandar i store delar av Hordaland. Skal vi peika på eit pattedyr som verkeleg står sterkt hjå oss, må det verta hjorten. Veksten i hjortestamma har vore svært sterk på Vestlandet dei siste tiåra, og det spørst om ikkje Hordaland er i ferd med å ta over for Sogn og Fjordane som det fremste hjortefylket i landet. Vi veit ikkje kor stor stamma er i dag, men for å tillata ein fellingskvote på oppunder 6000 dyr, slik kvoten er i dag, bør totalbestanden telja minst 25 000 dyr. Ingen veit kor stor stamme det eigentleg er plass og ressursar til, men truleg er det enno mykje skog og mark å gå på for desse hordalendingane.

Rovdyra som ikkje fekk bli

Hordaland har også ein vesentleg del av den største villreinstamma i Nord-Europa. Det har alltid vore vanskeleg å einast om kor stor villreinstamma på Hardangervidda vitterleg er, og korleis ho skal forvaltast. Ho bør ikkje verta for stor, i så fall kan reinen overbeita sitt eige næringsgrunnlag om vinteren. Den naturlege reguleringa er borte, ettersom rovdyra som har reinsdyr som byttedyr, er utrydda frå fjellheimen – og har vore det lenge. Dermed må lokale jegerar gjera den «jobben» som jerv og ulv skulle ha gjort. Det gjer dei med glede, men det har vist seg vanskeleg å justera uttaket til eit nivå som tilseier ein stabil bestand på rett nivå over tid. Dette er berre ei av mange og viktige utfordringar i villreinforvaltinga: Trafikkerte vegar, jarnbane, hyttefelt, ferdsle til fots og kraftliner gjer alle sitt til å avgrensa vandringa til dette dyreslaget, som frå naturen si side er vårt mest nomadiske.

Jerven er hordalendingen som ikkje fekk lov til å vera det. Ein gong fanst denne arten i alle dei større fjellområda våre. Etter kvart som bøndene sleppte sau på utmarksbeite utan tilsyn på desse stadene, vart det ikkje lenger rom for ei jervstamme. I dag er det berre tilfeldige streifdyr som stundom kryssar fylkesgrensa, og sjølv slike dyr vil ha ei svært uviss framtid. Då jerven forsvann, vart livet vanskelegare for fjellreven, dels fordi denne arten var avhengig av åtsel som låg att etter jerv i fjellet. Det hender framleis ein sjeldan gong at ein ser «fjellrev» i Hordaland, men det er helst rømde oppdrettsrevar. Finse og Halne var dei siste stadene vi hadde vill fjellrev i Hordaland. Då anleggsverksemda ved utbetringa av Bergensbana tok slutt ved Finse i 1996, vart reven så godt som borte. Han hadde då vorte fôra nokre år av arbeidarar i brakkelandsbyen. I dag er det mindre enn 50 fjellrevar att i Noreg, og inga fast stamme i vårt fylke.

Ikkje alt er lett å forklara

Det mest pussige utbreiingsmønsteret finn vi mellom amfibia. Dei toler ikkje saltvatn, og ligg i dvale om vinteren. Like fullt finn vi frosk og padde i dei fleste øykommunane våre. I somme tilfelle kan nok born ha teke rumpetroll av frosk med seg dit, men paddene er ikkje like populære utsetjingsdyr. Kanskje kom dei til øyane som stakk opp av havet like etter istida, då vatnet i Nordsjøen og Skagerrak var lite salt? På kysten stod havet då 30 meter høgare enn i dag, slik at denne innvandringsteorien berre kan tenkjast for øyar høgare enn om lag 30 moh. Det var neppe slik den meir varmekjære salamanderen fann fram til oss. Ein teori er at salamanderen innvandra til Hordaland over Haukeli i ein varmare klimaperiode enn vi har no, kanskje alt for 8000 år sidan. Den største einskildførekomsten av stor-salamander i verda finst i Hordaland, men førekomsten er isolert til ein region i Fusa, Kvam og Kvinnherad, og eit område av Sveio og grensetraktene mellom Bergen og Os. Truleg var arten meir utbreidd i Hordaland i tidlegare tider. Mange stader er han utrydda som følgje av utsetjing av fisk i opphavleg fisketomme vatn.

Det er lettare å etablera seg i Hordaland dersom ein kan flyga. Fuglar og insekt har i utgangspunktet få problem i så måte. Det trengst likevel ikkje alltid venger for å ta seg fram luftvegen. Somme edderkoppar spinn ein svevetråd som dei nyttar ved forflytting. Når vinden tek tak i denne tråden, kan små edderkoppar koma langt av garde. Det første funnet på den skandinaviske halvøya av edderkoppen Saaristoa firma ved Fauskanger i Askøy i 1977 er truleg eit døme på dette. Det næraste kjende utbreiingsområdet til arten er i England, og mest truleg har dyret kome derifrå som «luftplankton». Det kan ha vore mange slike tilfelle utan at vi kjenner dei.

Fuglane har i regelen ingen problem med å nå oss, men slett ikkje alle flygande gjester har konkludert med at Hordaland er ein leveleg stad. At austlege artar som svartspett, perleugle, lavskrike og duetrast ikkje finn seg til rette her, er forståeleg. Dei er knytte til naturleg granskog, som vi ikkje har mykje av her vestpå. Mangel på eigna hekkeplassar er også grunnen til at gravanda er mest fråverande hjå oss. Det vert litt puslete med vårt eine hekkepar på Herdla når arten er ein vanleg hekkefugl på kysten frå Haugalandet til svenskegrensa og frå Møre til og med Trøndelag.

Fylkesfulgen

Skal vi mellom fuglane peika ut ein riktig hordalending, må det kanskje verta fylkesfuglen vår – kvitryggspetten. På midten av 1900-talet var denne arten vidt utbreidd over store delar av den skandinaviske halvøya og Finland. Moderne driftsformer i skogbruket har dessverre gjort ende på det. I dag er kvitryggspetten så godt som utrydda i Finland og Sverige, og situasjonen på Austlandet er nesten like ille. I Hordaland og elles på Vestlandet greier han seg derimot framleis bra. Hogstmaskinene har ikkje like lett tilkomst i våre ulendte skoglier, og det bratte terrenget med mange steinsprang og ras gjer at tilgangen på daude og døyande tre mange stader er god. I slikt trevyrke finn kvitryggspetten store,vedborande insektlarvar, som er hovudføda. Denne typen larvar har særskilt gode føresetnader hjå oss, på grunn av det milde og fuktige vinterklimaet. Det skal såleis meir til å slå ut kvitryggspetten her enn på Austlandet.

Klimaskiftet som mange trur vi no står overfor, kan føra til store endringar i Hordalands fauna. Dei første og største endringane hittil er registrerte i havet. Artar med sørlegare utbreiing har funne vegen nordover, både som einskildindivid og som tendensar til meir varig kolonisering. Kva slags varige endringar vi kan venta oss, er avhengig av kor markant klimaskiftet vert. Det kan verta nye grunnar til å verta verande i fylket – og nye grunnar til å utvandra.

Hit - men ikkje lenger!

Auren finst i heile nedbørsfeltet til Etneelva. Utan menneskeleg assistanse ville han ikkje ha kome lenger enn til Stordalsvatnet og Litledalsvatnet.

 

Marin grense i Etne ligg på om lag 80 meter. For fiskeslag som innvandra hit like etter at isen trekte seg attende, skulle den naturlege utbreiinga vera frå havnivå opp til 80 moh., og vidare opp til næraste naturlege stengsel i vassdraget. I Stordalen ligg dette stengselet like ovanfor Frette i Stordalselva. Stengselet i Litledalen ligg like ovanfor Litledalsvatnet.

 

Stammene av aure og røye opp til og med Stordalsvatnet og Litledalsvatnet er såleis i utgangspunktet naturlege, medan fisken som i dag finst i dei store fjellområda innanfor, har opphav i utsetjingar.

 

Den naturlege utbreiinga av laks er mindre enn det tilsvarande livsrommet for aure og røye. Håfoss, som ligg i underkant av 50 moh., ville ikkje vore mogleg å forsera dersom det ikkje var bygd laksetrapp. Dette hjelpetiltaket har gjort den lakseførande elvestrekninga identisk med den naturlege utbreiinga til ferskvassauren, men somme hevdar at det er teke laks heilt opp til Øyno i Stordalselva.

  • Røye

Hordalandsfisk - berre frå havet

Anadromi heiter det når ein og same fiskearten gyter og veks opp i ferskvatn, men har størstedelen av tilveksten i sjøen. Laks og sjøaure er anadrome fiskar i vår fauna, medan ålen er katadrom og har den motsette strategien; han lever det meste av livet i ferskvatn, men gyter i saltvatn. Alle fiskane som har vandra inn naturleg til vestlandsvassdraga, har vore anten anadrome eller katadrome, ettersom dei har hatt ei vestleg innvandringsrute frå havet. Somme artar heldt fram med å vera anadrome, slik som laksen, eller katadrome, slik som ålen. Andre tilpassa seg eit permanent liv i ferskvatn, slik som auren og røya (biletet). Nokre få artar kan også leva anten i ferskvatn og saltvatn heile livet, slik som stingsilda. Ingen av dei norske fiskeslaga som har kome austfrå, har makta å ta seg over til Hordaland på eiga hand, ettersom dei ikkje har kunna kryssa vasskiljet på fjellet.

 

Hordaland vart på slutten av den siste istida kolonisert av sjørøye. Truleg forsvann sjørøyas anadrome legning tidleg: Røya danna raskt ferskvass-stasjonære bestandar etter kvart som landet steig og kontakten med saltvatn vart broten. Ho vandra oppover vassdraga inntil første stengsel – foss eller stryk – eller kanskje breen. Seinare, då det vart varmare, trekte sjørøya seg vekk frå vestlandskysten, slik at det ikkje lenger var «påfyll» av sjørøye til elvar og vatn som steig opp av havet. Men ferskvassrøya kunne vandra nedover vassdraga og såleis også spreia seg til dei siste fastlandsferskvatna som såg dagens lys. Trepigga stingsild har om lag same utbreiingsmønsteret i Hordalands ferskvatn som røya.

 

Auren har ei liknande spreiingshistorie. Også han kom frå sjøen, som sjøaure, men vart aure. Men til skilnad frå sjørøya forsvann ikkje sjøauren frå Vestlandet. Slik kunne vassdraga etterfyllast av sjøaure heilt fram til i dag, samtidig som auren også kunne vandra nedover vassdraga. I motsetning til sjørøye kan auren derfor også ha spreidd seg til øyar som først dukka opp frå havet seint i landhevingshistoria. Auren har likevel, som dei andre artane, ikkje naturleg utbreiing over marin grense eller næraste hindring ovanom denne grensa.

 

Det finst svært mange ferskvass-stasjonære bestandar av aure, men tek du aure frå eit vassdrag og set ut i sjøen, vil han kunna koma attende som sjøaure. Vilkåret er naturlegvis at det må vera fysisk mogleg for fisken å ta seg fram til vassdraget.

  • Piggsvinet – mest truleg ikkje så innbarka vestlending som mange trur

Desse nådde oss aldri - i all fall ikkje utan hjelp

Mange dyr som ville til Hordaland, har vore nøydde til å følgja Bøygen si oppmoding om å gå utanom. Topografi, klima, kalde elvar og djupe fjordar gjer storparten av fylket vårt vanskeleg tilgjengeleg. Fleire pattedyrartar har nok prøvd å gjera hordalending av seg, utan at dei makta det på eiga hand.

 

Grevling finst i rik monn i delar av Rogaland, og også på Nordmøre og i Trøndelag, men det er ingen bestandar i Hordaland og Sogn og Fjordane. Det kan vel henda at streifdyr frå Haugalandet har vore innom Sveio, men grevlingen som vart funnen på Kvamskogen i 1962, hadde nok ikkje gått dit på eigne føter. Kanskje vart han ihelkøyrd på Austlandet, teken med vestover og så kasta ut av bilen? I skjelettsamlinga ved Zoologisk Museum finst ein grevling fanga i Eidfjord i 1982. Det er også rapportert om ein grevling frå Røldal i 1781.

 

Ein fast bestand av buorm finst nærast oss i Sør-Rogaland. Det er kanskje førekomstar her og der i Nord-Rogaland også, som følgje av utsetjingar. Med unntak av eit mogleg funn i Sveio finst det ikkje buorm i Hordaland. Det er lite truleg at denne vasslevande slangen vil kunna nå oss i nær framtid.

 

Piggsvinet er i dag vanleg over store delar av fylket, men ikkje fordi det fann vegen på eiga hand. Denne arten treng ein lang og mild sommar for å kunna gjennomføra ein årssyklus. Dette går greitt mange stader i låglandet i Hordaland, men gjer det uråd for arten å forsera store fjellparti. Såleis er nok alle piggsvina som finst rundt om i fylket, etterkomarar av dyr som er sette ut av menneske. Eit år med ugunstig klima er nok til å slå ein lokal bestand heilt ut.

… og desse likte seg ikkje lenger!

Mange stadnamn på Vestlandet byrjar på bjor-, men ordet kan tyda fleire ting enn bever. Mest truleg har beveren aldri eksistert naturleg i Hordaland. Nokre få dyr vart sette ut i Veig i Eidfjord kring 1925, og fleire stader i Eidfjord etablerte det seg ei lita stamme frå desse dyra. På 1970-talet rekna ein med at denne stamma var utdøydd, men i 2003 vart det faktisk sett ein bever på vegen nær Fossli. Han vart fanga inn og sleppt fri i elva Bjoreio, så alt tyder på at ein liten rest har greidd seg heilt fram til no. På lang sikt er det likevel lite truleg at ein så liten og isolert bestand kan overleva.

 

Fjellreven var tidlegare talrik på Hardangervidda. I dag finst her ingen fast bestand. Totalfreding sidan 1930 hjelpte ikkje. Fjellreven er ein tapar i konkurranse med raudreven, som har spreidd seg i fjellet. Manglande tilgang på mat kan også vera ein viktig faktor for fjellrevens tilbakegang. Utprega smågnagarår er sjeldnare enn før, og med utryddinga av jerven forsvann åtsla som fjellreven nytta seg av.

 

Snøugla var ein vanleg hekkefugl på Hardangervidda i gode smågnagarår før. Siste sikre hekkefunnet her var i 1974.

  • Hordalands sist felte bjørn

Opp som ein bjørn - ned som ein skinnfell …

Bjørnen forsvann tidleg frå Hordaland. Den siste offisielle bjørnefellinga hjå oss skriv seg frå 1905. I dei siste 30 åra før det vart det felt berre fire bjørnar. På grunnlag av desse tala rekna ein med at det ikkje fanst noka forplantingsdyktig stamme i fylket etter slutten av 1800-talet.

 

På midten av 1970-talet fekk ein mistanke om at det atter fanst bjørn her. Det vart mykje oppstyr i media og utmarksorganisasjonar, og på få år kom det inn melding om meir eller mindre faste bjørnestammer i Voss, Ulvik, Granvin,Vaksdal og Kvam, forutan på Folgefonnhalvøya. Jamvel på Flaktveit og Gullfjellet i Bergen vart det meldt om bjørneobservasjonar. Funn av ekskrement, hår og andre sporteikn vart knytte til bjørn. Fleire stader skulle det vera sett binne med ungar, og omfanget av innmelde tap frå saueeigarar var dramatisk. Berre i 1976 vart det utbetalt erstatning for meir enn 400 sauer som bjørnen skulle ha teke.

 

Det var nok skepsis til mange av meldingane, men sjølv seriøse forskarar slo fast at det fanst bjørn fleire stader i fylket og at arten kanskje aldri hadde vore utrydda. Ein forskar samla 73 registreringar frå perioden 1976–1980, om lag halvparten var synsobservasjonar. Eit fleirtal av dei vart vurderte som godkjende, og 4 som dokumenterte. Han konkluderte med eit minimumstal for bestanden på 7–8 individ.

 

Dei siste 10–15 åra har bestanden av bjørn i Sør-Noreg vore i vekst, medan det har vore mest heilt stilt om førekomstar i vårt fylke. I etterpåklokskapens lys er det såleis nærliggjande å trekkja den slutninga at det i beste fall var tale om ein vandrebjørn frå Austlandet eller Sverige som vitja oss den gongen. Eller kanskje ingen bamse i det heile? I dagens faglitteratur er ikkje bjørneførekomstar i Hordaland i nyare tid nemde med eitt ord!

Etablering på øyar – ei utfordring

Øyar er som regel dei siste områda som blir koloniserte av pattedyr og krypdyr, og dyrelivet vi finn her, er ofte dels eit resultat av direkte eller indirekte hjelp frå menneske. Tabellen og kartet viser nokre døme på kommunar der raudrev (kartet) og nokre andre utvalde artar er etablerte i Hordaland, samanlikna med fastlandet innanfor (vist i tabellen med Fusa og Masfjorden som døme).

 

+: Har truleg etablert seg sjølv.

 

–: Ikkje registrert.

 

U: Utsett art, eller har nådd kommunen ved hjelp av menneske i ein nabokommune.

  • Såerla
  • Såerla i Hardangervidda

Kvifor er ikkje såerla hordalending?

Hardangervidda er eit område der mange fugleog planteslag har si vestgrense for utbreiinga. Vidda utgjer såleis ei viktig dyregeografisk skiljeline. Ingen art framviser likevel eit så markert skilje som såerla. Vestgrensa for utbreiinga er nærast identisk med fylkesgrensene i aust for Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Aust for denne grensa er såerla svært vanleg. Vestanfor viser ho seg knapt. Truleg er klimatilhøva avgjerande, men vi veit ikkje om det har med nedbør, temperatur eller andre faktorar å gjera.

Dersom ikkje naturen hadde fått «hjelp» av menneske, ville omgrepet «fjellaure» vore heilt ukjent i Hordaland.

Dersom ikkje naturen hadde fått «hjelp» av menneske, ville omgrepet «fjellaure» vore heilt ukjent i Hordaland. Alle aurestammene i fjella våre er nemleg resultat av utsetjingar, ofte langt attende i tid. Her vert det sett ut fisk ved Skjerjevass i 1950-åra. (Eivind Færøvik)

Stålorm

Stålormen finst hjå oss berre i delar av Sunnhordland. At arten i det heile finst nord om Hardangerfjorden, kan koma av at nokre individ har følgt med eit jordlass frå sørsida av fjorden. (Baard Næss/Samfoto)

Hoggorm

Hoggormen er den einaste slangen vi har i Hordaland. Som øglene stålorm og firfisle er han eit krypdyr som nok ikkje har hatt det berre enkelt med å finna fram til eigna leveplassar i fylket. Hoggormen er god til å symja, men breie fjordar er likevel vanskelege å kryssa. Dyra er vekselvarme og vil såleis tapa mykje kroppsvarme ved lengre opphald i fjordvatn. (Vegard Valde)

Utbreiinga av rådyr og elg i Hordaland like før siste hundreårsskifte

Utbreiinga av rådyr og elg i Hordaland like før siste hundreårsskifte. Begge artane er for tida i ekspansjon, og kartet kan sjå ganske annleis ut om få år. (Fylkesmannen i Hordaland/Sverre Mo)

Hjorten finst i alle kommunar i Hordaland, men dei store samanhengande fjellområda i indre strok har ikkje ei fast stamme.

Hjorten finst i alle kommunar i Hordaland, men dei store samanhengande fjellområda i indre strok har ikkje ei fast stamme. (Fylkesmannen i Hordaland/Sverre Mo)

Utbreiinga av villrein i Hordaland ved siste hundreårsskifte

Utbreiinga av villrein i Hordaland ved siste hundreårsskifte. Tamrein er sett ut fleire andre stader i fylket dei siste tiåra, og blir forvalta som villrein. (Fylkesmannen i Hordaland/Sverre Mo)

Offisiell fellingsstatistikk for dei fire store rovdyra i Hordaland 1845–2003

Offisiell fellingsstatistikk for dei fire store rovdyra i Hordaland 1845–2003. Sjølv om det nok knyter seg uvisse omkring talmaterialet frå 1800-talet – slike statistikkar treng ikkje seia så mykje om bestandsstorleiken – fortel diagramma om mengdetilhøvet før og no og når artane stort sett forsvann frå fylket. (Statistisk sentralbyrå/Sverre Mo)

Frosken, som er det mest utbreidde amfibiet i Hordaland, kan ein jamvel treffa på høgt til fjells

Frosken, som er det mest utbreidde amfibiet i Hordaland, kan ein jamvel treffa på høgt til fjells. (Anniken Friis)

Kvitryggspetten

Få stader i verda har kvitryggspetten betre kår i dag enn nettopp i Hordaland. (Ingvar Grastveit)

  • Elgmork, K. 1984. Bjørn i Hordaland. Fauna 37: 96–104. Håland, A.; Toft, G. O. 1983. Hvitryggspettens forekomst og habitatvalg på Vestlandet. Vår Fuglefauna 6:3–14.
  • Lura, H.; Kålås, S. 1994. Ferskvassfiskane si utbreiing i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Rapport, Zoologisk Museum,UiB.
  • Skogland, T. 1994. Villrein – fra urinnvåner til miljøbarometer. Teknologisk forlag.
  • Miljøstatus i Hordaland: http://www.miljostatus.no/hordaland
  • Miljøtilstanden i Hordaland. Rapport. 1999. Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland.