• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Skisse som viser prinsippet for danninga av eskerar

Skisse som viser prinsippet for danninga av eskerar. (Wojtek Nemec)

«GEITERYGGER»

Siste resten av innlandsisen i Hordaland smelta ned på Hardangervidda for om lag 10 000 år sidan. På slutten var isen tynn, og i det flate lendet på Vidda låg han nesten heilt i ro. Geologar kallar dette daudis. Sand og grus vart avsett på elvebotnen i tunnelar under breen. Det rann ei slik smeltevasselv frå sørenden av Halnefjorden over til Tinnhølen og Langavatnet, og vidare gjennom Sildabudalen og over til Veigdalen.

Då isbreen smelta, kom det fram lange buktande sand- og grusrygger der elva hadde runne. Det er rart i ettertid å tenkja på at smeltevatnet rann oppe på desse «geiteryggene», eller eskerane som geologane kallar dei. Ryggene er ikkje alltid samanhengande. Det kjem av at det ikkje vart avsett materiale langs heile elva. I grusryggene var det tidlegare ofte hi etter fjellreven. Somme stader viser hia att enno.

  • Vorren, T. 1977. Late Pleistocene ice movements, sediments and stratigraphy on Hardangervidda, South Norway. Doktoravhandl., Universitetet i Tromsø.