• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Skytjedalen in Eidfjord.

Skytjedalen i Eidfjord. Denne fjellveggen er en geologisk billedbok, en av de mest dramatiske som finnes. Rett som en linjal ligger skillet mellom to mektige bergartsmassiver i Vestlandets skapelseshistorie, granitter fra urtiden under, fyllitt fra oldtiden over. (Svein Nord)

Skytjedalsvatnet er utgrave av brear i istidene. Dalen der vatnet ligg, er ein typisk hengjedal, som munnar ut langs Simadalens stupbratte sørside. Isen har etterlate eit uvanleg fint snitt gjennom den gamle grunnfjellsflata. Dette kjem tydelegast fram i nordveggen av Skytjedalen. Grunnfjellet ligg under, med lys granitt som reiser seg frå ura nedst i dalen. I den øvre delen av bratthenget ligg fyllittlaget frå kambriumtida. Toppane i bakgrunnen (Store Træsnuten og Jøklanutane) er restar etter skyvedekka som sklei innover vidda under kollisjonen med Grønland i silurtida.

Flata mellom grunnfjell og fyllitt er nesten jamn. Men lèt vi blikket gli langs den vassrette kontakten, ser vi at han gjer eit hopp like vest for Skytjedalsfossen. Her har søraustsida sokke ned fleire titals meter langs ei skrå forkasting. I dette området er det fleire slike forkastingar, som bryt opp den elles så jamne grunnfjellsflata. Dei er danna etter at skyvedekka kom på plass – meir veit vi førebels ikkje om alderen deira.

  • Skytjedalen

Skytjedalen

  • «Skytjefoss i Simadalen», Johannes Flintoe

Skytjedalsfossen er ein av dei tre høgaste fossane i Noreg med ei total fallhøgd på 605 meter, og eit tilnærma loddrett fall på om lag 300 meter.