• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Tussafoten

Frå parkeringsplassen til Hardangervidda Natursenter i Øvre Eidfjord er denne underlege fjellformasjonen godt synleg mot himmelranda i nordaust. Tussafoten (960 moh.) er ein rest som står att av grunnfjellet. Mykje av det oppsprokne fjellet omkring er forvitra på grunn av frostsprenging og har rasa utfor kanten og ned i steinura i Gjuvedalen.