• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Gutar på elvefiske ved Steinsdalsfossen

Gutar på elvefiske ved Steinsdalsfossen, 1880–1890 åra. (Axel Lindahl)

NATURKATASTROFEN SOM VART TIL TURISTATTRAKSJON

Øvsthusfossen, eller Steinsdalsfossen, som han blir kalla i dag, trekkjer til seg turistar i hopetal, og har gjort det så lenge det har vore turistar i Noreg, frå tidleg på 1800-talet.

Ein foss ein kan gå tørrskodd under, er sjeldsynt, også for fossevante nordbuar. Fossen er av nyare dato. Tidlegare, fram til slutten av 1600-talet, rann vatnet vestanfor den noverande fossen, nærare Ullsnosberget. I 1699 «leid garden Øvsthus stor skade ved elvebrot» som det står i Ættarbok for Kvam. Det gamle elveløpet vart stengt, kanskje som eit resultat av store snømengder eller skred, og vatnet tok vegen utfor stupet.

Kvifor er det eit overheng nett her? Der fossen kastar seg utfor, er det ein hard og massiv grønstein (omdanna lava). Fjellet der stigen går, er derimot «rotafjell», med glimmerrik fyllitt. Den mjuke fyllitten har forvitra meir enn grønsteinen, slik at det har vorte eit overheng.