• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Vesoldo

Ei synform blir danna når berglag blir bøygde til ein trauliknande struktur. Vesoldo er botnen av ei kjempesynform. Fjellet sett frå nordaust. (Svein Nord)

KJEMPEFALDEN

Faldar finst overalt i restane etter den kaledonske fjellkjeda. Somme vart til under kollisjonen med Grønland, andre stammar frå tida då fjellkjeda seig saman. Berre få kan måla seg med kjempefalden som ligg att som restar i fjellområdet kring Tørvikenuten, Vesoldo og Hellefjellet.

Dette fjellområdet ragar høgt i landskapet mellom Norheimsund og Strandebarm. To toppar merkjer seg ut: Vesoldo (1046 moh.) og Tørvikenuten (1028 moh.). Særleg frå nord viser desse toppane korleis berglaga er forma som eit trau. Trauforma blir framheva av ryolittlaga (omdanna sure lavastraumar) og sandsteinslaga som ligg inneklemde i grønskifer og glimmerskifer.

Alle desse bergartane er frå kambrosilurtida, frå tida før sjølve fjellkjededanninga. Under kollisjonen med Grønland fekk dei gjennomgå. Dei vart omdanna og knadde då kollisjonen førte dei frå ein ukjend stad langt vest til Hardanger. I denne prosessen vart berget lagdelt og skifrig, som på Hellefjellet. Etter at kollisjonen var over, seig kambrosilurbergartane fleire kilometer tilbake mot vest. Det var då, tidleg i devontida, at kjempefalden vart danna, på 10–15 kilometers djup.

Når kambrosilurbergartane ligg høgt oppe, er det duka for gode vokstervilkår for ei rekkje fjellplanter. Vesoldo og Tørvikenuten er blant dei rikaste plantefjella på nordsida av Hardangerfjorden. På den næringsrike mineraljorda veks mange kravstore fjellplanter, som reinrose, rukkevier, bergstorr, sotstorr, fjellsmelle og flekkmure. Enkelte av artane, som fjellnøkleblom og setermjelt, har ei austleg utbreiing og er særleg sjeldsynte i denne delen av fylket.

  • Fjellnøkleblom

Fjellnøkleblom. (Jan Rabben)

  • Kvale, A. Petrologic and structural studies in the Bergsdalen quadrangle, western Norway. Bergen Museums Årbok 1946–47, Naturvit.rekke,1.
  • Ragnhildstveit, J.; Helliksen, D. 1997. Geologisk kart over Norge, berggrunnskart Bergen – M 1:250.000. Norges geologiske undersøkelse.