• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Vossevangen kring 1890

Vossevangen kring 1890 (Axel Lindahl).

Vangskyrkja er den største av mellomalderkyrkjene i Hordaland; ei av dei fire fjordungskyrkjene i fylket. Eit kongebrev frå 1271 syner at kyrkja var under bygging på denne tida. Vossevangen ved Vangsvatnet, der dei store og breie dalføra i Vossebygdene møtest, var den naturlege kyrkjestaden.

Vangskyrkja er ei gotisk steinkyrkje med eit stort tårn i vest. Også den øvre delen av tårnet må opphavleg ha vore mura i stein, men denne vart skift ut med eit tømmertårn kring 1600. Setningar i grunnen under kyrkja har gjennom hundreåra ført til at murane har vorte forsterka med store skråpillarar utvendig. Det er desse, saman med vesttårnet, som gjev vossekyrkja den særmerkte utsjånaden.

Kyrkja har vore restaurert to gonger; først i 1875 og så i 1946-53. Ved denne siste istandsetjinga vart interiøret ført attende til tida før 1875, prega av 1600-tals inventar. Altertavla er sett saman av midtfeltet i eit seingotisk alterskåp som rammar inn måleriet Lansestikket, måla i 1642 av Elias Fiigenschoug etter Rubens original i Antwerpen. Preikestolen frå 1640-åra er prydd med seinrenessansedekor kring bilete av apostlane, og det rikt dekorerte korskiljet er frå 1698. I mellomalderen stod det eit lektorium – eit skriftlesingsgalleri – framfor korbogen, med trapp opp inne i muren.

  • Vangskyrkja frå 1200-talet. Akvarell av Catharine Kølle

Vangskyrkja frå 1200-talet. Akvarell av Catharine Kølle, Utan år, men sannsynlegvis 1830–40-talet (akvarell: Catharine Kølle, eigar: Universitetsmuseet i Bergen (9,8x7,2, B 2439 a)).

  • Vossevangen

Vossevangen (foto: Knud Knudsen)