• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Prestegardsalleen under storflaumen 28. september 1917

Prestegardsalleen under storflaumen 28. september 1917. (Per Braaten)

150 ÅRS KAMP MOT FLAUM

Hadde naturen fått råda, er det rekna ut at ein såkalla hundreårsflaum ville auka vasstanden i Vangsvatnet til 7,4 meter over normal lågvasstand. Store delar av Vossavangen ville då stått under vatn. Under storflaumen i oktober 1918 fekk alle husa langs Vangsgata vatn i kjellarane, og prestegarden stod for det meste under vatn. I eit grisehus steig vatnet over øyro på grisane. Dei skreik i kor – koret vart høyrt, og dei slakteferdige grisane vart frakta til tørt land, flytande på flesket.

No er den verste flaumfaren avverja – det tronge utløpet ved Bulken er utvida. Alt i 1854 sende Søndre Bergenhus Amt den første søknaden til Kanalvesenet (NVEs forgjengar) om å få senka Vangsvatnet. Vel ti år seinare vart arbeidet påbyrja, men tiltaka viste seg å ikkje vera tilstrekkelege under store flaumar. I dei neste hundre åra vart det stadig lansert nye planar, som fekk tommelen ned. Ein var redd for at eit inngrep berre skulle skyva problema nedover i Vosso. I 1990 kom den endelege planen på bordet: Utløpsområdet ved Bulken skulle stabiliserast med ein 50 meter brei steinterskel, med ei utforming som skulle sikra at vasstanden heller ikkje vart for låg i tørrvêrsperiodar. Elveløpet nedanfor skulle utvidast og gjerast djupare ved å sprengja bort 20 000 m³ fjell. Dette skulle gje plass til alt vatnet under dei verkeleg store flaumane. Planen vart gjennomført i 1991–93. Tiltaket var omstridt, og er det framleis. Ein del av uroa er knytt til kva for konsekvensar endringane kan ha for laksestamma i Vosso.

Hausten 2014 var det igjen storflaum i Vosso. Klokka 2 natta mellom 28 og 29 oktober vart det målt rekordvassføring ved Bulken, 802 m3/s. I Raundalselva ved Kinne, før innløpet til Vangsvatnet, var vassføringa enda høgare, 847 m3/s. Dette er og den største vassføringa som er målt i Hordaland. Flaumen gjorde stor skade i dei fleste elvene i indre Hordaland og Sogn. Utan utvidinga av utløpet av Vangsvatnet hadde skadane i Voss vorte mykje større. Ein noko spesiell skade fekk ein på Nortura sitt anlegg i Evanger, der over 5 tonn pinnekjøt måtte kasserast.

  • Andersen, B. 1996. Flomsikring i 200 år. NVE.– S.142–143.
  • NVE, 2015. Flommer på Vestlandet oktober 2014. NVE Rapport 11-2015
  • Roald, Lars A., 2013. Flom i Norge. Bok frå Forlaget Tom&Tom
  • Ullestad, E. 1998. Flaum. Gamalt frå Voss