• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Pumpehuset til Vossevangen vassverk

Pumpehuset til Vossevangen vassverk. (Svein Nord)

VOSSAVATN FRÅ GRUNNEN

Så godt som alle innbyggjarane på Vossavangen får vatn i kranane frå dei store sand- og grusavsetjingane på Prestegardsmoen rett sør for Voss sentrum. Grunnvassdekkinga i kommunen er på mest 90 %, meir enn nokon annan stad i fylket.

Kjeldene til grunnvatnet er i hovudsak elvevatn frå Vosso, som blir filtrert inn i lausmassane frå elva langs austsida av den skogkledde Prestegardsmoen. Litt av grunnvatnet har dessutan opphav i regn og snø som fell direkte på moen. Etter at Vangsvatnet vart senka for godt i 1991, blir det neppe infiltrert grunnvatn frå Vangsvatnet. Vasspartiklane brukar om lag 60 døgn på ferda frå Vosso til pumpebrunnane, som på det næraste ligg 100 meter frå elvebreidda. Det er fire pumpebrunnar i drift. Dei første er frå 1972, men vart erstatta med nye frå slutten av 80-talet. Vatnet blir trekt inn i brunnrøyra 20–24 meter under overflata.

Vasskvaliteten på grunnvatnet frå Prestegardsmoen er svært god. Vatnet er mest utan bakteriar og har passande mineralinnhald og temperatur. Dei noko låge pH- og oksygenverdiane blir justerte ved å filtrera vatnet gjennom eit marmorfilter og ved å lufta vatnet. Uttaket av vatn har gått ned dei siste åra, i hovudsak fordi leidningsnettet er modernisert og tetta. I 1997 var uttaket om lag 90 liter kvart sekund i snitt for døgnet, i 2014 minka det til om lag 50 liter i sekundet, litt varierande gjennom året.

For å verna Prestegardsmoen som ei sikker vasskjelde også i framtida, har kommunen delt området inn i sikringssoner med strenge restriksjonar på alle aktivitetar som kan føra til forureining av grunnvatnet.

  • Snitt som viser lausmassar og grunnvatn under Prestegardsmoen

Snitt som viser lausmassar og grunnvatn under Prestegardsmoen. (Voss kommune/Eva Bjørseth)

  • Samtale med Jan Hårklau, Teknisk etat, Voss kommune 20.8.99. Rapport frå Hallingdal Bergboring.