• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Frå Skjervheim mot Myrkdalsvatnet

Frå Skjervheim mot Myrkdalsvatnet. Deltaet som har bygd seg ut i vatnet, har lagt att grøderike massar som no er lettdrive jordbruksland. (Svein Nord)

VÅTMARKA SOM VART BORTE, MEN SOM KOM ATT

Ved Myrkdalsdeltaet var det eit uvanleg variert fugleliv, heilt fram til 1987. Myrkdalsdeltaet skulle ha vore verna mot inngrep, og planane låg føre. Trass i at området var lite og låg så pass høgt som 227 moh., hadde det eit mangfald av fugleartar samanlikna med andre ferskvassvåtmarker i Indre Hordaland. Fleire av fugleartane var dessutan uvanlege elles i regionen. Deltaet hadde til dømes ein fast hekkebestand av brunnakke, truleg den einaste i sitt slag i kommunen.

Landbruket kom verneinteressene i forkjøpet, og fuglane tapte kampen om våtmarka, slik det ofte har skjedd på Vestlandet. I 1987 vart vatnet senka med 1,4 meter. Flaumane vart reduserte, slik målet var. Men langt frå alle av dei 500 dekar som skulle vinnast inn som nytt jordbruksareal, viste seg å vera eigna til dyrking. Dei 1,8 millionar kronene som hadde vore nytta til prosjektet, mesteparten statlege midlar, gav ikkje den venta utteljinga.

Ti år etter vassenkinga kom det nye statlege midlar på bordet, denne gongen til å reparera noko av skadane etter det første tilskotet. Nye kanalar vart gravne ut, og nye øyar vart bygde opp for å gjenskapa litt av deltalandskapet. Heilt som før kunne det ikkje bli, men godt nok til at fleire bortkomne fugleslag tok til å venda attende til Myrkdalsdeltaet.

  • Bergo, G. 2001. Myrkdalsdeltaet. Konsekvenser av senking av Myrkdalsvatnet og biotopjusteringar i deltaområdet. NVE.
  • Odland, A. 1992. Endringer i flora og vegetasjon på Bygddeltaet etter senkningen av Myrkdalsvatnet i Vossovassdraget – utviklingen fra 1987 til 1991. NINA Oppdragsmelding 113.