• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Evanger sentrum før brannen i 1923

Evanger sentrum før brannen i 1923 (eigar: Universitetsmuseet i Bergen).

TETTSTADEN EVANGER

Evanger (av gamalnorsk áivangr, «vang», «voll» der ein kan lata hestane få gå på beite) er staden der elva frå Vangsvatnet, Vossavassdraget, munnar ut i Evangervatnet. Her tek Teigdalen opp mot nord; mot Eksingedalen, og her er det kort overgang til Bergsdalen mot sør.

Kyrkjesokna Evanger femnde om heile Vassveri; bygda langs hovuddalen frå Tysso til Geitle, og Bergsdalen, Rasdalen, Øvstedalen, Teigdalen og øvre Eksingedalen – i hovudsak tilsvarande tidlegare Evanger kommune.

Då jernbanesambandet kom i 1883, voks det på Evanger fram eit handverkssentrum med skomakarar og skreddarar som laga sko og klede for ein større marknad enn heimbygda. Evangerskoen, ein beksaumsko, vart seld også i England, og skreddaren her laga uniformer for stasjonspersonalet på jernbanestasjonen i Bergen. Evanger og Teigdalen har også lang tradisjon i produksjon av spekepølse.

I 1923 brann Evanger sentrum ned til grunnen, berre kyrkja stod att. Men i 1924 og 1925 vart Evanger atterreist. Den harmoniske trearkitekturen vi møter her, syner ein vestnorsk tettstad frå 1920-åra.

I dag passerer den nye traséen for E16 framom Evanger; på ny går hovudferdsla langs det gamle sambandet mellom vossebygdene og byen. Mange gamle mattradisjonar har halde seg i desse bygdene, og røyking av kjøt har halde mange gamle årestover og eldhus i hevd. Eldhusrøykt fårepølse frå Evanger er blitt ei merkevare.

  • «Ridande Vossabrudlaup» skore av Gulleik Brekkhus

«Ridande Vossabrudlaup» skore av Gulleik Brekkhus (eigar: Voss Folkemuseum).